Hopp til innhold

Høgre vil la elevane velje bort sidemål

Høgre vil prøve ut valfritt sidemål for vidaregåande elevar i bergensområdet. – Dette vil berre bidra til å svekke norskfaget og elevane sine ferdigheiter, meiner Venstre.

Julie Øvstedal, Elias Fjellstad og Simon Sagoe

UEINIG: Julie Øvstedal, Elias Fjellstad og Simon Sagoe er ueinige om forslaget frå Høgre. – Eg ville valt det vekk, seier Øvstedal.

Foto: Siri Løken / NRK

– Mange elevar kunne hatt god nytte av å bruke meir tid på hovudmålet sitt. Ein av fem går ut av skulen utan å kunne lese og skrive skikkeleg. Då trur eg det er betre å kunne det eine målet ekstra godt i staden for å kunne to litt halvveges, meiner bystyrerepresentant Jacob Mæhle (H).

Jacob Mæhle

– BETRE MED EI MÅLFORM: Det meiner bystyrerepresentant for Høgre i Bergen, Jacob Mæhle.

Foto: Privat

Han står bak forslaget om å prøve ut valfri sidemålsundervisning for vidaregåande elevar i bergensområdet. Ifølgje Mæhle er det no brei semje i Høgre om å gå for prøveordninga.

LES OGSÅ: Nynorsk gjer elevane flinkare| Nynorsk og bokmål sammen gir bedre språk

– Viktig å prøve ut prosjektet

Blant elevane ved Langhaugen vidaregåande skule vekker forslaget til Mæhle ulike reaksjonar.

– Eg ville valt det vekk. Det er ikkje mykje tid me brukar på det, og då er det ikkje så viktig å ha ein eigen karakter i det faget, seier Julie Øvstedal.

Andreklassingane Elias Fjellstad og Simon Sagoe er blant dei som meiner det er nyttig med undervisning i begge målformer.

– Me har to skriftspråk i Noreg, og då bør alle ha ein viss forståing for begge.

Jacob Mæhle (H) meiner det er viktig å prøve ut prosjektet.

– Bergen skil seg ut ved å ha få nynorskbrukarar. Det er spennande å sjå om ein kan få ei auke i motivasjon og interesse ved å gjennomføre eit slikt prøveprosjekt.

– Det vil vere eit stort tap

Lektor og norsklærar Magnus Lyngsstad har ikkje sans for forslaget frå Høgre.

Magnus Lyngstad

UEINIG: Lektor og norsklærar Magnus Lyngstad er kritisk til forslaget frå Høgre.

Foto: Siri Løken / NRK

– Det å gjere det valfritt vil i stor grad bety at ein ikkje vel det. Eg trur det vil vere eit stort tap. Både personleg, og fordi ein del jobbar krev at ein meistrar begge målformer.

Heller ikkje ungdomskandidat for Venstre i Bergen, Njaal Neckelmann, meiner forslaget frå Høgresida vil gjere godt for skulen og elevane.

– Me meiner valfri sidemålsundervisning vil berre bidra til å svekke norskfaget og elevane sine ferdigheiter. Det sømmer seg ikkje for kunnskapspartiet Høgre å senke ambisjonane for norsk skule.

Forslaget om valfri sidemålsundervisning skal i fyrste omgang behandlast i Bergen bystyre.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonal folkeavstemning om nynorsk