Hopp til innhold

Marte Mjøs Persen held fram som ordførar i Bergen

Arbeidarpartiet får både ordføraren og varaordføraren i Bergen dei neste fire åra.

Marte Mjøs Persen i telefonen den dagen det vart klart ho skulle halda fram som ordførar i Bergen

FIRE NYE ÅR: Marte Mjøs Persen (Ap) blir ordførar i Bergen, også dei neste fire åra. Mange ville ha tak i Persen måndag ettermiddag. Til venstre står ny varaordførar, Rune Bakervik.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var BT som først melde at SV og Raudt er med på å sikre at Arbeidarpartiet får behalda ordføraren i Bergen. Også BA har fått bekrefta dette.

Marte Mjøs Persen (Ap) bekreftar sjølv overfor NRK at ho held fram som ordførar. Med seg får ho partikollega Rune Bakervik som varaordførar.

– Eg ville gjerne halda fram i denne fantastiske jobben eg har hatt. Vi ser fram til å vere med å leia bystyret og byen i fire nye år, seier Mjøs Persen til NRK.

– Eg føler meg privilegert og eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene, seier Bakervik, som har vore byutviklingsbyråd i Bergen sidan juni.

Att og fram

Både Persen og Bakervik understrekar at det står att å stemma det gjennom under det konstituerande møtet i bystyret onsdag.

Valresultatet i Bergen gav eit svært fragmentert bilete og Ap har i fleire veker forhandla med MDG, SV, KrF og Venstre om byrådssamarbeid.

Førre veke vart det brått klart at SV måtte ut og KrF kom inn igjen i det som blir eit mindretalsbyråd.

Rune Bakervik og Marte Mjøs Persen for Arbeiderpartiet i Bergen. Ordfører og varaordfører i Bergen

ORDFØRARPAR: Rune Bakervik blir varaordførar og Marte Mjøs Persen held fram som ordførar i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Valteknisk samarbeid

Samarbeidspartia blir difor avhengige av støtte frå SV og Raudt for å få fleirtal for forslaga sine i bystyret og no er første siger sikra.

Ifølge BT har Ap i løpet av helga blitt samde om eit valteknisk samarbeid med dei to partia på venstresida.

SV og Raudt forpliktar seg til å stemme på Ap sin ordførarkandidat, og får til gjengjeld ein ekstra stilling i ein av komiteane i bystyret.

– Det er bra for venstresida at SV får to heile stillingar på bystyresida, med ein komitéleiar og ein komitenestleiar. I tillegg får vi sitte i dei komiteane vi ønskjer å sitte i, seier Sofie Marhaug (R) til NRK.

Sofie Marhaug (Rødt) i Bergen bystyre våren 2019

STØTTAR AP-ORDFØRAR: Sofie Marhaug i Raudt.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK Hordaland

Høgre får leie tre utval

Etter det NRK forstår blir utvala fordelt slik:

  • Harald Victor Hove (H) og Øystein Bønes (MDG) blir høvesvis leiar og nestleiar i utval for finans.
  • Hilde Onarheim (H) og Diane Berbain (SV) blir høvesvis leiar og nestleiar i utval for helse og sosial.
  • Geir Steinar Dale (Ap) og Trym Aafløy (FNB) blir høvesvis leiar og nestleiar i utval for miljø og byutvikling.
  • Mikkel Grüner (SV) og Cecilie Tveit (FNB) blir høvesvis leiar og nestleiar i utval for barnehage, skule og idrett.
  • Henning Warloe (H) og Pål Hafstad Thorsen (Ap) blir høvesvis leiar og nestleiar i kontrollutvalet.

Presenterer plattform

Når det gjeld byrådsforhandlingane, er det venta at Ap, KrF, MDG og V presenterer sin plattform måndag kveld.

Den skal først behandlast og godkjennast i partiorganisasjonane. Er alle samde, vert avtalen presentert for offentlegheita.

Partioppslutning i Bergen

20,0 %
30093 stemmer
19,8 %
29727 stemmer
16,7 %
25053 stemmer
9,9 %
14925 stemmer
8,6 %
12944 stemmer
5,3 %
7987 stemmer
4,9 %
7329 stemmer
4,7 %
6998 stemmer
3,8 %
5775 stemmer
3,1 %
4621 stemmer
1,5 %
2239 stemmer
0,7 %
1113 stemmer
0,6 %
852 stemmer
0,2 %
312 stemmer
0,1 %
215 stemmer
0,1 %
91 stemmer