Hopp til innhold

Rapport: Elektrifisering av oljefelt tappar denne regionen for kraft

Elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet bidreg til kraftmangel på sørvestlandet. Det hindrar nye og grøne industriar og pressar straumprisen opp, viser ein ny rapport.

Stord transformatorstasjon på Litlabø

Stord transformatorstasjon på Litlabø er høgt belasta, og må oppgraderast, ifølgje rapporten.

Foto: Olav Røli / NRK

– Situasjonen er kritisk. Verksemder får nei til å etablera seg her fordi det ikkje finst nok straum, seier Magne Heimvik, som har årevis med leiarerfaring frå kraftbransjen, men som no er pensjonert.

Han har leia arbeidet med ein ny rapport om kraftsituasjonen i Sunnhordland. Regionen ligg i området med desidert høgast straumpris for tida.

Rapporten er laga av Invest in Sunnhordland, som er eit samarbeid mellom fleire kommunar for å legga til rette for industriutvikling.

I tillegg til at kraftnettet i regionen er fullt belasta og har liten kapasitet, peikar dei på elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet.

Johan Sverdrup feltet

Johan Sverdrup-feltet produserer opp mot 755.000 fat olje per døgn, ifølgje Equinor.

Foto: Lizette Bertelsen & Jonny Engelsvoll / Equinor

Johan Sverdrup er det tredje største feltet på norsk sokkel. Sidan 2018 er det blitt drive med straum frå land, heller enn å produsera eigen straum frå gassen dei pumpar opp i Nordsjøen. Ifølgje Equinor kuttar det utsleppa av klimagassar med 80 til 90 prosent.

Kablane går frå Kårstø i Tysvær i Rogaland. Feltet tek om lag 300 MW frå sentralnettet, som forsyner Sunnhordland og Haugalandet med straum.

– Konkret betyr det at alle nyetableringar eller utvidingar av forbruket over 1 MW truleg må venta til nærare 2028 før dei får tilgang på kraft, ifølgje Heimvik.

«I ei tid der ein har stort kraftunderskot på land, er det svært uheldig at så mykje kraft frå land blir brukt til ei næring som kunne vore driven med eigenprodusert kraft offshore – anten med gass eller havvind.», står det i rapporten.

– Må ikkje elektrifisering til for å leva opp til forpliktingar om kutt i utslepp?

Det har ikkje me teke stilling til i denne rapporten. Det me har peika på er konsekvensane, seier Lene Pilskog, som er leiar for Invest in Sunnhordland.

Lene Pilstrøm og Magne Heimvik

Store verksemder må truleg venta til 2028 før dei kan etablera seg i Sunnhordland. Unnataket er Husnes i Kvinnherad, seier Lene Pilskog i Invest in Sunnhordland og Magne Heimvik, som har leia arbeidet med rapporten.

Foto: Olav Røli / NRK

Fryktar hinder for ny, grøn industri

Debatten om elektrifisering av sokkelen har blussa opp etter at regjeringa for to veker sidan gjekk inn for å elektrifisera gassanlegget på Melkøya i Finnmark med straum frå land.

Det skal bidra til at Noreg når målet om å redusera utsleppa frå olje- og gassproduksjonen med 50 prosent innan 2030 og ned mot null i 2050.

Mange fryktar det vil gi mindre kraft til annan industri og privatpersonar.

– Har Sunnhordland allereie kome der Finnmark fryktar dei skal koma?

– Ut frå det me har funne ut, kan ein gjerne seia det ja, seier Pilskog.

– Me har leiande teknologi innan grøn industri, og det kjem folk frå heile verda hit for å testa nye løysingar. Men når dei vil etablera seg, kan me ikkje ta imot dei fordi me ikkje har kraft.

Det er meir enn 20 næringsområde i kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord. Alle planlegg i tillegg nye næringsområde.

Berre i Bømlo kommune er det eit auka behov på rundt 40 MW dei neste ti åra, har Finnås kraftlag rekna ut.

Invest in Sunnhordland oppfordrar no politikarar både lokalt og nasjonalt om å auke kraftproduksjonen i området.

Mykje dyrare straum i sør og sørvest

Også vanlege forbrukarar blir ramma av kraftunderskotet.

Sunnhordland ligg i prisområdet NO2, som skil seg ut med prisar som i det siste har vore opptil fem gonger høgare enn i resten av landet. Måndag føremiddag låg spotprisen på 112 øre per kWh. Ein ferjetur lenger nord og til eit anna prisområde, betalte folk berre 27 øre per kWh.

– Korleis påverkar elektrifiseringa av Johan Sverdrup-feltet prisen?

– Alt forbruk er med på å pressa prisane opp. Me ligg også nærare landingspunktet for utanlandskablane. Ei anna forklaring er avgrensa kapasitet mellom dei ulike regionane. Me får flaskehalsar og underskot på kraft i enkelte område. Då går prisen opp, seier Magne Heimvik.

Onsdagens strømpriser viser store forskjeller fra Sør-Norge og resten av landet.

Det er store skilnader i straumprisen. Her er eit døme frå onsdag i førre veke.

Foto: Strøm.no

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Volue Insight seier det er andre faktorar som påverkar prisen meir.

– Forbruket til Johan Sverdrup nærmar seg truleg 10 prosent av alt forbruket i prisområdet NO2. Men forbruket druknar litt i forhold til ver og vind, og korleis det svingar frå time til time. I denne regionen er ein også kopla til fire land med kablar, og det påverkar prisen.

Ifølgje Lilleholt kjem straumprisane til å jamna seg meir ut og bli likare til vinteren.

Tor Reier Lilleholt

Tor Reier Lilleholt er klar på at elektrifisering av sokkelen må til for at Noreg skal innfri forpliktingane sine på klima. – Dei trumfar det meste, seier han.

Foto: NRK

Kraftsjalusi andre stader

Elektrifiseringa av Melkøya gjer at regjeringa vil prioritera nettutvikling og konsesjonssøknader i nord, med særleg vekt på Finnmark.

Det skaper frykt for nedprioritering andre stader i landet.

I eit nytt svar til Stortinget gjentek olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) ambisjonen om å prioritera nord.

«En prioritering av noe vil nødvendigvis medføre at noe annet ikke kan prioriteres like høyt. Jeg vil likevel påpeke at regjeringen har gjennomført flere tiltak for å redusere tiden det tar å utvikle og konsesjonsbehandle nye nettiltak (...)», skriv han i svaret.

Magne Heimvik håpar at rapporten om kraftmangel i Sunnhordland skal gi tydelege signal til styresmaktene.

– Det er eitt svar: Me må ha tilgang på meir kraft. Me må produsera meir lokalt og regionalt, og styrka nettstrukturen. Me må utvikla kraft både til havs og satsa på andre større prosjekt.

Stord transformatorstasjon

Nettkapasiteten i det meste av Sunnhordland er altfor dårleg, slår rapporten fast.

Foto: Olav Røli / NRK