Hopp til innhold

Havvind kan koste deg og meg «fleire titals milliardar»

Havvind-satsinga skulle betale for seg sjølv. Nye utrekningar viser at staten må ut med 20 milliardar kroner, eller meir.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Equinor melde denne veka at Trollvind vert for dyrt, og at dei legg havvindprosjektet på is.

Vi kan ikkje kaste gode pengar etter prosjekt som ikkje møter grunnleggjande krav til lønnsemd, forklarte Equinor-sjef Pål Eitrheim.

Skrinlegginga har fått internasjonal merksemd, og Olje- og energidepartementet har karakterisert det som ein «trist nyheit».

På Stortinget har responsen vore mindre raus, symbolisert ved SV, Venstre og MDG som skuldar Equinor for å springe frå samfunnsansvaret sitt sjølv om dei «druknar i krigsprofitt frå Ukraina-krigen» (sjå under).

– Dette var enormt synd. Her kan det vere at vi må endre insentiva eller innføre ei elavgift på sokkelen, seier Kari Elisabeth Kaski (SV).

Trollvind

Oppe til venstre er Trollvind, som ikkje lenger blir noko av. EU skal bli karbonnøytral innan 2050. Havvind er utpeika som den viktigaste kjelda til å nå dette målet.

Foto: Vista analyse

Kva er det som står på spel?

Då Trollvind vart lansert i fjor sommar, uttalte Equinor at prosjektet var lønnsamt i seg sjølv, og at det ikkje var behov for subsidiar. Målet var at produksjonen skulle starte i 2027.

Trollvind har derfor vore rekna som ein lakmustest på havvindsatsinga og ein spydspiss i det grøne skiftet, som i sin tur skal bidra til at Noreg når klimamåla sine.

Når Trollvind havarerer, er det derfor meir enn berre eit enkeltprosjekt som går over ende.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

20,4 milliardar kroner frå felleskassa

NRK har vore i kontakt med fleire som seier at tilbakeslaga for Biozin-fabrikken i Åmli, karbonfangstanlegget på Klemetsrud og no Trollvind reiser grunnleggjande spørsmål om offentleg pengebruk og vegen vidare.

Fellesnemnaren er at kostnadsveksten blir for stor. Det er beklageleg og bidreg til auka spenning mellom grøne vyar og økonomiske realitetar, seier Bjørn K. Haugland, som er administrerande direktør i klimainitiativet Skift.

Les også Prestisjeanlegget 3 milliarder dyrere – Oslos klimamål i fare

Fortum Oslo Varme

Før jul uttalte olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) at havvind-satsinga helst bør betale for seg sjølv, og at han vil støtte utbyggjarane «med så lite pengar som mogleg».

Sidan har kostnadsoverslaga vakse for kvar utrekning.

Frå «forventa» 9 milliardar kroner og ein «maksgrense» på 15 milliardar kroner, til den siste analysen frå Vista og Guidehouse som seier at rekninga kan bli 36 prosent høgare – altså 20,4 milliardar kroner.

Oppdatering: Innretninga på differansekontraktane gjer at dette talet (20,4) i praksis blir endå høgare. Analysen frå Vista og Guidehouse legg ein reservasjonspris på 90 øre per kilowattime til grunn.

I eit innlegg i Dagens Næringsliv listar leiar for Energikommisjonen, Lars Sørgard, opp seks grunnar til at havvindsatsinga på norsk sokkel bør setjast på pause.

Foreslår å utrede disse 20 områdene for havvind.

NVE foreslår å utrede desse 20 områda for havvind. Oljeselskapa Equinor, BP og Shell er blant selskapa som har signalisert interesse for å bli med i den store havvind-auksjonen i Nordsjøen.

Foto: NVE

Fleire titals milliardar i unødvendige subsidiar

Mange forventar at prisane på havvind skal ned. Men fakta er at prisane aukar og at leveringstida går opp, seier Erling Ronglan i energiselskapet Ocean-Power, som satsar på CO₂-fangst og -lagring.

Spørsmålet om havvind-finansiering ligg no til behandling i energikomiteen, som skal gi ei innstilling til Stortinget 7. juni.

Ei utrekning på nettstaden Energi og Klima viser at havvind vil koste mellom 3,6 og 9,3 milliardar kroner i subsidiar kvart år.

Det er stor fare for at norske skattebetalarar må betale titals milliardar i unødvendige subsidiar, seier Alfred Bjørlo (V).

Han seier det «renner pengar ut av statskassa» og beklagar seg over at Sørlige Nordsjø II blir bygd ut med envegskablar til Noreg i staden for «hybridkablar» til kontinentet, som ville sikra Noreg «flaskehalsinntekter».

Regjeringa klarer på utruleg vis å gjere gull til gråstein. Medan andre land rundt Nordsjøen klarer å få havvind-utbygging til å gå raskt og lønnsamt, så er satsinga vår dyr, dårleg og langsam, seier Bjørlo.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på pressekonferanse om ny satsing på havvind.

Regjeringa har føreslått å sikre havvind-utbyggarane ein inntekt 66 øre per kilowattime – som svarer til 15 milliardar kroner. Olje- og energidepartementet har sidan opna for at det kan bli aktuelt å spytte inn meir.

Foto: NTB

Vi treng krafta frå havvind

Jon Evang er fagsjef for havvind i Fornybar Noreg. Han seier til NRK at den auka inflasjonen gir høgare prisar, som i sin tur «rammar det grøne skiftet og energiomstillinga, så vel som alt anna».

At den norske krona står lågt i kurs hjelper heller ikkje. Men vi treng framleis krafta frå havvind. Vi har ikkje andre realistiske alternativ hvis vi skal få nok kraft utover 2030-talet.

Han legg til støtteordninga som er vald (tosidig differansekontrakt) er «godt eigna for risikofordeling i denne typen prosjekt».

Kor mykje det faktisk vil koste staten veit vi ikkje, det vil avhenge av faktisk straumpris etter oppstart. Støtteordninga kan også gi staten inntekter.

NRK forklarer

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

I februar ble det bestemt at Regjeringen åpner for utbygging av havvind i Nordsjøen.

Olje- og energidepartementet har sendt et forslag på høring til inndeling i utlysningsområde for både Utsira nord og Sørlige Nordsjø II.

Ved Utsira nord er det snakk om flytende havvind, mens vindturbiner i Sørlige Norsjø II vil være bunnfaste.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hvor skal vindturbinene til havs stå?

Selv om området ved Sørlige Nordsjø II ligger helt på grensen mot Danmark så skal kraften bare kobles til Norge.

– Det handler om å sikre tilgang på ren og rimelig kraft. Det er situasjonen vi står i nå en påminnelse om, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), da han la frem satsingen.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Når skal dette stå klart?

Støre anslår at de første vindmøllene til havs vil komme på siste halvdel av 2020-tallet.

Feltene vil kunne lyses ut høsten 2022. Auksjon skal være hovedmetoden.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Er alle enige i at dette er en god idé?

Satsingen har møtt motbør. Opposisjonen frykter at det ikke vil være lønnsomt og at skattebetalerne må ta risikoen. Dette fordi kraften ikke kobles på et europeisk marked.

Regjeringen er dermed blitt kritisert for at satsingen er avhengig av subsidier.