Kyrne rautar og går målretta oppover mot matmor Ann Kristin Nes som ristar på bøtta med kraftfor.
Vi er ytst i havgapet i Askvoll i Vestland, der kyrne går på sommarbeite.
Lite veit dei firbeinte kyrne at dei over natta har vorte 45.000 kroner mindre verd.
– Eg håpar at matvarekjedene reduserer prisen tilsvarande i butikkane, og at dei ikkje skummar fløyten også denne gongen, seier Nes.
Bakgrunnen er at Nortura, som er bøndene sin eigen samvirkeorganisasjon, i slutten av august justerte ned prisen på storfekjøt med fire kroner.
Der prisen på «vanlege varer» blir bestemd gjennom tilbod og etterspurnad, blir prisen på jordbrukssvarar «avtalt» gjennom aktiv marknadsregulering.
Økte matpriser
Sammenligningen av matvarepriser og lønnsutviklingen sier noe om du får mer, mindre, eller like mye for pengene.
Når utviklingen på matvarepriser er høyere enn lønnsutviklingen betyr det at maten har blitt dyrere. Begge tallene er gjennomsnitt for angitt periode.
Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling
Målet til Nortura er å få opp salet av kjøt, som har stupt i lag med den generelle kostnadsauken.
– Vi opplever at nordmennene strammar litt ekstra inn. Difor måtte prisen ned, seier Ole Nikolai Skulberg, som er direktør i Nortura.
Teikn kan tyde på at daglegvarebransjen fylgjer opp pris-signalet, og reduserer prisen, men kor mykje er usikkert.
Sjølv om det er bøndene sin eigen samvirkeorganisasjon som står for justeringa, har reaksjonen blant norske bønder vore negativ.
Ann Kristin Nes har 37 ammekyr, oksar og kalvar, og leverer 12.000 kilo storfekjøt i året.
Ho seier til NRK at prisreduksjonen «fører til enno dårlegare lønsemd i ein bransje som allereie slit tungt».
Tal frå Driftsgranskingane i jordbruket frå 2021 viser at storfeprodusentane hadde ei gjennomsnittleg årsinntekt på 184.000 kroner.
Ein bransje med enorme overskot
Medan storfebøndene slit med låge inntekter, er dei norske matvarekjedene Norgesgruppen, Reitan Retail og Coop i andre enden av skalaen.
Dei tre kjedene deler i stor grad den norske matvaremarknaden mellom seg.
Nøkkeltalet viser ein svært lukrativ bransje (sjå under).
Maktkonsentrasjonen i daglegvarehandelen har dei siste åra vore gjenstand for fleire utgreiingar og politiske initiativ.
Symbolisert ved «Prosjekt daglegvare» i regi av Konkurransetilsynet, og fleire høyringsforslag signert næringsministeren.
Tidlegare i år vart matgigantane kalla inn til regjeringa for å forklare kvifor prisane stig så raskt.
Kundar forventar billegare kjøt
Nokre mil lenger aust, i ein Rema 1000-butikk i Førde i Sunnfjord, legg 16-åringane Signe Langeland og Isabell Foss kjøtdeig i handlevogna.
Dei er positive til at Nortura har redusert prisen på storfekjøt. Samtidig forventar dei at kjeder som Rema 1000 gjer det same.
– Det er viktig å få i seg proteinet og næringa som er i kjøtet. Dersom det er for dyrt blir det ikkje kjøpt, seier Signe.
Isabell nikkar.
Dei meiner bøndene bør få betre betalt for det viktige arbeidet dei gjer.
– Dei store kjedene kan gjerne få mindre, seier Isabell.