Hopp til innhold

Staten vil ha meir energisparing i heimane

Den anstrengde kraftsituasjonen gjer at regjeringa ønskjer å stimulere huseigarar til å velje fleire straumsparande tiltak.

Gårdsbygning med solcellepanel på taket

MEIR SOLCELLEPANEL: I den nye energimeldinga «Meir av alt – raskare» seier Energikommisjonen at Noreg må førebu seg på å spare 20 TWh innan 2030 – ved hjelp av energieffektivisering.

Foto: Geir Olsen / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Enova har fått i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å «styrke innsatsen for auka energieffektivisering».

Enova må i større grad prioritere aktivitet som bidreg til dette, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Enova vart oppretta av Stortinget i 2001 for å bidra til meir effektiv energibruk, og må innan utgangen av mars svare på korleis dei best kan følgje opp den nye instruksen.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) varslar samtidig at regjeringa vil leggje fram ein handlingsplan «for å leggje til rette for ei raskare realisering av lønnsame energitiltak».

På sikt vil det bidra til ein betre kraftsituasjon, seier han.

Handlingsplanen skal vere klar innan statsbudsjettet for 2024.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide på COP27, klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh, Egypt.

I Politisk Kvarter 2. februar presiserte Espen Barth Eide (Ap) at han ikkje automatisk vil gi støtte «til at alle oppussingsprosjekt i private heimar automatisk skal få Enova-støtte».

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Eg synest ikkje kriseforståinga har sokke heilt inn

Regjeringa varsla i oktober seks tiltak for at Noreg skal spare straum, men har sidan fått kritikk frå opposisjonen for å trekkje beina etter seg.

Denne gongen er responsen meir positiv, i alle fall litt:

Det er for så vidt bra at regjeringa varslar at dei skal gjennomføre ting vi har bede om lenge. Men eg synest ikkje kriseforståinga har sokke heilt inn. Det er synd, for energisparing er det som verkeleg monnar her og no, seier Sofie Marhaug, som er stortingsrepresentant for Raudt.

Les også Regjeringa varslar seks tiltak for at Noreg skal spare straum

Byggeplass

Bård Folke Fredriksen, som er direktør i Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL), er mindre reservert:

Eg vil rose regjeringa. Dette er nye tonar. Tiltak som hindrar sløsing av energi er den raskaste vegen ut av energikrisa, seier han.

Han håpar «enkle og lite byråkratiske» støtteordningar vil gjere at fleire hushald kan spare energi og slik redusere straumrekninga.

Vi er veldig godt fornøgd med det som blir føreslått og at fristen er relativt kort, seier Bård Baardsen.

Han er rådgjevar i Norsk Varmepumpeforening, som vil ha fleire varmepumper i den norske energimiksen.

Energibruk i bygg, Sverige og Norge

I perioden 1990–2020 har energibruken i bygg auka med 20 prosent i Noreg, medan han er redusert med 10 prosent i Sverige.

Foto: Håvard Nyhus

Trenger storskala utrulling av kjende energitiltak

I den nye energimeldinga «Meir av alt – raskare» seier Energikommisjonen at Noreg må førebu seg på å spare 20 TWh innan 2030.

Om vi skal få til det Energikommisjonen føreslår, må det i hovudsak skje via storskala utrulling av kjende og velprøvde energitiltak, seier Baardsen.

NRK har tidlegare skrive at svenskane rykkjer frå oss på klimamål, trass regjeringa sin ambisjon om å «gå all in» for å få ned energibruken i norske bygningar.

Les også Svenskane rykkjer frå oss på klimamål

Joachim Leirbakken fra Aaslund AS blåser isolasjon inn på et kaldt loft i Solhaug menighetshus i Skotselv, Øvre Eiker.

I ein ny analyse frå Sintef konkluderer forfattarane med at Noreg «ikkje er i rute» med målet om å redusere energibruken i bygg.

Eit fleirtal i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget innstilte torsdag på at regjeringa må skjerpe Enøk-innsatsen.

Meir konkret ønskjer dei at det blir krav om solcelleanlegg på alle offentlege bygg over 250 kvadratmeter. Komiteen ber også om at det blir greidd ut om det er mogleg å påleggje lokale energiløysingar som solenergi og bergvarme i reguleringsplanar.

Ida Wolden Bache holder sin første tale som sentralbanksjef i Norges Banks hovedkontor på Bankplassen i Oslo torsdag 16. februar.

I årstalen torsdag kveld tok sentralbanksjef Ida Wolden Bache til orde for «ei heilt nødvendig omstilling» og «meir energieffektive løysingar».

Foto: Hanna Johre / NTB

Vi risikerer vi at det blir behov for endå meir kostbare tiltak

I eit representantforslag frå SV oppmodar dei regjeringa om å «setje eit mål om at det totale energiforbruket i bygg ikkje skal overstige 69 TWh i 2030».

Ein analyse frå Thema hevdar at Noreg unngår eit kommande kraftunderskot om dette målet vert oppnådd.

Om vi legg til grunn at straumprisen er den same i 2030 som i 2021, så viser Thema-rapporten at norske hushald og næringsliv kan redusere straumrekninga med 19 milliardar kroner om forbruket er 69 TWh i staden for 83 TWh (nivået i 2021).

I årstalen torsdag kveld tok sentralbanksjef Ida Wolden Bache til orde for ei «heilt nødvendig omstilling» og «meir energieffektive løysingar».

Viss vi ikkje lykkast med å få fortgang i den grøne omstillinga, risikerer vi at det blir behov for endå meir kostbare tiltak seinare, sa ho.

Ho la til:

For kvart år vi sakkar akterut, aukar også sjansane for at det blir nødvendig med kraftigare og meir kostbare tiltak i framtida.