Rasar mot Høgre etter forslag om å kutte sidemål

Høgre vil prøve ut valfritt sidemål for vidaregåande elevar i bergensområdet. – Eit forferdeleg og populistisk forslag, seier lektor og leiar i Hordaland Mållag, Astrid Olsen.

Undervisning

SIDEMÅLSUNDERVISING: Høgre foreslår no å gjere sidemålsundervisninga i vidaregåande skular valfritt. (illustrasjonsbilete)

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Høgre i Bergen vil prøve ut valfritt sidemål for elevar på vidaregåande skule i bergensområdet. Ifølgje bystyrerepresentant Jacob Mæhle (H) er det brei semje i partiet om å gå for prøveordninga.

Mæhle meiner elevane som slit med lesing og skriving vil bli betre i hovudmålet, dersom dei kuttar sidemålet. Det er berre tull, seier lektor og leiar i Hordaland Mållag, Astrid Olsen.

– All forsking syner at dersom ein lærer begge målformer, blir ein betre i hovudmålet. Dette vil ikkje styrke norskopplæringa, og er eit reint populistisk forslag frå Høgre, fullt av forakt for dei som ikkje er med i fleirtalet.

LES OGSÅ: Nynorsk gjer elevar betre i lesing, rekning og engelsk.| Nynorsk og bokmål sammen gir bedre språk

– Skal me kutte gym og tysk også?

Mæhle seier valfritt sidemål er noko elevane har etterspurt lenge, men Olsen meiner dette ikkje er noko elevane bør få velje.

– Det er mange som seier geometrien er for vanskeleg, så kanskje me skal ta bort den også? Det er mange som vil velje det som er lettast, og gjerne sleppe tysk eller gym. Men ein kan ikkje ta bort alt som er vanskeleg.

LES OGSÅ: Vil ikke at innvandrere skal tvinges til å lære nynorsk

– Høgre byrjar i feil ende

Øystein Hassel

KRITISK: Ungdomskandidat for Arbeidarpartiet i Bergen, Øystein Hassel, reagerer kraftig på utspelet frå Høgre.

Foto: AUF

Også ungdomskandidat for Arbeidarpartiet i Bergen, Øystein Hassel, reagerer kraftig på utspelet frå Høgre.

– Ein kan ikkje grunngje det å ta bort sidemålet, med at elevane skal bli flinkare i eit språk. Snarare tvert om.

– Me er einige om problemet, at ein av fem går ut av skulen utan å kunne lære å lese og skrive skikkeleg. Men ein må setje inn støyten der dei faktisk lærer å lese og skrive, og det er på barneskulen. Difor foreslår Ap fleire lærarar på fyrste og andre trinnet på barneskulen. Det har me også dekning for i vårt alternative budsjett, seier Hassel.

– Valfridom er viktig

Jacob Mæhle

– BETRE MED EI MÅLFORM: Det meiner bystyrerepresentant for Høgre i Bergen, Jacob Mæhle.

Foto: Privat

Mæhle (H) meiner forslaget deira vil gje dei svake elevane ein fordel, ved at dei får moglegheita til å velje bort sidemålet.

– Det handlar om kor vidt eleven har lyst til å konsentrere seg om andre ting, eller om dei vil lære seg to målformer. Elevane kan heilt fint velje dette sjølv.

– Avviser du forskinga som syner at sidemålsopplæring gjer elevane betre på skulen?

– Eg avviser ikkje forskinga, men eg trur det er betre å kunne hovudmålet ekstra godt, heller enn å kunne to målformer halvgodt. Eg trur forslaget vil gjere elevane betre rusta, og så er det sjølvsagt viktig at dei sjølve får bestemme kva dei vil ha på CV-en, framfor at politikarane gjer det.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonal folkeavstemning om nynorsk