Hopp til innhold

Her gjev dei flest fritak frå strandsonevernet

Unntak frå strandsonevernet auka med 47 prosent i 2021. Ingen gav fleire dispensasjonar enn Øygarden kommune utanfor Bergen.

Øygarden kommune

ØYGARDEN: Her sa kommunen ja til 124 byggjesaker i strandsona 2021. Statistikk viser at 31,5 prosent av den norske strandsona er utbygd.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Nye tal frå SSB og Byggstart viser at det vart gitt 962 dispensasjonar frå strandsonevernet i 2021.

Det er ein auke på 47 prosent. Det norske strandsonevernet frå 1965 slår i utgangspunktet fast at det er byggjeforbod i eit 100-meterbelte langs sjøen, men opnar for lokal «smidigheit» der det er formålstenleg (sjå faktaboks).

Ingen innvilga fleire dispensasjonar enn Øygarden kommune utanfor Bergen, som totalt sa ja til 124 byggjesaker i strandsona i 2021.

95 av dei reelle dispensasjonar, og 29 av dei i samsvar med kommuneplanen.

Øygarden ligg i sone 2 (sjå faktaboks) der det heiter at byggjeforbodet «som hovudregel skal praktiserast strengt».

I forarbeidet til loven heiter det at «strandområda har helt spesielle verdiar og at disse er viktige rekreasjonsområde for allmenta».

Lista over dei kommunane som gav flest fritak frå gjeldande reglar ser slik ut:

  • Øygarden, Vestland (95)
  • Asker, Viken (63)
  • Tysnes, Vestland (53)
  • Vågan, Nordland (34)
  • Lindesnes, Agder (32)
  • Karmøy, Rogaland (32)
  • Risør, Agder (30)
  • Hustadvika, Møre og Romsdal (25)
  • Aure, Møre og Romsdal (19)
  • Stad, Vestland (12)

I alt vart ni av ti (89 prosent) av alle søknader om dispensasjon innvilga.

Naturleg at vi er på topp

Ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik (H), seier til NRK at det berre er «heilt naturleg» at dei er i toppen av statistikken gitt føresetnadene deira som øykommune og ein nyleg samanslått kommune (Fjell, Øygarden og Sund).

Han forklarer at kommuneplanane derfor «heng etter» og at talet på dispensasjonar «ikkje må tolkast som at vi byggjer ned strandsona».

Så er det likevel klart at vi treng ein ny kommuneplan. For dispensasjonar er ikkje eit gode i seg sjølv. Det er arbeidskrevjande for administrasjonen og kostbart for dei som søkjar, seier han.

I fjor viste ein rapport frå Sivilombodsmannen at 85 prosent av søknader om å få byggje innanfor det nasjonalpolitisk vedtekne hundremetersbeltet vart innvilga.

Sivilombodsmann Hanne Harlem omtalte funna som «urovekkjande» og sette spørsmålsteikn ved om kommunane forstod lova korrekt.

Kommunaldepartementet har meldt at dei er «i sluttfasen» med å ferdigstille ein ny rettleiar for ulovligheitsoppfølging i den norske strandsona. Føremålet er å «hjelpe kommunane i arbeidet med å følgje opp tiltak som kan vere ulovlege», og å understreke «alvoret».

Rødt Øygarden industri

– Dispensasjonar er ikkje eit gode i seg sjølv, seier Tom Georg Indrevik (H). Her i samtale med Raudt-leiar Bjørnar Moxnes, som vil stramme inn strandsonevernet.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Det trengst ei innstramming av lovverket

Tobias Drevland Lund, som er kommunalpolitisk ansvarleg i Raudt, har studert dei siste tala frå SSB.

I praksis betyr dette mindre natur og rekreasjonsområde for det store fleirtalet av befolkninga som ikkje eig hytte ved sjøen, seier han.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) signaliserte i april at han vil mjuke opp det norske strandsonevernet.

Eit utspel som fekk Ap-veteran Thorbjørn Berntsen til å uttale at den ferske kommunalministeren burde finne seg noko anna å gjera, for eksempel gå tilbake til å «plukke poteter».

Gjelsvik fekk til gjengjeld støtte frå statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), som stilte seg bak ønsket om «ein meir differensiert forvaltning av strandsona».

Lund i Raudt meiner tida kallar for motsett svar: Ei innskjerping av lovverket «der det blir umogleg å få godkjent lovbrot i ettertid».

I motsetnad til kva Høgre og andre har teke til orde for, så trengst det ei innstramming av lovverket, slik at det blir vanskelegare å gi dispensasjonar til utbygging av strandsona, seier han.

W0GbEU47M2M

På byrjinga av 2000-talet gjekk det ut ein instruks om å intensivere jakta på ulovlege strandeigedomar. Ifølgje enkelte berekningar har Noreg den nest lengste kystlinja i heile verda, berre slått av Canada.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

Bør vurdere amnestispørsmålet på nytt

I vår fremja Høgre eit forslag til Stortinget om å fjerne plikta til å etterforske ulovlege oppførte hus, naust og bryggjer i den norske strandsona.

– Det er naturleg at kommunen følgjer opp 10 og 20 år gamle saker. Men jo eldre dei blir, jo meir ressursar krev dei, sa Høgre-representant Ove Trellevik.

Bergens Tidende stilte seg bak forslaget og skreiv på leiarplass at byrådet bør «vurdere amnestispørsmålet på nytt» og «la dei eldste byggjesakene liggje».

I dag seiar plan- og bygningslova at kommunane har plikt til å forfølgje lovbrot uansett kor gamle dei er.

På Stortinget vart «amnesti-forslaget» omtala som «horribelt».

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Solvang, var like skarp:

– Dette er verkeleg eit heilt håplaust forslag, kvitterte han.