– Eg ser eigentleg ikkje etter noko anna enn datovarer i butikken, og så plukkar eg med meg det eg kan bruke, seier Linda Stuhaug.
Det er helst kjøtt, fisk og grønsaker ho jaktar på. Og særleg på måndagar – «då er det ofte mykje datovarer i butikkane».
I fjor sparte ho meir enn 17.000 kroner på å jakte utgåtte varer.
– Det gjeld å bruke sansane sine med å sjå, lukte og smake på varene. Det er som oftast like godt sjølv om datoen er utgått.
Matsvinnet går ned - Linda sparer tusenvis på datovarer
– Loven kjem, men vi veit ikkje når
I 2013 viste ein rapport frå Østfoldforskning at nordmenn kasta 270.000 middagsporsjonar – kvar dag.
Sidan har matsvinnet gått ned, og Noreg har forplikta seg til å følge opp FNs berekraftsmål om at det globale matsvinnet skal halverast innan 2030.
I 2017 slutta dei store daglegvarekjedene seg til ein avtale om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030. So langt har 103 bedrifter blitt med i «ForMat-prosjektet».
MINDRE SVINN: Noreg har forplikta seg til å følge opp FNs berekraftsmål om at det globale matsvinnet skal halverast innan 2030.
Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRKSamstundes dukka det opp krav om ein eigen «matkastelov», etter fransk og italiensk modell der loven pålegg dei store daglegvarekjedene å gi mat vidare.
«Loven bør omfatte påbod om å donere all etande overskotsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr», vedtok eit stortingsfleirtal i 2018 beståande av KrF, Ap, Sp, SV og MDG.
«Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte», svarte Ola Elvestuen (V) i 2018, som den gongen var klima- og miljøminister.
– Loven kjem, men vi veit ikkje eksakt når, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) året etter, i 2019.
No viser kalenderen 2021.
– Ikkje nok med haldningskampanjar
– Høgre-regjeringa har vore seine med å gjere noko som helst. Det verkar som det er intern usemje om dei vil sette i verk noko, seier Nils Kristen Sandtrøen, stortingspolitikar for Arbeidarpartiet.
Han har etterlyst lova fleire gonger.
Det same har Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.
– Det er uforståeleg at regjeringa ikkje nemner matkasteloven i klimaplanen som nyleg vart lagt fram, seier ho.
Ho legg til:
– Det er ikkje nok med haldningskampanjar eller ein frivillig bransjeavtale. Derfor trenger vi ein matkastelov for å sikre at så mykje mat som mogeleg blir brukt til menneskemat.
FORSTÅR IKKJE: – Det er uforståeleg at regjeringa ikkje nemner matkasteloven i klimaplanen som nyleg vart lagt fram, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRKAnn-Kristin Raknes Pfründer er dagleg leiar i Too good to go, ein app som gjev brukarane mogelegheit til å redusere matsvinn. Ho er litt meir atterhaldsam:
– Det er sjølve utforminga som avgjer om lova hjelper aktørane med å få bukt med svinnet sitt. Nå står att det å sjå kva detaljane blir. Vi må vite dette før vi kan ta stilling til sjølve lova.
– Ikkje nødvendig med matkastelov
Terje Sletnes er Direktør for analyse og politikk i NHO mat og drikke.
Han meiner ein matkastelov er «unødvendig», og støtter seg på Landbruks- og klimadepartementet som konkluderte på same vis i 2017.
– Ein matkastelov vil innebere auka kostnader utan ein sikker effekt utover den bransjeavtalen som eksisterer i dag, seier Sletnes.
Han viser til at ein matkastelov retta mot matindustrien og daglegvarehandelen berre vil omfatte i underkant av 40 prosent av matsvinnet, medan forbrukarane, som ikkje vil vere omfatta av ein slik lov, står for i overkant av 60 prosent av matsvinnet.
– Difor er det viktigare å satse på det pågåande arbeidet mot matsvinn gjennom bransjeavtalen som famnar hele verdikjeda, seier han.
HO KJEM: – Lova kjem, men vi veit ikkje eksakt når, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) året etter, i 2019.
Foto: Kjersti Strømmen / NRK– Ikkje ein fornuftig tilnærming
Heller ikkje dagleg leiar i Matvett AS, Anne-Grete Haugen, meiner ein matkastelov er vegen å gå. «Eit påbod om å donere overskotsmat er ikkje ein fornuftig tilnærming til problemet med matkasting», har ho tidlegare sagt.
Ho viser til at ansvarsfordelinga er godt definert i den avtalen som allereie finst, og at mat- og serveringsbransjen «er i rute» med å nå det første delmålet om 15 prosent reduksjon av matsvinnet.
– Vi har eit godt rammeverk i Noreg med bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn mellom styresmaktene og hele verdikjeda for mat, seier ho.
Arbeider med regulering
Statssekretær Maren Hersleth Holsen (V) i Klima- og miljødepartementet svarer at dei arbeider med saka.
– Norske styresmakter har i mange år samarbeida med matbransjen om å redusere matsvinn gjennom bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn. Avtalen er eit viktig verkemiddel for å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030, og Klima- og miljødepartementet ser det som viktig at eit forbod mot å kaste mat blir forma ut slik at det og bransjeavtalen gjensidig kan understøtte kvarandre. Departementet arbeider med ei slik regulering.
ANSVAR: Kvar morgon får butikksjef Kennet Vik i Dale melding om kva for varer som nærmar seg utløpsdato. Kampen mot matsvinn er eit samfunnsansvar, seier han.
Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK