Hopp til innhold

Landets dyraste veg er «eitt skritt nærare» bygging

Ein viktig milepæl for landets dyraste vegutbygging er no godkjend. Men verken regjeringa eller Stortinget har tatt endeleg stilling til om Hordfast skal byggast.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

DYR, ØNSKA, OMSTRIDD: Reguleringsplanen for Hordfast skal vere ferdig i løpet av den kommande vinteren.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Hordfast er planen om ein 55 kilometer lang motorveg på E39 sør for Bergen. Den inkluderer ei fire kilometer lang flytebru.

Kombinert med tunnelane Rogfast under Boknafjorden vil Hordfast gjere hovudvegen mellom Stavanger og Bergen ferjefri.

Hordfast er kostnadsrekna til 46 milliardar kroner. Det blir i så fall det dyraste vegprosjektet i noregshistoria.

Politisk og folkeleg motstand

Hordfast er både ønska og omstridd.

  • Tilhengarane understrekar at kortare reisetid vil styrke næringslivet på Sørvestlandet. Det vil kobla saman bu- og arbeidsregionar, og fjerne forureinande ferjer.
  • Motstandarane meiner utbygginga vil rasere internasjonalt verneverdig natur og gi auka trafikk og klimagassutslepp.

Plant partia er det berre SV, Raudt og MDG som er mot å byggja Hordfast.

Motorvegen blir ikkje prioritert høgast av vestlendingar flest. Også Vestland fylkesting og Bergen bystyre har prioritert ny jernbane og E16 Bergen-Voss framfor Hordfast.

Ny milepæl, men ikkje avgjort

I dag har kommunal- og distriktsdepartementet fastsett planprogrammet for ferjefriprosjektet Hordfast sør for Bergen.

– Eg meiner planprogrammet gjev eit godt grunnlag for å sluttføre arbeidet med reguleringsplanen, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Dermed er ein ny milepæl passert. Men Stortinget har framleis ikkje gjort endeleg vedtak om at prosjektet skal gjennomførast.

Utbygginga er avhengig av:

  • løyvingar i Nasjonal transportplan (NTP), som regjeringa skal legge fram våren 2024, og
  • endeleg finansieringsvedtak i Stortinget i statsbudsjettet seinare år.

Statsråden slår fast at bygging av Hordfast framleis ikkje avgjort.

– I arbeidet med NTP skal dette prosjektet vurderast i ein heilskapleg samanheng, understrekar Gjelsvik.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) har i dag fastsett planprogrammet for Hordfast.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Smalare og saktare

Til no har Hordfast vore planlagd som 4-feltsveg med fartsgrense 110 km/t.

Statens vegvesen har no endra planprogrammet etter innspel frå kommunar og privatpersonar. Den viktigast endringa er at det skal utgreiast å redusere både fart og vegbreidde.

Alternativa er 90 eller 100 km/t, og smal 4-feltsveg eller 2-3-feltsveg.

Dette er i tråd med at regjeringa vil gjere nye norske motorvegar smalare og redusere fartsgrensa.

Redusert vegstandard vil få følger for både kostnadar, nytte, trafikktryggleik, naturinngrep og andre miljøtema.

Departementet ber om ei samla og oppdatert vurdering av konsekvensar for naturmangfald og andre aktuelle tema.

Vegvesenet planlegg å ha ferdig sitt forslag til reguleringsplan for Hordfast vinteren 2023/2024.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

Den rekordlange flytebrua over Bjørnafjorden er planlagd for fire felt og 110 km/t, men regjeringa vil no ha utgreiingar om redusert breidde og fart.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling