Hopp til innhold

Tel alle norske og utanlandske vogntog

Norges Lastebileigar Forbund er no i gang med å telje norske og utanlandske lastebilar fleire stadar i landet.

Teljing av vogntog i Stryn

TEL STORE BILAR: I eitt døgn skal lastebileigarforbundet telje norske og utanlandske vogntog langs norske vegar. Her frå teljinga i Stryn.

Foto: Arne Vik

Norsk transportnæring kjenner seg truga av ulovleg og rimelegare transportørar frå utlandet. Den siste tida har fleire utanlandske transportørar blitt tekne for ulovleg køyring.

Leiar Rolf Olav Tenden i lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane seier dei skal kartleggje kor stor del utanlandske trailerar som passerer på hovudvegane i Norge.

– Vi mistenkjer at det går fleire enn både vi og myndigheitene er klar over. Vi tel rett og slett for å få tal som vi kan bruke opp mot styresmaktene.

(Artikkelen held fram under videoen)

Norges Lastebileigar Forbund er no i gang med å telje norske og utanlandske lastebilar fleire stadar i landet.

SJÅ VIDEO: Her tel dei norske og utanlandske vogntog og lastebilar i Stryn.

Avslørte fleire transportselskap

Det er strenge reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge, såkalla kabotasje. Når eit utanlandsk vogntog køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan det etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet.

Siste veke avslørte Statens vegvesen på Håbakken i Lærdal tre utanlandske transportselskap som braut denne regelen.

Ingen registrering, berre teljing

Aksjonen til Norges Lastebileigarforbund held fram til onsdag klokka 12. Dei står på 20 stader rundt om i landet og trafikken blir talt begge vegar.

– Då lagar vi statistikk ut frå målepunkta over heile landet. Vi tel dei store bilane, ikkje lokaltrafikk og små distribusjonsbilar.

– Korleis skal de klare å sile ut kven som køyrer lovleg og ikkje?

– Vi kan ikkje sjekke kva dei gjer her i landet og kor lenge dei blir. Vi skriv heller ikkje ned bilnummer. Dette er berre ei teljing for å vise omfanget av trailerar på gjennomfartsvegane

– Kva vil de oppnå med dette?

– Vi håper å få auga opp for at den utanlandske trafikken i Norge er større enn det myndigheitene meiner, seier Tenden.

 Knut Urtegård Haugen, Ragnvald Flåten, Asgeir Flåten og Rolf Tenden

PÅ PLASS I STRYN: Framme frå venstre: Knut Urtegård Haugen og Asgeir Flåten. Bak frå venstre: Ragnvald Flåten og Rolf Tenden. No skal dei telje vogntog langs vegen.

Foto: Arne Vik

Her er teljepunkta til lastebileigarforbundet:

  • E6 Svinesund
  • E6 Kløfta
  • E18 Esso Ramstadsletta (sørgåande) og E18 Shell Høvik (nordgåande)
  • Rv2 Kongsvinger
  • Rv 3 Tiur'n
  • Rv 25 Hernes
  • E16 Roa
  • E6 Kvam
  • E16 Fagernes
  • E18 Gulli
  • E16 Sundvollen
  • E134 Brunkeberg
  • E16 Trengereid
  • Rv 15 Strynefjellet
  • E39 Førde/Skei
  • E136 Åndalsnes
  • E6 Berkåk
  • E6 Bjerkvik