Kystlandskapet gror att: – Naudsynt med «branngater» rundt husa

Landskap som gror att langs kysten aukar faren for storbrann. Torsdag vart fleire hundre evakuerte på Sotra.

Bilde fra skogbarnnhelikopteret over brannen i Øygarden

VEGETASJON: Det store området som vart råka av brannen tok raskt fyr - og elden spreidde seg fort i den knusktørre lynga.

Foto: Skogbrannhelikopteret

I steinalderen voks lyngheiene fram som ein del av kulturlandskapet i Noreg. Bønder rydda skogen i kystbeltet med øks og eld, og fekk grøne heier til beitedyra i retur.

Kvart 20 år vart plantene svidd ned. Elles ville dei etterlate eit gjengrodd landskap fullt av daud, tørr kvist.

– Det er der vi er no, seier Mons Kvamme, nasjonal rådgivar for handlingsplanen for kystlynghei.

Han omtalar norske lyngheier som «tikkande brannbomber» fordi praksisen med å brenne dei kontrollert ned har forsvunne dei siste 60–70 åra.

– Har venta på noko slikt

– Eg har berre gått og venta på at noko slikt som dette skal skje, seier Kvamme.

Torsdag vart fleire enn 500 personar evakuert frå sine heimar på Sotra. To familiar mista husa sine til flammane.

Ved ein lyngbrann på Flatanger i Trøndelag i 2014 brann 65 bygningar ned. Den største brannkatastrofen i Noreg i moderne tid.

I evalueringsrapporten skreiv Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) at det var naudsynt med «auka medvite» om fare for lyng- og krattbrannar.

– Over tid har det vore ein endring i kultiveringa av kulturlandskapet. Når det er mykje tørr brennbar vegetasjon på bakken, så er potensialet for større brann til stades, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB til NRK.

Brann på Frøya
Foto: Henrik Sundgård / NTB scanpix

– Ukontrollert naturbrann er eit aukande problem

– Ukontrollert naturbrann i randsonen av busetnadar er eit aukande problem, seier Anna Marie Gjedrem ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho forskar på tiltak for å unngå storbrann.

Siri Vatsø Haugum er fagansvarleg ved Lyngheisenteret, og utdanna økolog med doktorgrad i tørkeskadar på vegetasjon i kystlynghei.

Ho seier til NRK at det er «naudsynt med meir lyngsviing».

– Det vil gjenopprette økosystema og redusere brannrisikoen. Med endra nedbørsmønster og stort etterslep av skjøtsel, har det over lang tid vore svidd for lite lyng,

I Australia, Canada, USA og ved Middelhavet har «akkumulert biomasse» ført til fleire brannar dei siste åra. De to verste brannane i 2018, i Hellas og i California, medførte tap av høvesvis 103 og 85 menneskeliv.

Når lyngplantene blir eldre, får dei skadar i barken og tørkar raskare enn dei unge plantene.

– Gjengrodd lynghei brenn litt som bensin, seier brannøkolog Henrik Espeland til VG.

Brannruiner Hasvåg, Flatanger

FLATANGER: Ved ein lyngbrann på Flatanger i Trøndelag i 2014 brann 65 bygningar ned. Den største brannkatastrofen i Noreg i moderne tid.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Viktig at lyngbrenning utførast i vinterhalvåret

Brannane i Lærdal, Flatanger og Frøya vinteren 2014 var utgangspunktet for eit pågåande forskingsprosjekt («Dynamic») ved Høgskulen på Vestlandet.

– Brannane hadde fleire fellestrekk med langvarig opphaldsvêr og tørke, seier leiar for prosjektet, professor Torgrim Log ved HVL.

Før brannen på Sotra følgde han med uro med på varselet om luftfukt. Det var meldt berre 30 prosent luftfukt og sterk sol.

På Haugalandet blir det no testa ut kontrollert nedbrenning av lyng.

– Ein brann blir sløkt enklast før den oppstår, forklarar Dag Botnen som er brannsjef i Haugaland Brann og redning IKS.

Øyvind Vatshelle er seniorrådgjevar i landbruksavdelinga i Vestland fylke.

– For å unngå skader på røter og frøbank er det viktig at lyngbrenning blir utført i vinterhalvåret. Det vil dessutan redusere faren for «villbrannar» om sommaren, seier han.

Bildet viser en mulig måte å presentere resultatene fra DYNAMIC på. Å lage en risikoindikator for brann i enkeltbygg ut fra beregningene for tørrhet i bygninger for selve dagen og de påfølgende dagene, ved hjelp av værmelding. Deretter kan man varsle faren for bybrann ut fra hvor mye vind som er meldt. Brannvesenet velger hvilket format de ønsker resultatene presentert på, men dette er ett av de mulige formatene. Figur: DYNAMIC

DYNAMIC: Prosjektet vart etablert etter å ha sett på ulike katastrofebrannar i Noreg og i utlandet. Det dreier seg om store katastrofebrannar, som har dratt med seg store busetnadar i dragsuget og også tap av liv.

Foto: Dynamic

Branngater rundt husa

Eit anna alternativ er det som på engelsk kallast «defensible space», på norsk «branngater».

Dette er opne område midt i terrenget eller rundt busetnadar, som skal stogge brannar frå å spreie seg.

– Om eg budde i eit område som Sotra, hadde eg sørga for halde meg med ein solid og ryddig plen rundt bustaden, seier Mons Kvamme.

Han etterlyser meir bevisste huseigarar og ein meir aktiv ryddepolitikk frå kommunane si side.

– Kommunane må ha nøye regulerte planar for bustadbygging og ein strategi for å halde det ryddig rundt husa.