Hopp til innhold

Fire nye plattformer får straum frå land innan kort tid

Trass auka motstand mot elektrifisering av sokkelen vil ytterlegare fire norske plattformer «snart» få kraft frå land.

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

NEST STØRSTE: I 2010 vart oljefeltet Johan Sverdrup oppdaga på Utsirahøgda. Det kan vere det nest største feltet på den norske kontinentalsokkelen, etter Ekofisk. Ni år seinare var produksjonen i gong.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I fjor skreiv Vestland fylkeskommune brev til NVE og bad dei om å «prioritere» Samnanger i spørsmålet om kor oljefelta Noa og Krafla (Noaka) skulle få straum frå.

Nokre månader seinare fekk pipa ein annan lyd.

Då sa plutseleg eit breitt fleirtal i fylkesutvalet i Vestland at oljefelta vest for Bømlo ikkje må få straum frå Samnanger. Forklaringa til Vestland SV var at elektrifiseringa var «eit blindspor i klimakampen».

Bakom snuoperasjonen syng kraftmangel og pressa overføringskapasitet, men også meir grunnleggjande spørsmål om kor vidt elektrifisering av sokkelen framleis er ein god ide.

Symbolisert ved parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Geir Pollestad, som i førre veke sa at det vil vere «veldig rart» om nasjonen ikkje tek ein fot i bakken.

Men uavhengig av straumkrise og splid i regjeringa, går elektrifiseringa inn i ein hektisk haust.

Per i dag er det åtte felt på norsk sokkel som får kraft frå det norske kraftnettet, og fleire skal det bli.

I løpet av kort tid vil fire nye plattformer på Utsira-høgda bli kopla til landsstraum.

Vi planlegg for oppstart i fjerde kvartal, seier Eskil Eriksen i Equinor til NRK.

Elektrifisering av Utsirahøyden

Fire plattformer på Johan Sverdrup-feltet er i dag elektrifisert. No skal ytterlegare tre andre plattformer i området få straum frå land: Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog.

Foto: Equinor

Ifølgje Dagens Næringsliv vil elektrifiseringa krevje 5,1 TWh kraft innan utgangen av 2023.

Til samanlikning vart det i 2021 brukt 1,8 TWh straum i Stavanger.

Vedtaket om elektrifisere Utsira-høgda vart i 2014 «pressa fram» av ein samla opposisjon på Stortinget, som markerte sigeren med å ete kake.

Framskrivingar frå Oljedirektoratet viser at om lag halvparten av norsk petroleumsproduksjon vil vere drive med kraft frå land midt på 2020-talet.

Det vil utgjere ein utsleppsreduksjon på 3,2 millionar tonn CO₂ årleg, eller 6,5 prosent av Noregs samla CO₂-utslepp.

Feirer Utsira-avtale i Stortinget

Terje Lien Aasland (Ap), Heikki Holmås (SV) og Jon Evang frå miljøstiftinga Zero feira vedtaket om elektrifisere Utsira-høgda med kake i 2014.

Foto: Marte Christensen / NTB scanpix

Wisting-feltet vil tappe Finnmark for kraft

På same tid har NVE ytterlegare sju søknader om elektrifisering av oljefelt og petroleumsanlegg på bordet.

Blant desse er det nemnde Noaka-feltet, og det omstridde Wisting-feltet i Barentshavet.

I februar vart det vedteke straumkabel til Wisting-feltet i Barentshavet etter at Equinor forklarte at det ikkje var tilstrekkeleg gass i reservoaret til å forsyne feltet med eiga kraft.

Prosjektet har vore karakterisert som «ein miljøbombe» og har skapt splid mellom budsjettpartnarane Ap og SV.

Delar av grasrota i Arbeidarpartiet har den siste tida gått i rette med ideen om å «kaste bort dyrebar straum» på elektrifisering av sokkelen. Blant dei er Ap-ordførarane i Høyanger, Sandnes, Farsund og Sunndal.

Lars Haltbrekken (SV) håpar «ulminga i Ap» kan vere starten på ein omkamp om Wisting-feltet.

Om Wisting-feltet blir ein realitet, vert Finnmark tappa for kraft. Om Ap-ordførarane faktisk vil sikre landsindustrien, så må dei vere med oss på dette, seier han til NRK.

Elektrifisering av Krafla

Eit breitt fleirtal i fylkesutvalet i Vestland vil ikkje lenger at oljefelta vest for Bømlo skal få straum frå Samnanger.

Foto: Vestland fylkeskommune

Kan skape motstand mot klimatiltak som faktisk fungerer

Olje- og energiminister Terje Aasland har gjentekne gongar uttalt at han «står fast på måla» som er formulert i Hurdalsplattforma der det heiter at regjeringa skal sørgje for vidare elektrifisering av sokkelen, men «i størst mogleg grad med havvind».

Det same seier Kari Nessa Nordtun, som er den nye leiaren for Arbeidarpartiets energiutval.

Ideen om elektrifisering byggjer på målet om å kutte mellom 50–55 prosent av CO₂-utsleppa fram til 2030. Den norske olje- og gassutvinninga står i dag for meir enn ein firedel (27 prosent) av norske klimagassutslepp.

Elektrifiseringa som klimatiltak er likevel omstridd.

Faktisk.no: «Elektrifiseringa kan kutte norske klimautslepp, men den globale effekten er meir omstridd.»

Tidlegare sentralbanksjef Øystein Olsen sa i førre veke at elektrifiseringa «ikkje er god miljøpolitikk» og at ho «kan skape motstand mot klimatiltak som faktisk fungerer».

I ein kommentar i Stavanger Aftenblad ironiserer Jørg Arne Jørgensen over det motsetningsfulle blikket på norsk gass, som pregar norsk politikk: «Ein energi som er så urein at han ikkje kan brukast til å produsere seg sjølv».

Johan Sverdup-feltet
Foto: Rolv Christian Topdahl

Effekten på dei globale utsleppa er usikker

Andre kritikarar viser til at elektrifiseringa berre gir ein «papirgevinst» sidan gassen som blir «spart» berre blir brend ein annan stad.

Resonnementet byggjer på at den norske sokkelen er omfatta av kvotesystemet i EU, og at norske kutt vert «nulla ut» av utslepp på kontinentet.

I eit svar frå 2021 skriv Olje- og energidepartementet (OED) at «effekten på dei globale utsleppa ved auka bruk av kraft frå land er usikker».

Andre hevdar at denne måten å argumentere på røper eit altfor «statisk syn på kvotesystemet», som ikkje tek innover seg at EU kan slette kvotar kvart år.

Blant dei som resonnerer slik er klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap). I eit intervju med Dagens Næringsliv seier han:

Det er som å seie at ein ikkje treng kjøpe elbil, fordi dieselen eg ikkje bruker, bruker nokre andre.