KrF trekkjer seg frå byrådsforhandlingane i Bergen

I ei pressemelding skriv Bergen KrF at dei etter fleire veker no trekkjer seg frå byrådsforhandlingane. No seier Sp nei til forhandlingar med både Ap og Høgre, og ynskjer å sitta i opposisjon.

Håkon Pettersen

TREKKJER SEG: Forhandlingsleiar i KrF, Håkon Pettersen, seier dei vil nullstilla seg for å sjå korleis dei kan få mest mogleg gjennomslag framover.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Det er godt over ein månad sidan valet, men framleis er det inga løysing i politikken i Bergen. Brakvalet til FNB snudde om på det meste av maktbalansen i byen.

No kan Senterpartiet avgjera om Arbeidarpartiet må gje frå seg byrådsmakta til Høgre, men dei seier nei til forhandlingar med begge partar.

Sp seier nei til forhandlingar

Sp ynskjer ikkje å forhandla med verken Ap eller Høgre, seier gruppeleiar Ove Sverre Bjørdal til NRK.

– Slik situasjonen ser ut no ynskjer me å sitta i opposisjon, eg ser ingen grunn til at det skal endra seg.

Bjørdal seier dei ikkje har ein avtale med Ap om valteknisk samarbeid når bystyret skal konstituerast 30. oktober, og heller ingen avtale om konstituering

Han tykkjer utsegnene frå Valhammer i dag er uheldige.

– Eg tykkjer det var dumt at det vart formulert på den måten, det var klønete og uheldig, seier Bjørdal til NRK.

Bjørdal trekkjer fram at fire år er lang tid, så det er umogleg å seie kva som kan skje i framtida.

Ove Sverre Bjørdal gruppeleiar i Senterpartiet i Bergen

I OPPOSISJON: Ove Sverre Bjørdal gruppeleiar i Senterpartiet i Bergen ynskjer ikkje å forhandla med verken Ap eller Høgre.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

KrF trekkjer seg

Tidlegare i dag vart det klart at KrF trekkjer seg frå forhandlingane. Forhandlingsleiar i KrF, Håkon Pettersen, seier i ei pressemelding i dag at det har teke lang tid å få på plass ei heilskapleg skisse.

– Når skissa kom på plass er konklusjonen at den fører politikken lengre til venstre enn det veljarane våre ynskjer.

Han seier at KrF no vil nullstilla seg for å sjå korleis dei kan få mest mogleg gjennomslag framover.

– Me er veldig førebudd på å vera i opposisjon, seier Pettersen til NRK.

Pettersen seier han er stolt over kva dei har fått til saman med Arbeidarpartiet og Venstre, og takkar for samarbeidet.

Dette er fyrste periode sidan 1975 at KrF ikkje har forhandla seg fram til makt etter eit val.

Etter alle val i perioden 1975 til 2014 har dei forhandla seg til maktposisjon i Bergen. I 2014 gjekk dei ut av byrådet midt i perioden, men etter valet i 2015 var dei tilbake i byråd.

Partioppslutning i Bergen

20,0 %
30093 stemmer
19,8 %
29727 stemmer
16,7 %
25053 stemmer
9,9 %
14925 stemmer
8,6 %
12944 stemmer
5,3 %
7987 stemmer
4,9 %
7329 stemmer
4,7 %
6998 stemmer
3,8 %
5775 stemmer
3,1 %
4621 stemmer
1,5 %
2239 stemmer
0,7 %
1113 stemmer
0,6 %
852 stemmer
0,2 %
312 stemmer
0,1 %
215 stemmer
0,1 %
91 stemmer

Arbeidarpartiet vil halda på makta

I ei pressemelding på laurdag skreiv Roger Valhammer frå Arbeidarpartiet at det er avtalt eit valteknisk samarbeid med Sp og Raudt, og at dei dermed held på byrådsmakta med eit Ap-leda byråd.

– Saman med Venstre, SV og MDG går me no i sluttforhandlingar med sikte på å danna eit nytt byråd, skriv han i pressemeldinga.

Valhammer takkar KrF for samarbeidet og håpar på eit framleis godt samarbeid i bystyret framover. Han seier at forhandlingane har vore tøffe, men at det har teke såpass lang tid fordi dei har hatt tru på prosjektet.

HØYRE INVITERER TIL SAMTALER OM SAMARBEID Høyre inviterer de fem partiene Senterpartiet, Kristelig Folkeparti,...

Publisert av Harald Victor Hove Lørdag 19. oktober 2019

Høgre inviterer til samtalar

Harald Victor Hove frå Høgre inviterte i eit innlegg på Facebook Sp, KrF, FNB, Frp og Pensjonistpartiet til samtalar om samarbeid. Han skriv at det no er grunnlag for eit sentrum-høgre-samarbeid i Bergen etter at KrF trakk seg frå forhandlingane.

– Eg har vore i kontakt med Sp sin gruppeleiar Ove Sverre Bjørdal, han seier at dei ikkje har eit valteknisk samarbeid med Ap, seier Hove til NRK.

Dei inviterte partia møttest kl. 12.00 i dag. Alle unntatt Sp har takka ja til invitasjonen. Hove understrekar at det er ein samtale og ikkje forhandlingar.

Ifølgje BT har Sp ikkje dukka opp på møtet.

– Har ikkje inngått ein avtale

Sp sin andrekandidat, Anne Brit Reigstad, seier dei ikkje har inngått ein avtale med Ap. hovudgrunnene er at Ap er for Bybane over Bryggen.

– Det er heilt uaktuelt for oss. Det er ikkje logikk i at me skal gå inn i den typen relasjon til eit byråd som går mot vår hovudsak under valkampen, seier Reigstad til NRK.

Ho fortel at ho ikkje visste om dette før det kom i media. Dei siste minutta sidan det vart kjend har ho fått enormt med førespurnader frå veljarar og organisasjonar.

Ifølgje BT held Valhammer fast på at han har fått samarbeidet stadfesta frå Bjørdal:

– Vi er ikkje samde om fordelinga av verva på bystyresida. Men vi er samde om å bli samde.