Hopp til innhold

Avdekka grove lovbrot under kontrollar på Håbakken

Tre transportselskap og to sjåførar er denne veka melde til politiet etter graverande lovbrot.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

AVDEKKA LOVBROT: Her ved vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal, er det avdekka fleire lovbrot siste veka.

Foto: Statens vegvesen

Thormod Gausdal

LIKAR IKKJE TRENDEN: Thormod Gausdal er rysta over å opppdage så mange lovbrot.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Dette er svært beklageleg at vi opplever dette, det er ikkje anna å seie. Vi veit enno ikkje om det er ein trend at det er så mange lovbrot, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Den siste veka har Statens vegvesen gjennomført kontrollar til ulike tider av døgnet ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Til saman 89 køyretøy er kontrollerte i perioden. Det er gjort 31 skriftlege manglar og 21 køyretøy fekk bruksforbod inntil manglar vart utbetra – noko som alle løyste på staden.

Ein times pause på 26 timar

Vegvesenet har skrive seks rapportar, og fem forhold var så graverande at det er meldt til politiet, opplyser Statens vegvesen.

– Vi skal følgje opp dette og ha stort fokus på denne type arbeid framover, seier han.

I tillegg på brot på det som blir kalla kabotasje, har kontrollørane avdekke grove brot på køyre- og kviletida.

– I det grovaste tilfelle var den lengste pausen på ein time i løpet av 26 timar. Det er dei utanlandske sjåførane som bryt kviletida mest. I ti av saken politiet har fått, har det vore så gale at dei har inndrege førarretten i Norge, seier han.

Meldt for ulovleg kabotasje

Tre ulike utanlandske transportselskap er i løpet av veka melde til politiet for å ha utført ulovleg transport i Norge, nok som er brot på Yrkestransportlova.

Det er strenge reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge, såkalla kabotasje. Når eit utanlandsk vogntog køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan det etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet.

30.000 kroner i bot

Natt til tysdag vart ein hollandskregistrert semitrailer meldt for ulovleg kabotasje, og firma bøtelagt av politiet med kroner 30.000 kroner. Her blei det funne dokumentasjon på at firma hadde gjennomført til saman fire nasjonale transportar innanfor 12 dagar i Norge.

Onsdag kveld blei eit polsk firma meldt for brot på same lov, og firma fekk 25.000 kroner i bot av politiet. Her blei det funne dokumentasjon på at firma ikkje hadde lossa internasjonal last i Norge før det starta transport av gods innanlands. Firma vart stansa under det første transportoppdraget i Norge.

Stansa under første tur i Norge

Torsdag kveld vart eit estisk firma som blei meldt. Her blei det ei bot på 25.000 kroner.

Også her blei det funne dokumentasjon på at firma ikkje hadde lossa internasjonal last i Norge før det starta transport av gods innanlands. Firma vart stansa under det første transportoppdraget i Norge.

Hengar med altfor mykje last

Men det var ikkje berre store køyretøy som braut reglane. Ein personbil med tilhengar blei etter tips, stoppa torsdag kveld av mannskapa frå Statens vegvesen.

Tilhengaren var last med 1400 kg, noko som er 400 kilo meir enn kva som var tillate for vedkomande køyretøy. Føraren vart meldt til politiet for dette, og måtte losse hengaren ned til lovlege vekter før han fekk køyre vidare.

Hadde PC i frontruta

I går kveld blei eit bulgarsk vogntog med makedonsk førar stansa med ein oppslått pc med GPS-visning i frontruta. Skjermen var av det større slaget, og var til svært stort hinder for føraren si sikt.

I denne saka fekk Statens vegvesen bistand frå UP, som gav føraren eit forenkla førelegg på staden for denne brotet av Vegtrafikklova.

Skryt av samarbeidet

Gausdal lovar fleire kontrollar framover. Han tykkjer det som har blitt avdekka er alarmerande.

– Vi har fokus på å tryggje vegane for bilistane, men eit anna viktig fokus er like konkurransereglar. Når utanlandske sjåførar køyrer ulovleg kabotasje, er det i direkte konkurranse med dei norske transportørane,

Gausdal skryt av samarbeidet dei har med politiet og seier det er svært viktig for at dei skal kunne gjere jobben sin.

– Samarbeidet er unikt og krev mykje ressursar. Det at dei følgjer opp så kjapt, gjer at vi kan reagere på det vi oppdagar, seier han.