Hopp til innhold

Full strid om utanlandske treslag i Noreg

Miljørørsla er sjokkert over at staten framleis vil tillate planting av «pøbelgran» og andre utanlandske treslag i Noreg.

Hogst av sitkagran på Silda

I HARNISK: I eit høyringssvar til direktoratet skriv Naturvernforbundet, Sabima, Botanisk foreining og WWF Verdens naturfond at dei er «skaka over at Miljødirektoratet vurderer frislipp i bruk av framande treslag».

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette er ille. Det er ein direkte invitasjon til skogeigarar til å plante meir framande treslag, og ei direkte ansvarsfråskriving frå regjeringa og Miljødirektoratet.

Det seier Rasmus Hansson, stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson i MDG.

Bakgrunnen for utfallet er at Miljødirektoratet føreslår endringar i forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål.

I forslaget vert det opna for at skogeigarar framleis kan få løyve til å plante sitkagran, lutzgran og andre utanlandske treslag.

Er det noko å fyre seg opp over? Her er det naudsynt å ta eitt skritt attende, til 1965.

Det var året då fiskarbonden John Silden vart introdusert for den nordamerikanske gransorten sitka.

Desse arkivbileta syner korleis plantinga av sitkagran gjekk føre seg ein stad i Sunnhordland.

Kjært folkeeige langs heile kysten

Få artar toler saltvatn og blest så godt som sitka, så ein «levegg» med den hurtigveksande tresorten var svaret han og mange lengta etter.

Ikkje berre ville forblåste øyer bli sjølvforsynte med tømmer. I ly av sitkagrana vart det også fart på jordbruket. For det er ikkje lett å dyrke gras når vestavinden kjem med saltvatn i kasta.

Under skogreisingsperioden på femti-, seksti- og syttitalet vart difor sitkagrana eit kjært folkeeige langs heile kysten, eit symbol på framskritt og modernitet blant bønder og småbrukarar.

Men ikkje noko tre veks inn i himmelen, og med tida vart dei økologiske effektane av det framande treslaget synlege. Deler av kysten «grodde att» og lokal vegetasjon vart fortrengt.

Snart måtte den same staten som hadde sponsa sitkagrana med millionar, bruke like mange millionar på å hogge «pøbelgrana» ned.

Dette er bakgrunnen for at noko så tørt som ei forskriftsendring om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål har blitt gjenstand for eit hissig ordskifte med miljørørsla på den eine sida; og skogbruksnæringa på den andre sida.

Bakom syng skogane og spørsmål som rører ved naturvern, klima, identitet, landskap og næringsliv.

Slik såg det ut før og etter sitka-hogsten på øya Silda heilt ute i havgapet i Nordfjord.

Skaka over Miljødirektoratet

I eit høyringssvar til direktoratet skriv Naturvernforbundet, Sabima, Botanisk foreining og WWF Verdens naturfond at dei er «skaka over at Miljødirektoratet vurderer frislipp i bruk av framande treslag».

Dugnads-Noreg jobbar systematisk med å fjerne «pøbelgran». Då er det uforståeleg at dette er oppe til diskusjon att, seier generalsekretær i WWF, Karoline Andaur.

Ho seier vidare at kunnskapsgrunnlaget til Miljødirektoratet er «tendensiøst», og med «ei rekkje uklare føresetnader». Ho viser blant anna til formuleringa om at framande treslag «gir eit større karbonlager i skog på lang sikt».

Det er heilt uforståeleg at norske miljøstyresmakter kan ivre for å tillate utsetting av framande arter med kjent og dokumentert høg økologisk risiko. Det bryt med våre internasjonale forpliktingar om å arbeide for å stanse tapet av biologisk mangfald, seier Anne Sverdrup-Thygeson, som er professor i bevaringsbiologi ved NMBU.

Kristine Jacobsen snakkar på vegner av Norskog, som er medlemsorganisasjonen for skogeigarar i heile landet.

Vi har ingen intensjonar om å sage av greina vi sit på, og bruken av utanlandske treslag vil vere strengt regulert. At myndigheitene opnar for å plante utanlandske treslag som får stå til over fertil alder, der desse gir vesentleg betre vekst og avkastning, er positivt, seier ho (les heile svaret i faktaboksen).

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond

SKAKA: – Det er uforståeleg at dette er oppe til diskusjon att, seier generalsekretær i WWF, Karoline Andaur.

Foto: WWF

Forskrifta er eit skogland verdig

Miljødirektoratet hevdar at eit forbod vil ha «betydeleg negativ klimaeffekt» fordi sitkagrana bind CO₂ betre enn kva norsk gran gjer.

Dei skriv vidare at dei vil ha ein ansvarssone på 100 meter frå plantefeltet, der skogeigar må overvake og eventuelt fjerne spreiing. Dei trur oppryddingskostnadene vil auke frå 2 til 6 millionar kroner i året gjennom den nye forskrifta.

«Det er ein overkommeleg ekstrakostnad», meiner avisa Nationen.

På leiarplass skriv dei at «forskrifta er eit skogland verdig» og at den «sikrar dei positive effektane frå framande treslag, samstundes som det plasserer ansvaret for uønskte spreiing hos skogeigar».

Veldig mange meiner mykje om skog, utan å ha grunnleggande kunnskap om den, seier Ruben Bøtun i Vestland skognæringsforum.

Sjølv er han «utelukkande positiv til denne mogelege forskriftsendringa».

Å opne opp for noko planting av utanlandske treslag, i kontrollerte former, vil ikkje føre til at naturens vilkår ikkje blir sikra, seier han.

Miljødirektoratet skal ta alle høyringssvar med seg inn i «ein samla vurdering av forskrifta», og sende denne til Klima- og miljødepartementet innan 6. april.

Vi siktar på at vi skal greie å halde fristen, seier direktoratet til NRK.

Helge Kårstad på Kårstad i Bygstad

ALLE GODE TING ER TRE: – Til å produsere tømmer er sitkagrana det beste treslaget vi har, seier Helge Kårstad, som driv med skogbruk i Sunnfjord.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ikkje flørt med utanlandske treslag

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) står for rapporten «Økologisk og skogbruksmessig betydning av utanlandske treslag i Noreg», som er ein del av forarbeida til forskrifta.

Bjørn Håvard Evjen er divisjonsdirektør for Skog og Utmark i Nibio:

Datagrunnlaget viser at desse treslaga kan gi store produksjonsmessige fordeler i nokre regionar. Samstundes er det viktig å redusere uønskte effektar så godt som mogeleg. Dette er ein balansegang, og det viktige er å bruke rette treslag i dei rette områda, seier han.

Mikkel Soya Bølstad er forfattar av boka «I skogens dype, stille ro».

Deler av skognæringa er i ferd med å forstå at det å byte artar kan vere problematisk, seier han, og viser til Sverige som «går mot eit forbod mot å plante gran i furudominerte tørre og skrinne område».

Han legg til:

Dersom vi vil møte klima- og naturkrisa på best mogeleg måte, bør vi tilpasse skogbruket til dei naturleg heimehøyrande trea i ulike deler av landet i staden for å flørte med utanlandske treslag som vi veit at kan gi utfordringar.

Anders Helle feller Siktagran på Silda

SKAKA: Anders Helle i Botanisk foreining er «skaka over at Miljødirektoratet vurderer frislipp i bruk av framande treslag».

Foto: Aleksander Åsnes / NRK