Hopp til innhold

Staten vil redde fire nye naturtypar

Den nye naturavtalen frå Montreal aukar presset på å beskytte fleire «kritisk eller sterkt trua» naturtypar.

BFH_formørkninga_tareskogen_sukkertare

TARESKOG: Eit breitt samansett fagmiljø foreslår å supplere redningslista til staten med fire nye naturtypar. Mellom anna sukkertareskog.

Foto: Erling Svensen

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eit breitt samansett fagmiljø føreslår å supplere redningslista til staten med fire nye naturtypar:

  • Sukkertareskog
  • Delta
  • Edellauvskog
  • Jordvannsmyr

Ekspertgruppa ber regjeringa om å prioritere ein felles innsats for å betre raudliste-statusen til desse naturtypane innan 2035.

I dag blir 12 naturtypar følgt opp gjennom Oppfølgingsplanen for trua natur.

Om Miljødirektoratet og resten av fagmiljøet får det som dei vil, blir talet 16.

Dei fire «nye» naturtypane er særleg representerte på Vestlandet (sjå eksternt kart).

Elvedelta

Elvedelta

Edelløvskog

Edelløvskog

– Dette bildet fra august viser dam ved Storflaket myr, et område der permafrost studeres av forskere som ser på virkningen av klimaendringer nær landsbyen Abisko, i Norrbottens län, Sverige.

Jordvannsmyr

BFH_formørkninga_tareskogen_sukkertare

Sukkertareskog

Noreg har eit særansvar for desse naturtypane

Direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, grunngir utvidinga med naturavtalen frå Montreal og at nemnde naturtypar er «kritisk eller sterkt trua».

Noreg har eit særansvar for fleire av desse naturtypane, seier ho.

Ho legg til at planen samsvarer med det fjerde målet i naturavtalen om å setje i verk tiltak for å bremse risikoen for utrydding av trua natur.

– Dette er naturtypar som bidreg til naturbaserte løysingar gjennom å lagre karbon, halde tilbake vatn og verne mot flaum.

Ellen Hambro, miljødirektoratet

Direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, grunngir utvidinga med naturavtalen frå Montreal og at nemnde naturtypar er «kritisk eller sterkt trua».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

NRK har tidlegare skrive at den globale avtalen om å verne 30 prosent av naturen skaper ny debatt om fleire store veg- og hytteprosjekt.

Den same avtalen er også bakgrunnen for at regjeringa tidlegare i februar annonserte at dei startar arbeidet med ein ny nasjonal naturplan.

Les også Staten vil forby å ta ut torv frå myr

Myr, Ørskogfjellet

Regjeringa har på høyring eit forslag om å gi korallrev og høgmyr status som «utvalde naturtypar», som inneber betre vern.

No blir det viktig at regjeringa ikkje somlar

Dette er det berre å rope hurra for, seier Ola Elvestuen (V), stortingsrepresentant for Venstre.

Han legg til:

No er det viktig at regjeringa ikkje somlar, men følgjer opp forslaga, og raskt gjer vedtak som gir desse naturtypane status som utvalde naturtypar. Regjeringa må samtidig sørgje for at det blir utarbeidd handlingsplanar for å ta vare på områda.

Les også Full strid om utanlandske treslag i Noreg

Hogst av sitkagran på Silda

Stortingsrepresentant for SV, Birgit Oline Kjerstad, seier ho har tillit til at Miljødirektoratet gjer gode framlegg ut frå faglege prioriteringar.

Men det største problemet er ikkje definisjonane. Det største problemet er at det vert teke for lite omsyn til natur i utbyggingssaker og planprosessar.

Ho viser til at kystlynghei er trua av store nitrogenmengder (gjødsel) og at korallrev er trua av botntråling og havforsuring.

Les også Noreg skal verne meir av Noreg

Ringstind i Hurrungane

– Det er fint med utvidingar med viktige naturtypar. Men det er mange fleire naturtypar som treng vern. Norsk natur er på veg til å bli eit lappeteppe av små område med spesielle kvalitetar, i eit hav av vanleg natur som blir bygd ned i stort tempo, seier MDG-nestleiar Ingrid Liland.

Birgit Oline Kjerstad på haramsfjellet.

– Vi må fylgje nøyare med på korleis naturtypane vert påverka av næringsaktivitet og bruk, seier stortingsrepresentant for SV, Birgit Oline Kjerstad.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vi treng eit paradigmeskifte

Generalsekretær i WWF, Karoline Andaur, etterlyser sterkare vern av ålegraseng og bekkekløft.

Vi er i ei akutt naturkrise der vi mistar natur i eit rasande tempo. Då er det viktig med strengare vern slik at vi ikkje risikerer å utrydde unik natur.

Tilsvarande signal kjem frå andre miljøorganisasjonar (sjå under).

Vi treng eit paradigmeskifte. Forvaltningstiltak kan ha stor verdi, men det som først og fremst trengst er at vi sluttar å byggje ned natur, seier Frode Pleym i Greenpeace Noreg.

Ingrid Liland, nestleder for MDG, står foran flere vaiende, lysegrønne MDG-flagg. Hun har på seg rød langermet kjole, løst, krøllete hår, og smiler til kameraet.

– Det er mange fleire naturtypar som treng vern. Norsk natur er på veg til å bli eit lappeteppe av små område med spesielle kvalitetar, seier MDG-nestleiar Ingrid Liland.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB