Hopp til innhold

Dansk førar fekk 40.000 i bot

Ein dansk yrkessjåfør har fått 40.000 kroner i bot for fleire grove brot på køyre- og kviletida.

Skilt som varslar kontroll på Håbakken i Lærdal

KONTROLL: Dansken hadde sove alt for lite i høve til regelverket og nekta å stogge for kontrollen på Håbakken. For det fekk han 40.000 kroner i bot.

Foto: Anna Gytri / NRK

Dansken vart stogga ved trafikkstasjonen på Håbakken onsdag ettermiddag. I tillegg til fleire grove brot på køyre- og kviletida, stogga ikkje mannen for kontroll.

I tillegg har Utrykningspolitiet i Nordfjord vore på vegane i ettermiddag. Like over klokka 19 meldte dei inn om ti forenkla førelegg i 50-sona ved Stårheim i Eid.

Høgste målte fart var 69 kilometer i timen.