Hopp til innhold

Samferdselsministeren avviser klima-analysen han sjølv bad om: – 50 kr per liter er uaktuelt

Vegvesenet rekna ut at Hordfast og fleire andre vegprosjekt blir mindre samfunnsnyttige viss ein skal nå klimamåla. Men regjeringa som bestilte svaret godtar ikkje reknestykket.

Jon-Ivar Nygård

NYTTIG MEN UAKTUELT: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård meiner det er viktig å ta nødvendige klimatiltak med i nytteanalysane av store vegprosjekt, men avviser prissjokk på bensin som tiltak.

Foto: Tom Balgaard / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Nei, det er ikkje aktuelt for regjeringa med diesel- og bensinprisar på 50 kroner per liter.

Det svarer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) på spørsmål frå stortingsrepresentant Helge-André Njåstad (Frp).

Men ministeren legg til:

– Samtidig meiner eg det er heilt nødvendig at me får fram fleire bilete av korleis framtida kan sjå ut. Det er nemleg svært usikkert korleis samfunnet vårt vil sjå ut dersom utsleppa skal bli kutta i eit så stort omfang at me når klimamåla for Noreg.

Klimatiltak kuttar samfunnsnytten

Før påske la Statens vegvesen fram to rapportar om kutt i klimagassutslepp frå biltrafikk og vegbygging. Konklusjonane har både vekt begeistring og sett sinn i kok.

Den eine rapporten konkluderte med at målet om å kutta klimagassutsleppa frå biltrafikk og vegbygging med 55 prosent innan år 2030 er utanfor rekkevidd.

I den andre rapporten rekna Vegvesenet ut at samfunnsnytten går ned for elleve store vegutbyggingar dersom ein samtidig skal innføra tiltak som gir så store utsleppskutt.

For det største prosjektet, motorvegen Hordfast sør for Bergen, forsvinn den positive samfunnsnytten og går heller i minus.

Nytten blir altså mindre enn dei milliardar kronene utbygginga vil kosta for staten.

Alternativ til fjordkryssing Hordfast

Når nødvendige klimatiltak blir tatt med i reknestykket, ser samfunnsnytten av Hordfast mørkare ut enn i tidlegare analysar.

Foto: Illustrasjon: Baezeni / Statens vegvesen

Dyr bensin og høge bompengar

I begge rapportane la Vegvesenet mellom anna til grunn at tilstrekkeleg omfattande utsleppskutt kan krevja avgiftsauke som hevar bensinprisen til 50 kroner.

Analysen føresette også ein kraftig auke i bompengar for å nå målet om nullvekst i biltrafikken i storbyane.

Miljøvernarar og parti som SV, MDG og Raudt helsa konklusjonen velkommen og meinte at tilhengarane av Hordfast hadde mista kronargumentet sitt om samfunnsnytte.

Framstegspartiet og Høgre avviste derimot premissane for analysen.

– I denne nytteanalysen har dei putta «skit inn» og får dermed «skit ut», meinte Njåstad i Framstegspartiet.

Les også Prosjektet blei ulønsamt då Vegvesenet la 50 kr literen til grunn: – Ein «shit in, shit out»-rapport

Hordfast-bru

– Nyttig kunnskap, men nei

Det var Samferdselsdepartementet sjølv som i vinter bad Vegvesenet revurdera kor samfunnsøkonomisk lønsamt det er å bygga Hordfast og ti andre storprosjekt.

I nytteanalysen skulle ein då ta omsyn til tiltak som gjer at utsleppa frå norske vegar i 2030 skal vera 55 prosent lågare enn i 1990.

Men når utrekninga no er gjort, er samferdselsministeren og dermed regjeringa einig med Framstegspartiet i å avvisa skyhøg bensinpris som nødvendig premiss.

Ifølge Nygård var hensikta med analysen å få eit inntrykk av ulike typar verkemiddel som kan vera nødvendige for å nå utsleppsmåla, og korleis tiltaka påverkar den samfunnsøkonomiske lønsemda av dei store prosjekta.

– Eg meiner dette kan bidra til å gi ein meir realistisk Nasjonal transportplan, I arbeidet med ny NTP er me nøydde til å ta høgde for store endringar i det norske samfunnet. Men det er ikkje dermed sagt at me meiner det er aktuelt med ein drivstoffpris på 50 kroner per liter, skriv han.

Statssekretæren hans Tom Kalsås (Ap) utdjupar:

– Me er ikkje redde for å innhenta ny kunnskap. Denne typen berekningar er nyttige å ha med seg vidare, men for eksempel ein literpris på 50 kroner vil ikkje vera aktuelt for denne regjeringa å innføra.

– Kva vil de då bruka denne analysen til?

– Dette blir eitt element i dei vurderingane me skal gjera. Det er ikkje tvil om at klima og miljø kjem til å bli gitt vekt framover. Mange grep må til og verka saman for at me skal nå målet som er krevjande men ikkje umogleg.

– Korleis ligg de an?

– Totalen for Noreg er at me har ein stor jobb framfor oss for å nå måla for 2030, seier Kalsås.

Tom Kalsås

Arbeidarpartiets statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet.

Foto: Stortinget

Seks prosent kutt, ikkje 55

Konkret har Vegvesenet, Jernbanedirektoratet og dei andre statlege transportetatane nyleg slått fast at med dei verkemidla som er på plass i dag, ligg det berre an til seks prosent kutt i transportsektoren, altså langt unna målet om 55 prosent.

– Kva grep vil de ta, når de avviser så høge drivstoffprisar?

– Til dømes elbilpolitikken, og å få tungtrafikk, ferjer og hurtigbåtar over på nullutslepp, seier Kalsås.

Spørsmålet om auka bompengar overlèt departementet til lokale styremakter.

Også spørsmålet om Hordfast og andre vegar bør bli bygt, legg regjeringa over på fylkeskommunane.

– Me kjem til å lytta til fylkeskommunane om kva prosjekt dei vil prioritera øvst, seier statssekretæren.

Les også Nye klimaberekningar viser negativ samfunnsnytte for motorvegen

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

«Negativ nytte»

Alle dei elleve storprosjekta kjem ut i minus på samfunnsnytte i forhold til kva det kostar det offentlege.

Den samfunnsøkonomiske lønsemda eller nytten av alle dei store prosjekta er altså mindre enn det staten må punga ut med.

Kva utbyggingar Vegvesenet faktisk meiner bør prioriterast, er ikkje så enkelt å seia, for dei har laga ulike lister med ganske ulik rekkefølge.

Hordfast er til dømes 1.-plass i samfunnsnytte i forhold til utgiftene staten får, sjølv om nytten altså blir negativ.

Men i den såkalla porteføljeprioriteringa har Vegvesenet no plassert Hordfast på 12.-plass.

– Hordfast ikkje klar til å byggast

Kalsås seier årsaka er at reguleringsplanen for prosjektet ikkje er ferdig.

– Då seier det seg sjølv at prosjektet ikkje kjem øvst. Hordfast er uansett ikkje klar til å byggast, rett og slett.

Han understrekar at netto samfunnsnytte er berre eitt av mange element som skal vurderast.

Les også Ny rapport: Klimamålet er utanfor rekkevidde

Lyshorntunnelen