Hopp til innhold

Byutviklingsbyråden i Bergen går av: – Det er mitt eige ønske

BERGEN SENTRUM (NRK): Arvtakaren hylla Anna Elisa Tryti (Ap) for å ha stått imot protestar og trugslar som byråd i Bergen.

Rune Bakervik og Anna Elisa Tryti

NØKKELOVERREKKING: Sjå overrekkinga frå Anna Elisa Tryti til Rune Bakervik.

Rune Bakervik (Ap) tek over som byutviklingsbyråd i Bergen etter Anna Elisa Tryti (Ap).

Det blei kjend under ein pressekonferanse i regi av byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) måndag. Tryti varsla sjølv Valhammer om at ho ynskte å trekkje seg.

– Dette er mitt eige ønske. Eg har oppnådd det eg ville som byråd, seier Tryti til NRK.

– Anna Elisa Tryti kom til meg og bad om å få lov til å fråtre no før sommaren, seier Valhammer til NRK.

Trugslar og hets

– Eg går til denne jobben med enorm inspirasjon frå deg. Vi ser ungdomar som tek til gatene og ber oss politikarar vakne opp og ta grep. Bergen skal vere ein grøn by, og det arbeidet har du starta, seier den påtroppande byråden.

Bakervik (48) har sidan 2015 vore gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret. Like lenge har Tryti vore byråd.

Tryti har fronta fleire betente saker i politikken i Bergen dei siste åra. Bybane over Bryggen og utviding av bompengeringen er to av sakene med mykje temperatur.

I starten av juni fortalde Tryti om korleis det har vore å leva med hets og trugslar dei siste åra. Politiet etterforskar no trusselbrev og det Tryti meiner er eit kulehol i eit vindauge i bustaden hennar.

Anna Elisa Tryti med trusselbrev

TRUGSELBREV: Tidlegare i sommar viste Tryti fram brev med trugslar og trakassering som ho har fått tilsendt som byråd.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Du har stått oppreist

Bakervik gav under nøkkeloverrekkinga måndag ettermiddag tydeleg uttrykk for at han var full av respekt for Tryti og det ho har vore gjennom.

– Arven etter deg er formidabel. Du er ein visjonær, og har stått oppreist i stormen. På den måten har du vist veg – for mange, sa Bakervik, som fekk overrekt eit leiketog i gåve frå Tryti.

Også byrådsleiaren adresserte trugslane.

– Vi veit at folk flest ikkje driv med dette, det er eit fåtal. Eg håpar og trur dei no «beliter» seg litt og skjønar at dette ikkje er måten å argumentera på i eit demokrati, seier Valhammer til NRK.

– Jobba døgnet rundt

– Du har mykje erfaring som kjem godt med og vi ser fram til samarbeide med deg vidare. Det blir full gass frå starten av, sa Valhammer til den påtroppande byutviklingsbyråden.

– Tusen takk for tilliten, eg skal jobbe knallhardt og gler meg til å jobbe saman med dykk, svara Bakervik.

Tryti gjorde comeback i bergenspolitikken etter kommunevalet i 2015. På 90-talet var ho kommunalråd i Bergen, og fekk gjennom vedtaket om utbygging av Bybanen.

– Til tider har ho reelt jobba døgnet rundt for å løfta denne byen. Det er eg veldig takksam for, seier Valhammer.

Rune Bakervik

TAR OVER: Rune Bakervik har vore gruppeleiar for Arbeidarpartiet i bystyret i Bergen sidan 2015.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK