Hopp til innhold

Opnar for å bruke amerikanske atomskip som kraftverk langs norskekysten

Ein joker har dukka opp i debatten om den anstrengde straumsituasjonen: Amerikanske skip med atomreaktorar om bord.

Hammerfest- Melkøya

KUTTE UTSLEPPA: Equinors planar for Melkøya skal etter planen kutte klimautsleppa på anlegget med 850.000 tonn i året.

Foto: Allan Klo

Under kraftkonferansen i Stavanger sist veke fortalde administrerande direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, at «ei gruppering» av medlemsbedriftene deira er i dialog med amerikanske selskap som leasar ut flytande atomkraftverk.

Bakgrunnen er det som kan bli ein anstrengd kraftsituasjon fleire stader i landet.

– Det handlar om å utforske alle moglegheiter. Men det er ein del spørsmål som står att, seier direktøren til NRK.

Spørsmål selskapa treng avklaring på handlar om ansvarsforhold, drift, avfallshandtering og når avtalane eventuelt kan inngåast.

Lier-Hansen seier amerikanske atomreaktorar i norske hamner «neppe er realistisk før i 2035», og kviler på to føresetnader:

  • Leasingavtalane må vere i tråd med norsk lov
  • Lokal aksept

Dei siste åra har ei rekkje atomdrivne ubåtar lagt til kai ved Grøtsund hamn i Tromsø, og frå tid til anna skapt gnissingar.

På spørsmål om flytande amerikanske atomreaktorar harmonerer med Bratteli-doktrinen, svarer Lier-Hansen at «det skal gå greitt» og at «svensk kjernekraft er ein del av den norske energimiksen den dag i dag».

Tidlegare i februar vart det rapportert at direktøren «har gjort heilomvending» og ikkje lenger er motstandar av kjernekraft.

– Det er feil. Eg har aldri vore motstandar av kjernekraft. Men eg har sagt at det vil ta tid.

Stein Lier-Hansen

Direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, seier at fleire av medlemsbedriftene deira er i dialog med amerikanske selskap som leasar ut flytande atomkraftverk.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

– Eg forstår godt dei som er urolege

Planane om å bruke 3,6 terawattimar på å elektrifisere gassanlegget på Melkøya utanfor Hammerfest har det siste året skapt debatt av fleire grunnar:

  • Fordi nye kraftlinjer kan komme i konflikt med reinbeiteområde.
  • Fordi planane kolliderer med anna kraftkrevjande næring i nord, som konkurrerer om den same krafta
  • Fordi kraftsituasjonen er anstrengt nok som han er, og ytterlegare «trengsel» kan presse straumprisen opp

Les også Bedrifter i Nord-Norge bønnfaller staten om mer strøm – men får nei

BioMar fabrikk på Myre.

Påstandar om at krafta vert «støvsogen» har derfor skapt stor lokal motstand og bølgjar langt inn i regjeringa, symbolisert ved nei til planane frå fylkeslag i Senterpartiet og «tja» frå Arbeidarpartiet.

JZC2a42FhQM

– Eg forstår godt dei som er urolege, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han besøkte anlegget tidlegare i vinter.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Statnett ville ha kraft frå russiske atomkraftverk

Som svar på den utfordrande kraftsituasjonen har ulike forslag til løysingar versert, blant anna meir vindkraft, meir vasskraft, meir energisparing i heimane og meir «blå energi» (karbonfangst og -lagring).

Ideen med amerikanske atomskip representerer eit nytt alternativ for å kvittere ut kraftbehovet i Nord-Noreg, men er likevel ikkje heilt ny.

The Akademik Lomosov, Pevek

Russland sette i drift eit flytande kjernekraftverk i fjor. Namnet er Akademik Lomosov.

Foto: Rosenergoatom

I 2014 tok Statnett og statsforvaltaren i Finnmark til orde for å importere kraft frå russiske atomkraftverk på Kolahalvøya, før energiministrane Ola Borten Moe (Sp) og Tord Lien (Frp) i tur og orden sette foten ned.

Den same Borten Moe, som i dag er kunnskapsminister, sørgde i fjor for at forskinga på kjernekraft vart tilgodesett med 25 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.

Russarane sette i drift eit flytande kjernekraftverk i mai i fjor.

Over hele landet står industrien i kø for å koble seg til strømnettet - mange av dem i Nord-Norge

Alt fra oppdrettsanlegg, sjømatproduksjon, elbilladere og slakteri til hydrogenproduksjon, ladeanlegg og datasentre trenger enorme mengder strøm

Bare i denne regionen alene trenger de over 1400 megawatt

Det tilsvarer samme effekt som 1,4 millioner av panelovnen du har hjemme på veggen

Noregs forskingsråd har gitt ti millionar kroner

– Leasing av flytande kjernekraftverk er interessant, ikkje minst for verksemder som treng kraft i ein periode, som til dømes eit olje- og gassfelt med avgrensa levetid, seier Jonny Hesthammer, som er styreleiar i Norsk Kjernekraft.

Han legg til:

– Men modellen er også interessant for bedrifter og næringsparkar med meir langsiktige kraftbehov.

NRK har tidlegare skrive at Noregs forskingsråd har gitt ti millionar kroner til eit prosjekt der målet er å utstyre frakteskip og cruiseskip med eigne små, modulære atomreaktorar.

Under eit folkemøte om vindkraft i Høyanger i januar fekk medlem i Alternativ Energikommisjon, Hogne Hongset, med seg forsamlinga på ein fråsegn om at kommunen i staden må utforske eit alternativt energispor: kjernekraft.

Les også Folkemøte om vindkraft vart til atomkraft-ja

GIRA PÅ DETTE: Folket i Høyanger skulle sist veke diskutere vindkraftplanar. Fire timar seinare var forsamlinga meir gira på kjernekraft. Illustrasjon: Slik ser britiske Rolls-Royce for seg at deira små, modulære kjernekraftverk (SMR) kan bli om få år.

– Det er mange som hevdar at kjernekraft ligg laaaangt inn i framtida, og at ho er for dyr. Men dette kjem no veldig fort, seier han til NRK.

Han viser til det danske selskapet Seaborg Technologies, som tek mål av seg å levere dei første flytande kjernekraftverka i 2028.

– Dette dreier seg om ein saltsmeltereaktor som arbeider under tilnærma normaltrykk, og som derfor ikkje kan eksplodere eller smelte.

LNG-skip på vei fra Melkøya i Norge.

På spørsmål om flytande amerikanske atomreaktorar harmonerer med Bratteli-doktrinen, svarer Lier-Hansen at «det skal gå greitt» og at «svensk kjernekraft er ein del av den norske energimiksen den dag i dag».

Foto: Fredrik Varfjell / NTB