Finansbyråden er skuffa over statsbudsjettet
Finansbyråd Jacob Mæhle (H) i Bergen er skuffa over statsbudsjettet, sjølv om det også blei slik han forventa.
– Regjeringa må ha høyrt at kommunane har ropt om hjelp i over eit halvt år no. Me har bedt om auke i frie midlar, me har bedt om at dei kompenserer for renter og hjelper til oss i tida me er inne i no, seier Mæhle.
Han meiner regjeringa ikkje har lytta til dette.
– Det betyr at Bergen står aleine, og at me har ein situasjon der det er rik stat og fattig kommune i Noreg, seier Mæhle.
Det er sett av 6,8 milliardar meir til kommunane, men dette meiner Mæhle at ikkje er nok.
– I realiteten er det berre pengar til å dekke for pris- og lønnsvekst i kommunane og ta unna for den demografiske utviklinga, sånn som staten skal gjere, og har lova heile vegen at dei skal gjere.
Mæhle meiner at utover det, er Bergen avfeia med småpengar, som gjer at dei må forhalde seg til den økonomiske situasjonen deira, utan hjelp frå staten si side.
– Det er fortvilande når me veit at vi står overfor et meirforbruk på 600 millionar i Bergen, og drastisk auke i rente og avdrag.