Hopp til innhold

Transport-topp åtvarar: Byrådets bilpolitikk kan hindra bygging av Bybanen for alltid

At byrådet i Bergen legg opp til meir biltrafikk, kan bety nei til statsstøtte, og dermed parkera draumen om bybane til Åsane, meiner sjefen for Transportøkonomisk institutt.

Full stans på bybanen onsdag 07072021

BYBANEN: Bybane over Bryggen i Bergen har vore krangla om i Bergen i lang tid. Men mykje ny trafikk i Bergen kan rett og slett skrinleggja heile banen, uansett kvar han skal gå.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Eg er pessimistisk, både for bybanen og for klimaet, seier Bjørne Grimsrud.

Han er tidlegare vegdirektør i Vegdirektoratet, no administrerande direktør i Transportøkonomisk institutt (TØI).

Dette var hovudbodskap då han heldt innlegg på ein konferanse i Bergen fredag.

Bybane frå Bergen sentrum til bydelen Åsane har splitta byen mellom dei sju fjell i langt over ti år. Striden står særleg om banen skal gå foran bygningane på Bryggen eller i tunnel bak.

Bystyret vedtok i vår traséen foran Bryggen, men etter valet i haust er det framleis uklart kva tid det vert bane, og om det i heile vert noko av.

Statsstøtte står på spel

Prosjektet er kostnadsrekna til 21 milliardar kroner, og det ligg an til at staten betaler 70 prosent, altså nesten 15 milliardar kroner.

Grimsrud meiner statsstøtta no står på spel, slik at byen er på god veg mot ingen bybane, uavhengig av om banen skal gå i tunnel eller over Bryggen.

Årsaka er politiske signal om å prioritera meir biltrafikk, i staden for å leggja til rette for nullvekst.

Statleg finansiering av Bybanen er nemleg ein del av «byvekstavtalen» mellom kommunen, fylkeskommunen og staten.

Der har Bergen forplikta seg til «nullvekstmålet» , altså at biltrafikken i byregionen ikkje skal auka sjølv om folketalet gjer det.

Stor trafikkauke

I samarbeidsavtalen til det nye byrådet står det mellom anna at det er behov for å realisera fleire store samferdsleprosjekt dei neste åra.

Dei vil også betra parkeringstilhøva i sentrum:

«Byrådet er opptatt av at alle innbyggere skal ha tilgang til sentrum. Vi støtter derfor ikke en transformasjon av sentrumskjernen hvor parkeringsplasser fjernes uten at det kommer gode erstatninger. Gode parkeringsmuligheter er også viktig for sentrumshandelen og byrådet vil se på ulike insentiver for å øke tilgjengeligheten, for eksempel ved å bygge flere parkeringsanlegg og redusere avgiftene,» heiter det.

Dette vil ifølgje Grimsrud auka trafikken rundt, inn mot og i Bergen.

Dermed jobbar dei mot byvekstavtalen som lønar tiltak som reduserer biltrafikken.

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra reguleringsplanen 2022

Bybane over Bryggen i Bergen har vore krangla om i Bergen i lang tid. Men mykje ny trafikk i Bergen kan rett og slett skrinleggja heile banen, uansett kvar han skal gå.

Reduksjon i biltrafikken skjer gjennom både restriktiv parkeringspolitikk, høgare bompengar, og effektiv arealpolitikk, ifølgje Grimsrud.

Han var i si tid med på å forhandla fram Byvekstavtalen.

Vidare betyr det mindre pengar til Bergen, spesielt når dei må konkurrera med andre byar om dei same pengane.

– Det står ikke «Bergen» på penger i Nasjonal transportplan eller i statsbudsjettet. Det står «nullvekst» og «byvekstavtaler», sier Grimsrud.

Staten vil derfor rette pengene der de får de største klimagevinstene, mener han.

Det er en mismatch mellom det som legges til grunn for å oppnå nullvekst og de politiske signalene en leser ut fra byrådserklæringen, sier han.

Bybanen på Skjold i Bergen

Bybanen i Bergen er med å forma byutviklinga, meiner TØI. Her frå Skjold.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid

Usikkert for bybanen

Og legg til at pengane i byvekstavtalen ikkje er øyremerkt Bergen eller andre byar, men at dei er retta inn mot kva plass ein får mest igjen for dei.

– Forskinga viser at for å få ned biltrafikken må ein ha restriktiv parkeringspolitikk, høge bompengar, og effektiv arealpolitikk, seier han.

Grimsrud har lagt merke til at Bybanen er flytta stadig lenger ned på prioriteringslista i etatane sine innspel til ny Nasjonal Transportplan.

Først var det antyda byggjestart i 2032, no er det 2035.

– Bybanen til Åsane lever eit usikkert liv, og det vil krevja mykje politisk arbeid å få han realisert, meiner han.

Må få trafikken vekk frå sentrum

Christine Kahrs (H), byråd for byutvikling i Bergen, er ikkje samd med Grimsrud.

– For byrådet er det viktig å kutta utslepp, og vår ambisjon er å styrka kollektivsatsinga og leggja gjennomgangstrafikken utanom Bergen, seier Kahrs.

For å nå desse måla meiner ho Bergen må jobba for fleire samferdsleprosjekt på vegane, som ny E16 Arna-Stanghelle og ny ringveg.

– Me må ha trafikken vekk frå byen, seier Kahrs.

– Set ein bybanen på spel med denne politikken?

– Nei, eg kan ikkje skjønna at me skal gjera det. Me skal få til bybanen, svarar ho.

Kommunaldirektør Anne Iren Fagerbakke i Bergen kommune meiner både den førre og noverande politiske leiing har vore tydelege om bybanen.

– Dette er fremja i nylege møte med samferdsleministeren og i styringsmøte i Miljøløftet, seier Fagerbakke.

Danmarksplass

Trafikken er tett i Bergen, spesielt over Danmarksplass. Byrådet meiner denne trafikken må vekk.

Foto: Jørgen Eide

Ferjefri-prosjekt skapar ny trafikk

I tillegg støttar byrådet Vestland fylkeskommune i planane om ferjefri veg mellom Stord og Os (Hordfast).

Dette er eit prosjekt som ifølgje Bjørne Grimsrud vil skapa mykje ny trafikk, og igjen er stikk i strid med klimamåla.

– Saman med Rogfast vil Hordfast bidra til å redusera flytrafikken mellom dei to største byane på Vestlandet, og samstundes leggja til rette for auka omstilling og auka verdiskaping på Vestlandet. Ved å realisera ringveg aust, og samstundes halda fram bybaneutbygginga til Åsane, vil dette redusera trafikken i sentrum, meiner Kahrs.