Solveig Røberg Vik
Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tronge tider og nye tonar i den norske elbilhovudstaden

I denne byen er fire av ti bilar elektriske. No kan den kraftige bompengerabatten på Solveig sin bil bli fjerna.

CO₂ i atmosfæren
422,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Eg synst elbilar framleis bør betala minst. Fossilbilar forureinar jo mykje meir, meiner Solveig Røberg Vik.

– Men de elbilistar lagar jo også trafikk og kø?

– Ja, kanskje alle bør betala meir, men det rammar jo mest dei som har minst pengar, seier Kristina Skjold.

Begge står og ladar på Danmarksplass i Bergen.

– Dobbelmoralsk

Elbilistane NRK møter der, er ganske samstemde: Dei meiner elbilane bør behalda fordelane sine i bomringen, men at takstane kanskje bør aukast for både elbil, bensinbil og dieselbil.

– Viss prisane skal opp, er det mest rettferdig å auka litt for alle. Men eg meiner også at fossilbilar betaler vel mykje i bompengar, seier Brage Vikøyr.

Skjold meiner bompengar er bra for klimaet, for å hindra at folk køyrer meir enn dei treng.

– Samtidig er det kanskje litt dobbelmoralsk å bruka bompengane til å bygga betre vegar som gjer det lettare å køyra meir bil, seier ho.

Bybanen på Paradis-stoppet i Bergen

ELBIL-PARADIS: Med rekordlåg bompengetakst er snart halvparten av bilparken elektrisk i elbil-paradiset Bergen. Her passerer Bybanen haldeplassen med same namn.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Elbil-paradis»

Vestlandshovudstaden kan kanskje kallast eit slags elbil-paradis.

– Bergen er best i verda. Det er ingen andre større byar som har komme så langt med elektriske personbilar, seier Christina Bu.

Ho er generalsekretær i Norsk elbilforbund, og er svært imponert over arbeidet som er gjort i byen.

I andre norske byar er bompengetaksten for elbilar 50-70% av det den er for bensin- og dieselbilar. I bomringen i Bergen betaler elbilar berre rundt 40 %.

Dette er hovudgrunnen til at 43 prosent av alle personbilar i Bergen no er elektriske.

– For åtte år sidan jubla me over at det var 50.000 elbilar i Noreg. No er det faktisk 50.000 elbilar berre i Bergen, seier Bu.

Det er anslått at elbilane gir eit årleg CO₂-kutt på 100.000 tonn i byen.

– Eg håpar at det nye byrådet held fram med den gode elbilpolitikken, seier ho.

Christina Bu generalsekretær Norsk elbilforening

BEST I VERDA: Heia Bergen! Dei har ein grunn til å vera stolte, seier Christina Bu i Norsk elbilforbund.

Foto: Jamieson Pothecary

For billig?

Men alt er ikkje roseraudt i el-bilparadiset Bergen. Heller ikkje etter at byrådet i haust vart blått.

  • For er det fornuftig og nødvendig at elbil betaler mindre enn dieselbil eller bensinbil i bomringen?
  • Er det dermed for billig for elbilistar å bidra til bilkøane i byen?
  • Og kva skal politikarane gjera når så mange køyrer elbil at bompengeinntektene som skal dekka utgiftene til viktige samferdsel- og kollektivtiltak minkar?

Desse spørsmåla gjer det nye Høgre-byrådet hovudbry for tida.

Nullvekst i biltrafikken

Norske storbyar har inngått «byvekstavtalar» med staten og sine fylkeskommunar, for bygging og drift av vegar, kollektivtilbod og anna byutvikling.

Saman med avtalar om såkalla «bypakkar» bestemmer dette kor stor andel staten, kommunen, fylkeskommunen og bilistane skal bidra med.

Bompengeinntektene påverkar kor mykje staten bidrar med, og dermed kva utbyggingar som kan gjennomførast.

Til gjengjeld har Bergen og andre byområde forplikta seg til nullvekstmålet, altså at biltrafikken ikkje skal auka sjølv om folketalet aukar.

Auka transportbehov skal i staden skje ved at folk går, syklar eller reiser kollektivt.

– Nullvekst er vanskeleg

Det nye byrådet i Bergen, f.v.: Charlotte Spurkeland, Marte Monstad, Eivind Nævdal-Bolstad, Christine Meyer, Reidar Digranes, Daniel Hägglund og Christine Kahrs.

BLÅTT BYRÅD: Høgre og Christine Meyer (i midten) overtok i oktober byrådsmakta saman med Framstegspartiet og Senterpartiet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bergen fekk i haust nytt byråd. Arbeidarpartiet mista makta etter åtte år, og Høgres Christine Meyer overtok som byrådsleiar, saman med Framstegspartiet og Senterpartiet.

I byrådsplattforma hennar er nullvekstmålet ikkje nemnt.

Derimot slår byrådet fast «at det samla bompengetrykket ikkje skal auka» og at dei «i større grad fokuserer på utsleppsreduksjon framfor reduksjon i personbiltrafikken.»

– Undersøkingar i mange byar viser at nullvekstmålet faktisk er ganske vanskeleg å oppnå, seier byrådsleiar Meyer til NRK.

Ho svarar slik om byrådet vil at biltrafikken, elbilandelen og bompengetakstane i Bergen skal opp eller ned eller vera som før:

– Biltrafikken skal jo ned i Bergen sentrum.

– Kva meiner byrådet då med å fokusera mindre på å få færre bilar på vegane?

– Me må ikkje berre sjå på talet bilar, men også på køproblema. Bilane står i stampe, og diesel- og bensinbilane spyr ut eksos. Me meiner Ringveg Øst er viktig for å leia trafikken utanom sentrum og få flyt i trafikken. Når me får på plass Bybanen til Åsane og Ringveg Øst, meiner me trafikken kjem til å gå ned.

Christine Meyer folkevalgtkonferanse Høyre

SKJERMAR FOSSILBILANE: Byrådsleiar Christine Meyer avviser å auka bompengane for bensin- og dieselbilar, men kan ikkje seia om elbil-taksten skal opp.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Ikkje dyrare for fossilbilar

Transportøkonomar har i fleire tiår sagt at det å bygga større vegar ikkje fjernar køane, men raskt fører til meir biltrafikk og nye køar.

– Eg veit at dei seier det. Men me må jo bygga ut kollektivtrafikken før me lagar restriksjonar på vegane, seier Meyer.

– Kva med elbilandelen?

– Eg håpar den går vidare opp. Det gjer mykje med vår lokale luftureining.

– Er det aktuelt å auka bompengetakstane?

– Me må få oversikt over byggekostnadane for dei planlagde prosjekta, særleg Bybanen til Åsane. Før det er det vanskeleg å justera bompengetakstane. Men me er usamde i at det skal kosta 80 kroner å passera med dieselbil i rushtida, slik bompengeselskapet Ferde har føreslått.

– Det me er heilt sånn krystallklare på, er at bompengetrykket ikkje skal auka for dei som har diesel- og bensinbil.

– Kvifor ikkje?

– Fordi me meiner trykket for dei allereie er høgt. Mange familiar slit no med økonomien. Dette handlar faktisk også om at me har ei dyrtid no.

Solveig Røberg Vik

DOBBELMORALSK: – Bompengar er bra for klimaet, men det er kanskje litt dobbelmoralsk å bruka inntektene til å bygga betre vegar som gjer det lettare å køyra meir bil, meiner elbilist Kristina Skjold.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Taus om elbil-takstauke

Meyer vil ikkje svara på om det blir bompengeauke for elbilane.

– Det må me komma tilbake til. Dette er eit litt krevjande terreng. Me må sjå på sjølve innretninga.

Det meste av byutvikling- og samferdselspolitikk i Bergen heng saman med striden om bygging av Bybanen framfor Bryggen.

Meyer seier kostnadane for bybanetraséen må ned.

– Me reknar med at kostnadane blir høge, og kanskje høgare enn det me kan klara å finansiera saman med staten, seier Meyer.

– Er det mogleg at takstauke ikkje trengst viss de får kostnadane tilstrekkeleg ned?

– Me er nøydde til å sjå totaliteten. Per i dag har me faktisk alt for dårleg oversikt. Me ønsker Ringveg Øst og Bybanen til Åsane. Då må me sjå kva som må til for å realisera dei.

Elbil i bomringen på Damsgård i Bergen

40 PROSENT: Elbilane i Bergen står for over 40 prosent av bompasseringane i byen, og betalar rundt 40 prosent av full takst.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Det er dessutan eit paradoks at jo meir ein lukkast med å få gjort bilane meir miljøvenlege, jo meir tapar ein inntekter. Det er ikkje ei god og berekraftig løysing slik bompengeprosjekt er rigga i dag.

Christine Meyer Byrådsleder (H) i Bergen

– Er det også paradoksalt viss utsleppsfrie bilar blir straffa med takstauke, medan forureinande bilar kan køyra som før?

– Det skal ikkje løna seg å forureina. Me ønsker det framleis skal vera billigare å køyra elbil. Men ikkje alle har råd til å kjøpa elbil.

– Auka elbil-takst er sentralt

Bergen kommune kan ikkje avgjera bompengetakstane på eiga hand. For det er Vestland fylkeskommune som har ansvaret for både bompengeselskapet Ferde og drifta av kollektivtilbodet.

– No vurderer me kva me kan gjera for å auka inntektene i bomringen. Ein av dei sentrale tinga me ser på, er å auka taksten for elbilar spesielt, seier seksjonsleiar John Martin Jacobsen i avdeling for infrastruktur og veg.

John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune

DILEMMA: Biltrafikken skal ikkje auka, men me treng meir bompengeinntekter for å bygga ut kollektivtilbodet, seier seksjonsleiar John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Stortinget har lagt til grunn kor høg gjennomsnittstaksten i bomringen kan vera. Både nullvekstmålet og gjennomsnittstaksten blir berekna ut frå at biltrafikken i Bergen er – og maksimalt skal vera – 250.000 bilar per dag.

Ifølge stortingsvedtaket skulle gjennomsnittstaksten no vore 14,15 kroner. Men fordi mange no køyrer elbil med bompengerabatt, er den faktiske gjennomsnittstaksten i dag berre 11,77 kroner.

– Me prøver å auka gjennomsnittstaksten, altså henta inn så mykje bompengar som Stortinget har sagt at me kan samla inn, seier Jacobsen.

Men han understrekar at det er politikarane i Bergen bystyre og Vestland fylkesting som skal bestemma bompengenivået.

Dette er jo eit heilt klassisk dilemma: Stortinget har på den eine sida sagt at me treng mykje bilar i bomringen for å henta inn inntekter, og på den andre sida at biltrafikken ikkje skal auka.

John Martin Jacobsen Seksjonsleiar, Vestland fylkeskommune

MDG: For billig for elbilistar

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Bergen vil at elbilistar må betala meir i bomringen.

Det er på tide å auka bomtakstane for elbilar no. Dei er for låge, meiner gruppeleiar Thor-Haakon Bakke.

Bompengane må jo opp frå dagens nivå for å få bygt dei gode prosjekta som erstattar privatbilen, fordi til dømes Bybanen er blitt dyrare, meiner han.

Han meiner alle bilistgrupper bør få auka bompengar, men først og fremst at rushtidsavgifta bør opp.

– Det vil fjerna køane og vera bra for både næringslivet og miljøet.

Thor-Haakon Bakke i Bergen MDG

IKKJE-FORUREINAR MÅ BETALA: Elbilane må bidra meir i bomringen når me treng meir pengar til bybaneutbygging, meiner Thor-Haakon Bakke i Bergen MDG.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Det er ikkje slik at me vil fylla Bergen med elbilar, heller. Også elbilane bidrar med svevestøv og trafikkuhell. Me ønsker jo dei gode kollektivalternativa. Då treng me pengar, så bompengane må opp.

– Vil ha alle motorvegar

Han avviser Meyer sitt argument for Ringveg Øst.

Bygger me ein ny ringveg, aukar det trafikken også i sentrum. Me veit at meir veg fører alltid til meir trafikk. Viss ein vil tvinga trafikken rundt, må ein setta ganske høge bompengar inn mot sentrum.

– Likar du likevel at Meyer seier biltrafikken skal ned?

Ho seier veldig mykje, men gjer det motsette. Byrådet sin politikk heng ikkje på greip. Dei vil ha alle motorvegplanar ein kan tenka seg: Ringveg Vest og Øst, nordover mot Nordhordlandsbrua, og Hordfast, seier Bakke.

– Men Meyer ønsker også Bybanen til Åsane?

– No har Meyer skifta meining så mange gonger om det, at eg har mista teljinga.

.

Les også Trafikken skal ned: Bygger samtidig motorvegar som skal auke trafikken

Svegatjørn - Rådal, dronebilde, 26. november 2020

Vegvesenet føreslår å fjerna elbil-rabatten

Solberg-regjeringa sette i si tid eit mål om at alle nye personbilar og lette varebilar skal vera nullutsleppskøyretøy – elbilar og hydrogenbilar – frå 2025.

Neste år skal det leggjast fram ein ny Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2024–2033.

I den samanhengen har Statens vegvesen rekna på korleis auka elbiltakst kan gi Bergen og andre byar mindre kø og auka inntekter:

  • 70 prosent elbiltakst kuttar trafikken ca. 3 prosent og aukar inntektene med 36 prosent.
  • 100 prosent elbiltakst pluss rushtidsavgift kuttar trafikken 7 prosent og doblar bompengeinntektene.

– Dersom ein skal auka bompengane for elbil, så bør det aukast tilsvarande for fossilbilar, ifølge Bu i elbilforeininga.

– Det skal heile tida lønna seg å velja miljøvennleg. Elles bryt det med prinsippet om at forureinar betalar, meiner ho.

Brage Vikøyr

ALLE MÅ BIDRA: – Fossilbilar betaler vel mykje i bompengar, men det er mest rettferdig å auka takstane litt for alle, meiner elbilist Brage Vikøyr.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Salet har flata ut

Bu meiner at å fjerna rabatten er negativt for miljøet og satsinga på nullutsleppskøyretøy.

– Me ser ein stor forskjell i salet av elbilar i byar der ein har bompengerabatt, og der ein ikkje har det.

Frå nyttår i år vart det innført kjøpsavgifter og moms på elbilar. Det meiner Bu er dårleg.

Også i Bergen flatar salet av elbilar ut.

Marknadsdelen har flata ut det siste halvanna året. Eg fryktar at ein fjernar insentiva for tidleg med tanke på miljøet. Det ser stygt ut for å nå 2025-målet.

Ap: – Tar like mykje plass som fossilbilar

Arbeidarpartiet er tilsynelatande samd med Høgre-byrådet.

– Det totale bompengetrykket ikkje skal aukast. Taket er nådd. Me vil ikkje legga ytterlegare belastningar på bergensarane. Og då tenkar me på dei høgaste takstane. Det kan bli justeringar mellom takstgruppene, seier gruppeleiar Geir Steinar Dale.

Skal bompengeinntektene då opp eller vera som i dag?

Gjennomsnittstaksten må truleg opp. Det er nærliggande å tenka at det blir i form av eventuelt auka takstar på nullutsleppskøyretøy. Dei bilane tar like mykje plass på vegen som fossilbilar. Og så skal me altså ikkje ha auke i personbiltrafikken. Då må ein ha verkemiddel som gjer at ein held seg på dagens nivå.

Viss takstane for elbil skal opp og fossilbiltakstane skal stå stille betyr ikkje det at det skal straffa seg å ikkje forureina?

Slik ser ikkje me det. Det er openbert også andre fordelar ved å køyra elbil, seier Dale.