Hopp til innhold

Her kjem mange for å finna gull – i staden kan dei enda opp med bot

På slutten av 1800-talet strøymde folk til området for å bli rike. Også i dag håpar folk å finna skattar i eit gammalt gullgruveområde, som no har fått Unesco-status.

Her er restene av ei gammel gullgruve på Bømlo

Her er inngang til ein av dei gamle gruvegangane på Lykling. Framleis kjem det folk som leiter etter gull

Foto: Olav Røli / NRK

I havgapet i Bømlo kommune finn ein restane etter den største fangsten av gull frå ei rein gullgruve i Noreg i det heile.

I perioden 1882 til 1910 vart det teke ut 200 kilo gull frå gruvene på Lykling.

– Denne mengda ville ha vore verdt om lag 138 millionar norske kroner med dagens gullprisar, seier råvareanalytikar i SEB, Bjarne Schieldrop.

Samstundes minner han om at gull er særs ressurskrevjande å vinna ut.

– Kanskje med unnatak av Sør-Afrika, så er det små førekomstar og vanskeleg å få tak i gull. Det kan jo også vera difor dei la ned denne gruva i si tid, seier han.

Gullskatt bømlo

Denne gullklumpen stammar frå det gamle gruveområdet. Den er verdt mange pengar.

Foto: Steinriket Bømlo

Skuleelev fann gull

Trass i at gruvedrifta for lengst er nedlagt på Bømlo, er det fleire som er freista av kjapp inntening.

– Gruvene er kjent for sine store gullklumpar, seier Brynjar Stautland.

Han har skrive bok om gullgruvene og er hyppig ute i området, der restane etter gullgruvene framleis er godt synlege.

– Kvar gong me får omtale så kjem det folk og vil prøva å finna gull. Men området er verna og det er forbode å ta med seg stein herifrå, seier han.

Det er i dei store steinhaugane i området at det framleis kan liggja stein med gull i.

Ifølgje Stautland skal ein skuleelev ha hatt flaks på ein skuletur, og funne ein stein med gull verdt eit par tusen kroner.

Brynjar Stautland

For eit par år sidan tok Brynjar Stautland kontakt med politiet etter at nokon hadde vore i gullgruveområdet i mange dagar.

Foto: Olav Røli / NRK

Turistar kom for å finna gull

– Me gjorde ein avtale med skulen og dei fekk behalda steinen. Det er verdt å understreka at dette hender svært sjeldan, seier Stautland.

Han har også kontakta politiet etter at ei gruppe med utanlandske turistar var i området i dagevis.

Formålet var å finna gull.

– Eg kontakta politiet, men meldte det ikkje, seier han.

Forbode skilt Bømlo

Å ta med seg stein frå dette området er strengt forbode. Likevel hender det at folk kjem for å prøva lukka.

Foto: Olav Røli / NRK

Får Unesco-status

Og no kan det komma endå fleire til området.

Gullgruvene på Bømlo er nemleg ein av 62 lokalitetar i Geopark Sunnhordland som denne veka fekk Unesco geopark-status.

Mellom dei 62 lokalitetane finn ein både gullgruver, men også landemerke som Bondhusdalen i Kvinnherad og Langfoss i Åkrafjorden i Etne kommune.

Langfoss

Langfoss i Åkrafjorden i Etne er ein del av den nye geoparken i Vestland.

Foto: Olav Røli / NRK

Dermed har Noreg fått sin fjerde Unesco Geopark. Dei tre andre er Gea Norvegica (Vestfold og Telemark), Magma (Rogaland og Agder) og Trollfjell (Sør-Helgeland).

– Me håpar jo sjølvsagt at dette vil få fleire til å få auga opp for området, seier Stautland, som er dagleg leiar i Geopark Sunnhordland.

Geolog Tom Heldal i NGU meiner heile området er interessant.

Både korleis naturen og fjordane er forma. Men også spora etter menneskeleg aktivitet gjennom over 10.000 år.

Klebersteingruver Bømlo

Frå dette steinbrotet vart henta ut stein til mange mellomalderkyrkjer i Vestland.

Foto: Olav Røli / NRK

På ein holme i havet utanfor Bømlo kan ein finna grønstein. Ein viktig ressurs i steinalderen.

I eit klebersteinsbrot ved gullgruvene vart det henta ut kleberstein til Moster kyrkje, men også til Mariakirken, Domkirken, Korskirken og Nonneseter kloster i Bergen.

– I området kan ein sjå spor av menneskeleg aktivitet gjennom 11.000 år, seier Heldal.

Hespriholmen

Her på Hespriholmen finn ein gamle steinbrot frå steinalderen.

Foto: Geopark Sunnhordland

Satsar på turisme

For grunneigarar i området vert det nye statusen teke godt i mot.

Sindre Larsen driv gard rett ved gullgruvene, og har nyleg investert stort opp mot turisme.

– Dette vil vera ein døropnar for oss, trur han.

Larsen opna sine to hytter for «glamping» i fjor sommar, og interessa har vore bra.

Framleis er hovuddelen av besøkande frå Vestland.

– Men me håpar no at me kan tiltrekkja oss turistar frå andre delar av Noreg, og utlandet, seier han.

Sindre Larsen, glamping

Sindre Larsen satsar på turisme, og håpar Unesco-status kan vera døropnar.

Foto: Olav Røli / NRK

Og for dei som lurer på om gull er ein god investering?

– Om det vert ein resesjon i økonomien, kan det kanskje vera fint å eiga gull. Men om ein skal kjøpa store mengder, så kan ein ikkje ha det i klesskapet. Då må ein leiga eit lokale med vakthald, som igjen kostar pengar. Då er det eit spørsmål om kva som gjev mest avkasting av det og t.d amerikanske statsobligasjonar, seier Schieldrop.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.