Den nye ressursrapporten til Sokkeldirektoratet viser kor langt elektrifiseringa av sokkelen har komme ved utgangen av sommaren. Sjå kartet under.
Plattformene som er heilelektrifiserte er merkte med grønt.
Dei som er delelektrifiserte er merkte med gult.
Felt der del- eller heilelektrifisering er vedtatt, er merkt med rosa.
Snorre- og Gullfaksfeltene får delvis kraftforsyning med havvind frå Hywind Tampen. Desse er markerte i blått. Potensielle utvidingar – som Balder, Grane og Halten-området – inngår ikkje i oversikta.
Foto: SokkeldirektoratetElektrifisering av olje- og gassproduksjonen bidrog til at utsleppa i 2023 var 3,39 millionar tonn lågare enn det dei ville vore utan kraft frå land.
– Vanskeleg å få meir kraft frå land
Ifølge ein gjennomgang i Energi og Klima kan det totale straumforbruket på sokkelen krype opp mot 17 terawattimar i 2030 – på same tid som datasenter, hydrogenfabrikkar og grøne industrietableringar på land «skrik» etter kraft.
Til samanlikning var straumforbruket i Bergen 3,4 TWh i 2023.
Equinor-sjef Anders Opedal kommenterte den anstrengde kraftsituasjonen under oljemessa i Stavanger for et par veker sidan.
– Situasjonen er slik at det er vanskeleg å få meir kraft frå land, sa han.
Han la til at selskapet vil vere med på «kraftdugnaden», men at det ikkje var aktuelt med fleire Hywind Tampen-løysingar.
I staden har energigiganten foreslått ein ny og omstridd finansieringsmodell for havvind som involverer CO₂-avgifta.
– Det er viktig å presisere at vi ikkje ber om meir pengar, men at inntektene til staten frå CO₂-avgifta kan utnyttast betre for å bygge ut velkommen kraft for alle, skriv Equinor-sjefen i eit lesarinnlegg i DN.
Olje- og gassnæringa har tre hovudmotiv for å elektrifisere sokkelen.
For det første skal næringa halvere CO₂-utsleppa innan 2030.
Og for kvart år blir utsleppa meir kostbare, i form av dyrare CO₂-kvotar og utsleppskvotar.
Equinor-sjef Anders Opedal kommenterte den anstrengde kraftsituasjonen og konflikten mellom land og hav under oljemessa i Stavanger for to veker sidan. Her saman med statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB– Styrer mot kraftunderskot. Da må vi tenke nytt
På same tid har straumprisar og køar for nett-tilgang skjerpa konflikten mellom hav og land. Som det heiter i eit gamalt ordtak: Når krybba er tom, bitast hestane.
Med tilvising til kraftsituasjonen har Sp-statsråd Geir Pollestad sagt at det vil vere «veldig rart» om nasjonen ikkje tek ein fot i bakken og vurderer elektrifiseringa på ny.
Også i SV, MDG og blant eit knippe Høgre-representantar er det krefter som ikkje lenger vil nytte straum frå land til plattformene.
– Regjeringa styrer Noreg mot eit kraftunderskot. Da må vi tenke nytt, skriv Ove Trellevik (H) i ein kronikk hos Altinget.
I fjor konkluderte ein rapport frå Invest Sunnhordaland med at elektrifiseringa av Johan Sverdrup (2018) har ramma Sør-Vestlandet på tre vis:
- Den har ført til kraftmangel
- Den har pressa opp straumprisane
- Den har vore til hinder for nye, grøne (og kraftkrevjande) industriar
Rapporten konkluderer: «I ei tid med store kraftunderskot er det svært uheldig at kraft frå land blir brukt til ei næring som kunne vore driven av eigenprodusert kraft offshore, enten med gass eller havvind».
Troll A har vore elektrifisert sidan 1996. Det blir nå arbeidd med delvis elektrifisering av Troll B og heilelektrifisering av Troll C.
Foto: Equinor– Vi prøvde, men det gjekk til helvete
Risikoen for auka straumprisar blei diskutert i Dagsnytt Atten tidlegare i september.
Da MDG-leiar Arild Hermstad påstod at elektrifiseringa førte til høgare prisar og kraftmangel, svarte energiminister Terje Aasland at «det Hermstad seier er direkte feil».
Han har sidan presisert kva han meinte:
– Sjølv om elektrifiseringstiltak og etablering av ny industri vil føre til auka forbruk og isolert trekker i retning av høgare kraftprisar, er det ei sterk forenkling å peike på berre éin enkelt sektor som årsak til ei slik utvikling, skriv han i eit brev til Stortinget.
Johan Sverdrup er det tredje største feltet på norsk sokkel og har blitt drive av straum frå land sidan 2018.
Foto: Marit Hommedal / NTBEnergiministeren sa meir om dei uforsonlege frontane da han gjesta Kraftkonferansen i Bodø sist veke.
– Eg er for eit breitt politisk forlik, men når du går inn i stortingssalen merkar du at det er komplett umogleg, sa han.
Ifølge Europower, som rapporterte frå panelsamtalen, brukte han vindkraftramma frå 2019 som eit eksempel på kor vanskeleg det er å snakke saman:
– Vi prøvde, men det gjekk til helvete for å seie det varsamt.
Vedtaket om elektrifisere Utsira-høgda blei i 2014 «pressa fram» av ein samla opposisjon på Stortinget, som markerte sigeren med å ete kake.
Foto: Marte Christensen / NTB scanpixFaktisk.no: «Elektrifiseringa kan kutte norske klimautslepp, men den globale effekten er meir omstridd.»
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.