Hopp til innhold

Talet på politimeldingar går ned

Vegvesenet gav uttrykk for stor uro etter mange politimeldingar av lastebilsjåførar etter kontrollar i Lærdal i januar. No registrerer dei at talet har gått ned.

Kontroll på Håbakken

STOGGA HER: I løpet av ein månad kontrollerer Statens vegvesen fleire hundre tunge køyrety på kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi ser at vi har fått ei lita utflating, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen til NRK.no.

Samtidig er han klar på at problemstillingane framleis er mange.

Mindre urovekkjande

I årets første månad vart 37 lastebilsjåførar melde etter kontrollar på kontrollstasjonen i Lærdal. Eit altfor høgt tal, meinte Vegvesenet som likte dårleg at talet på politimeldingar hadde dobla seg sidan same månad i fjor.

Sjølv om dei i januar i år kontrollerte langt fleire køyrety enn januar månad i fjor, kan ikkje dette åleine forklare auken, sa Gausdal.

Kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal ligg midt mellom Oslo og Bergen, og i rundkøyringa like ved reknar ein med at det kvar dag rundar over 650 tunge køyrety. Ein del av desse blir kontrollerte, men langt frå alle.

Når Gausdal går gjennom tala som viser resultata av kontrollane på Håbakken i februar og mars, ser han at tala er mindre urovekkjande enn i januar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thormod Gausdal

GOD JOBB: Thormod Gausdal seier dei ikkje ønskjer å framstille nokon som kjeltringar, og har inntrykk av at dei aller fleste sjåførane prøver å gjere ein god jobb.

Foto: Anna Gytri / NRK

Brot på køyre- og kviletida

I februar vart 22 førarar politimelde, medan talet for mars er 21. For begge månadene er talet politimeldingar doblingar av fjorårets tal, men det høyrer også for desse månadene med at det har blitt kontrollert ein del fleire køyrety i år.

Felles for begge månadene er at dei fleste politimeldingane gjeld brot på køyre- og kviletida (14 av 22 politimeldingar i februar, og 14 av 21 politimeldingar i mars).

Dei resterande politimeldingane er knytt til blant anna dårleg lastesikring.

Kan ikkje seie om det speglar faktiske forhold

Tungbilsjåførar må rette seg etter strenge reglar for kor mykje dei kan køyre kvar dag og kor mykje dei skal kvile, og Vegvesenet har stort fokus på at sjåførane faktisk følgjer køyre- og kviletidsreglane.

Ut frå kontrolltala les Thormod Gausdal at norske tungtransportsjåførar oftare bryt køyre- og kviletidsreglane enn dei utanlandske førarane. Samtidig presiserer han at dei ikkje kan seie noko om dette speglar dei faktiske forholda ute på vegen.

– Det er veldig viktig for oss å presisere at tala vi har er på kontrollerte køyrety på Håbakken. Vi kontrollerer ikkje alle køyrety som passerer, men eit vilkårleg utval blir plukka ut.

Kontrollane viser også at det er dei utanlandske førarane som har dei grovaste brota på køyre- og kviletida.

– Tilfeldig

Også i februar og mars viser tala altså at det prosentvis er fleire norske sjåførar som blir melde for brot på køyre- og kviletida. I mars vart 30 prosent av dei norske sjåførane som vart kontrollerte melde for brot, medan tilsvarande tal for dei utanlandske var vel 15 prosent.

– Prosentrekning er farleg. Men fem av 17 norske sjåførar vi har kontrollert i mars er melde, mot 9 av 61 utanlandske. Det gir ein liten peikepinn, seier Gausdal.

Han seier det er vanskeleg å gje ei god forklaring på kvifor norske sjåførar kjem verre ut, men trur det kan vere knytt til ein tøff marknad der ein strekkjer seg for å rekke tidsfristar.

– Eg trur ikkje, og håpar iallfall ikkje, at dette er eit bilete på korleis det faktisk er.

– Av ein eller annan grunn hamnar dei norske høgt. Om det er at våre kontrollørar er flinke til å plukke ut sjåførar til kontroll, det veit ein ikkje. Dette er nok tilfeldig, seier Gausdal som seier dei likevel må halde seg til kontrolltala.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety

MELDE: I februar og mars politimelde Vegvesenet til saman 43 tungbilsjåførar etter kontrollar på Håbakken.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Ikkje mykje

Kor dramatiske desse tala er kan ein uansett diskutere. Vegvesenet opererer sjølv med tal som seier at 650 tunge køyrety køyrer gjennom rundkøyringa like ved kontrollstasjonen kvar einaste dag. Det vil seie nesten 20.000 køyrety i løpet av ein månad.

I løpet av februar og mars vart til saman 10 norske og 18 utanlandske førarar melde for brot på køyre- og kviletida.

– Fem politimeldingar av norske sjåførar på ein månad, er det mykje?

– Nei, viss vi er sikre på at det berre er dei som har brote reglane, så er det ikkje mykje. Men som eg seier, vi kontrollerer eit utval og registrerer kva som skjer.

– Vi vil ikkje seie at nokon er meir kjeltringar enn andre. Det fleste prøver å gjere ein skikkeleg jobb.

Vanskeleg å kommentere

Per Andreas Øren

LIKE VILKÅR: Per Andreas Øren i Norge Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane er oppteken av at kontrollane skjer på heilt like vilkår, uavhengig av nasjonaliteten til sjåførane.

Foto: Silje Guddal / NRK

NRK har snakka med fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Per Andreas Øren. Han seier det er vanskeleg å kommentere tala når han veit så lite om kor alvorlege brota på køyre- og kviletida er.

Øren seier forbundet er opptekne av at det blir halde oppe eit høgt trykk på kontrollar, men at det er svært viktig for dei at kontrollar av norske og utanlandske førarar blir gjort på heilt like vilkår.