Hopp til innhold

Milliondryss til skipstunnel

Nærings- og fiskeridepartementet føreslår å setje av 137 millionar kroner til Stad skipstunnel i framlegget til statsbudsjett for neste år.

Midlane skal i hovudsak gå til førebuande arbeid og gjennomføring av anbodskonkurransen.

Prosjektet skal etter planen på anbod no i haust. Regjeringa kjem attende til Stortinget med framlegg til vidare framdrift i prosjektet når resultatet av anbodskonkurransen er kjend.

Biletillustrasjon av korleis innløpet til Stad skipstunnel blir i Kjøde.
Illustrasjon: Kystverket