Hopp til innhold

Forsking viser at nynorsk gjer oss flinkare

Ny forsking viser at nynorskbruken er årsak til at Sogn og Fjordane gjer det betre på nasjonale prøvar enn elevar elles i landet.

Elever i klasserom

ILLUSTRASJON: Elevane i Sogn og Fjordane gjer det sterkt på nasjonale prøvar. Forskarar meiner bruk av nynorsk kan vere ein av suksessfaktorane.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Sogn og Fjordane har i mange år toppa listene på nasjonale prøvar som viser kor godt elevane meistrar lesing, rekning og engelsk.

Göran Söderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier ny forsking peikar på nynorskbruken som ein suksessfaktor.

– Å lære seg to skriftspråk har tydelegvis ein bra effekt på skulearbeidet, seier han.

Presentert i dag

I dag blir dei første resultata frå forskingsprosjektet om kvifor elevar i Sogn og Fjordane skil seg så positiv ut, lagt fram.

Göran Söderlund

Forskar: Göran Söderlund.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Forskarane har samanlikna Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Aust-Agder og Oppland. Og resultata syner at også skilnadar i organisering av skulane, klasseromsundervisninga eller lærarane sin status kan forklare ein del av skilnadane mellom fylka.

Söderlund seier det er eit utvilsamt gode å beherske to målformer.

– Det betyr i alle fall at skuleborna har nytte av å halde oppe to språk. Då trenar ein hjernen, og trenar ein den mykje så lærer ein meir enn om ein trenar den lite.

Trur ikkje nynorsken er årsaka

Medan forskarane er sikre på samanhengen mellom nynorsk og gode skuleresultat, er ikkje alle i 7. klasse ved Slåtten skule i Førde like overtydde.

– Eg trur ikkje det har så mykje å seie for kor godt vi lærer, seier Iver.

– Eg skjønar heller ikkje kvifor vi er mykje smartare i alt saman. For det har jo med korleis folk tenkjer. Er dei flinke i matte, så er dei flinke i matte. Er dei flinke i engelsk, så er dei flinke i engelsk. Eg trur ikkje nynorsken har så veldig mykje å seie, seier Odd Bjarte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turid Hatlem

REKTOR: Turid Hatlem.

Foto: Privat

– Ja, men...

Charlotte derimot trur nynorskkunnskapen har positiv effekt på anna læring.

– Om du er flink til å lese nynorsk, er det betre å forstå bøker. Då er det lettare å kommunisere og få det betre til på skulen, meiner ho og får delvis støtte frå rektor Turid Hatlem.

Ho trur også at andre ting påverkar elevane sine positive resultat.

– Det kan også hende det har mykje med kulturen vår i Sogn og Fjordane, at skular framleis har høg status, folk som legg vekt på at ein skal jobbe med skule. Det kan vere mange ting som verkar inn, i tillegg til at vi har nynorsk som målform, avsluttar Hatlem.