Hopp til innhold

Nordmenn meir negative til utbygging i strandsona

Ny undersøking viser at kvinner, eldre og austlendingar er mest negative til utbygging i strandsona. Regjeringa svarer at det er «rom for meir fleksibilitet».

5Hjpd8uXljs

HEILAG GRUNN: Diskusjonen om kor rigid, fleksibelt eller differensiert det norske strandsonevernet bør vere, har vore gjenstand for politiske dragkampar i snart hundre år.

Foto: Thorfinn Bekkelund / Samfoto

Nye tal frå Ipsos viser at nordmenn har blitt meir negative til utbygging i strandsona, og at fleire har gjort seg opp ei meining om saka.

Det viser ei samanstilling av undersøkingane i 2021 og 2024.

I løpet av tre år har dei «negative» gått frå 54 til 65 prosent.

Desse fordeler seg på to kategoriar:

  • dei som vil avgrense utbygging (30 prosent);
  • og dei som vil stanse utbygginga heilt (35 prosent).

– Viss vi skal bevare den flotte kystnaturen til glede for alle, må vi sikre at det nasjonale byggeforbodet i strandsona faktisk blir overhalde, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Fleire naturvernorganisasjonar koplar tala til at «naturtap» og «naturkrise» har fått større merksemd det siste året.

– Engasjementet vi har sett i kjølvatnet av NRKs naturdekning dei siste månadene viser at folk er leie av bit for bit-nedbygginga og vil at myndigheitene skal ta grep. Desse tala bekreftar dette, seier generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Karoline Andaur.

Plan- og bygningslova frå 1967 seier at det er byggjeforbod innanfor hundremetersbeltet i strandsona.

Mykje av strandsona er øydelagt

Undersøkinga viser at kvinner, eldre og austlendingar er meir negative enn sine respektive «motpolar».

Mykje av strandsona, særleg langs Oslofjorden og Sørlandskysten er øydelagt av utbyggingar, seier stortingsrepresentant for SV, Grete Wold.

Sjå fleire reaksjonar på undersøkinga lengre ned.

Diskusjonen om kor rigid, fleksibelt eller differensiert det norske strandsonevernet bør vere, har vore gjenstand for politiske dragkampar i snart hundre år.

Både Solberg- og Støre-regjeringa har «løyst på grepet» og overlate meir av styringa til norske distriktskommunar.

Argumentet er at «summen av strandsonevern, kulturminnevern og myrvern» vert for mykje av det gode og står i vegen for utvikling.

I strøk med lite utbyggingspress, meiner vi det er rom for meir fleksibilitet og auka lokal handlefridom, seier statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet, Sigrun Prestbakmo.

(Sjå heile svaret under.)

Denne hytteeigedomen har skapt strid i Fjaler kommune i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland har vedteke at eigaren av denne hytta i Fjaler i Vestland må rive og reparere alt utanom hytta.

Foto: Fjaler kommune

Nå må vi trekke i bremsen

Vi stiller spørsmål ved om det er rett med eit meir liberalt strandsonevern i distrikta, seier Maylinn Stomperud, som er fagsjef for naturforvaltning i DNT

Ho seier at «folk er leie av inngjerda strender og kystområde som berre blir nådde for dei med eiga hytte».

Nå må vi trekke i bremsen, og bevare strandsona for folk flest.

I 2021 viste ein rapport frå Sivilombodsmannen at 85 prosent av søknader om å få bygge innanfor hundremetersbeltet blir innvilga.

På Askøy utanfor Bergen blei 98 prosent av søknadene innvilga.

Les også Staten lager ny rettleiar for den norske strandsona

zpJb8TOjVYs

Naturrisikoutvalet skreiv i vinter om «klare manglar i dispensasjonspraksisen» for strandsone-saker, og anbefalte å «revidere og gjere tydeleg» plan- og bygningslova.

Sjå kva utvalsleiar Aksel Mjøs seier om undersøkinga under.

W0GbEU47M2M

I 2022 var «forsettleg og systematisk» kriminalitet i den norske strandsona gitt til kjenne eit eige kapittel i trusselvurderinga til Økokrim.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

Dette er eit demokratisk problem

SSB melde i fjor at 68 prosent av strandsona er tilgjengelege for allmenta, men at variasjonane er store frå landsdel til landsdel.

Line Lillebø Osfoss i Norges Jeger- og Fiskerforbund seier det er dispensasjonspraksisen det er noko gale med – ikkje lovverket.

Behandlinga av dispensasjonar er ikkje underlagd dei same krav til medverknad og involvering som sjølve arealplanen, og det blir heller ikkje stilt same krav til kunnskapsgrunnlag.

Ho legg til:

Dette er eit demokratisk problem, samtidig som det blir vanskeleg for dei folkevalde å ha oversikt over utviklinga i kommunen sin.

Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv
Gard Eirik Arneberg

Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv

– I dag er meir enn éin tredel av strandsona bygd ut fordi kommunane gjer unntak frå regelen ved å gi dispensasjonar. Viss vi skal bevare den flotte kystnaturen til glede for alle, må vi sikre at det nasjonale byggeforbodet i strandsona faktisk blir overhalde. Det krev at kommunane ser verdien i naturen og folks tilgang til han. Det må innebere å gi færre dispensasjonar.

Siri Gåsemyr Staalesen
Hallgeir Braastad / NRK

Siri Gåsemyr Staalesen, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet

- I dag blir det bygd ned for mykje i strandsona. I byar som Oslo og omland er dette eit stort problem for alles rett til ferdsel i strandsona. Men det er store forskjellar i landet. Derfor må reglane tilpassast lokale forhold. Vi kan ikkje vere like strenge i Austevoll som i Asker. Arealpolitikken skal tilpassast lokale forhold der alle kommunar skal ha høve til å utvikle lokalsamfunna sine.

Grete Wold
Lars Tore Endresen / NRK

Grete Wold, stortingsrepresentant for SV

- Dette viser at det politiske fleirtalet er på kollisjonskurs med folkemeininga. Mykje av strandsona, særleg langs Oslofjorden og Sørlandskysten er øydelagt av utbyggingar. Massive hinder er sette opp, som hindrar det store fleirtalet av oss tilgang til stranda og sjøen. Dispensasjonsretten må flyttast frå kommunane til Statsforvaltaren.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur
Elin Eike Worren

Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet

- Forvaltninga i kommunane skal i utgangspunktet skje etter arealplanen, og berre unntaksvis skal det givast dispensasjon frå dette, men mange stader har kommunane i stor grad opna for å bruke dispensasjon regelmessig. Regelverket blir tøygt og til dels blir brukt feil. Det er svært kritikkverdig. Ein måte å løyse dette på er at statsforvaltaren i langt større grad får høve til å gi innvending.

Maylinn Stomperud
Den Norske Turistforening

Maylinn Stomperud, fagsjef for naturforvaltning i DNT

- Gjennom dispensasjon etter dispensasjon bygger norske kommunepolitikarar ned strandsona. Avvik frå arealplanane har blitt regelen, heller enn unntaket. Vi treng strengare dispensasjonspraksis i strandsona, og krav om at utbygging skal skje i tråd med vedtatte planar.

Christian Steel, Sabima-leiar
Sabima

Christian Steel, Sabima

- Livet langs sjøen treng mykje meir plass! Folk har sett varsellampene og krev nå tydelege endringar i norsk arealforvaltning. Byggeforbodet i strandsona må handhevast slik det var meint, og det må komme statleg krav om planvask av planlagde utbyggingsområde i strandsona over heile landet. Og myndigheit til å gi dispensasjon må flyttast frå kommunen til statsforvaltaren.

Line Lillebø Osfoss
Ukjent

Line Lillebø Osfoss, Norges Jeger- og Fiskerforbund

- At fleire ønsker å avgrense eller stanse nedbygging av strandsona, kan vere eit teikn på at fleire opplever faktiske avgrensingar til tilgangen. Manglande tilgang til strandsona gjer det vanskeleg å ha fiske som fritidsaktivitet for alle dei som ikkje har båt. Nedbygging og stengsler hindrar både haustingsretten og ferdselsretten for allmenta. Dispensasjonspraksisen må derfor strammast inn.

Magnus Holger Obrestad Stenroos, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom
NRK

Magnus Holger Obrestad Stenroos, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom

- Det er fint å sjå at nordmenn har blitt meir negative til utbygging i strandsona, men enda viktigare er det at fleire har blitt meir bevisste og gjort seg opp ei meining om temaet. Bit for bit-nedbygginga av natur og av strandsona har fått fortsette fordi det ikkje har vore nok bevisstheit for temaet. Ei auka bevisstheit vil forhåpentleg gi insentiv til lokalpolitikarar om å tenke seg om.

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2