Hopp til innhold

Butikkjeder vil halvere matsvinnet fem år tidlegare enn avtalt

FØRDE (NRK): Daglegvarekjedene har lova å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030. No skrur dei opp tempoet. – Set opp farta endå meir, svarar Matsentralen.

I 2017 slutta dei største kjedene seg til ein avtale om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030.

FRAMSKUNDAR: Norgesgruppen vil halvere matsvinnet innan 2025, som er fem år tidlegare enn det bransjeavtalen seier, og som Noreg har forplikta seg til gjennom FNs berekraftsmål.

Foto: Tore Meek / Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Ei god handleliste og ein plan for veka er lurt å ha. Sjølv om eg likar best kundane som går rett inn og impulshandlar, smiler Kristian Årdal.

Han er butikksjef på Spar-butikken i Førde og engasjert i kampen mot matsvinn. Han seier medvitne forbrukarar kan gjere mykje, men at hovudansvaret ligg på butikkane.

– Eg trur det aller viktigaste er at butikkane tek ansvar for riktige bestillingar. At dei bruker litt ekstra tid på det.

Førre veke fortalde NRK om Linda Stuhaug som sparte 17.351 kroner på å kjøpe matvarer som snart går ut på dato.

Kristian Årdal

BUTIKKEN HAR HOVUDANSVARET: – Eg likar best kundane som går rett inn og impulshandlar, smiler Kristian Årdal, butikksjef på Spar-butikken i Førde

Foto: Marita Solheim / NRK

I 2017 slutta dei største kjedene seg til ein avtale om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030.

Blant desse er Norgesgruppen, Coop og Rema, som til saman kontrollerer 86,4 prosent av marknaden (2019-tal).

– Den mest ambisiøse avtala mot matsvinn i heile verda, sa Vidar Helgesen, som den gong var klima- og miljøminister.

No seier Norgesgruppen at dei vil halvere matsvinnet innan 2025, altså fem år tidlegare enn det bransjeavtalen seier, og som er det Noreg har forplikta seg til gjennom FNs berekraftsmål.

– Vi er på god veg, seier Signe Bunkholt Sæter, kommunikasjonssjef for berekraft i Norgesgruppen.

Signe Bunkholt Sæter

SKRUR OPP TEMPOET: Signe Bunkholt Sæter i Norgesgruppen seier at dei vil halvere matsvinnet innan 2025, altså fem år tidlegare enn det bransjeavtalen seier.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Nedprising har hatt stor effekt

Til no har dei redusert matsvinnet med 24 prosent sidan 2015.

– Det er særleg på ferske produkt vi arbeider med å vidareutvikle løysingane. Her har nedprising hatt stor effekt. Det same har nedprising av varer som nærmar seg utgått dato, seier Sæter.

Eit anna verktøy er appen Throw No More. Sidan april har meir enn 40.000 kundar lasta ned appen, og hjelpt butikkane å selje 400 tonn mat som elles ville blitt kasta.

Varegruppene med høgast svinn er brød og frukt og grønt. Rett bak kjem ferskt kjøtt og fisk, samt meierivarer.

– Et mindre kjøtt, oppmoda den danske landbruksministeren Rasmus Prehn i førre veke.

350 gram kjøtt i veka, eller 50 gram om dagen. Slik lyder kosthaldsråda i nye Danmark.

I den norske klimameldinga som vart lagt fram i januar står det ingenting om mindre kjøtt på menyen. I dag er rådet 500 gram raudt kjøtt i veka.

50 gram kjøtt

50 GRAM: Slik ser 50 gram kjøtt ut, som er det nye danske rådet.

Foto: Tiril Mettesdatter Solvang / NRK

– Blant dei største miljøutfordringane

– Matsvinn er blant våre største og mest unødvendige miljøutfordringar, seier PR- og kommunikasjonssjef Calle Hägg i Rema 1000.

Han seier dei er «godt i rute» til å nå målet om 50 prosent kutt innan 2030.

Han trekker fram Keep-It som «eit nyttig verktøy for tilsette og kundar som kan følge med i sine egne kjøleskap». Indikatoren vart utvikla av ein forskargruppe på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), og viser den faktiske haldbarheiten til maten.

– I tillegg har vi merka egne best før-produkt med «ofte god etter», og priser ned varer som nærmar seg utløpsdato.

LES OGSÅ: NRK har granska matsvinnet som skjer før varene når butikkane.

– Det hastar å gjere meir

Anders Moe er marknadsdirektør i Bunnpris. Han kan ikkje gå ut med interne nøkkeltal, men seier dei over tid har «jobba intenst» med å redusere matsvinnet.

– Det handlar om eit sterkt fokus på innkjøp og bestillingsrutinar i butikk.

Han trekk også fram eit «større og tettare» samarbeid med appen Too Good to go, og samarbeid med Matsentralen.

Monica Fuhr og Åge Nilssen i Matsentralen

OPP MED FARTA: – Matsvinnet går ned, men ikkje nok. Og ikkje fort nok, seier Monica Rieber-Mohn Fuhr er dagleg leder i Matsentralen Vestland. Her saman med kollega Åge Nilssen.

Foto: Unn Helen Gaupås

Monica Rieber-Mohn Fuhr er dagleg leiar i Matsentralen Vestland, eit nettverk som koplar saman overskotsmat frå matbransjen med ideelle organisasjonar

Ho «konstaterer» at bransjeavtalen gjer godt, men meiner at det hastar å gjere meir.

Helst i form at ein eigen matkastelov, som vart vedteken av eit stortingsfleirtal i 2018, men som enno ikkje har materialisert seg.

– Matsvinnet går ned, men ikkje nok. Og ikkje fort nok, seier ho.

Vegetar XL
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix