Hopp til innhold

Lurer ikkje på kva dei skal stemme etter at dei mista skulen sin

NESSANE (NRK): Nessingane Renate England og Gunn Linde er ikkje i tvil om kva parti dei skal stemme på under årets kommuneval. Det har den oppheta skulenedlegginga i kommunen sytt for.

Renate England og Gunn Linde

SKUFFA: – Skulen er limet i bygda vår. Det høyrest ut som ein klisje, men no merkar vi at det stemmer til fulle, seier f.v. Renate England og Gunn Linde.

Foto: Tone-Merete Lillesvangstu / NRK

Vallogo

– Det valet er rimeleg enkelt. Eg vil stemme på nokon som ser heile kommunen, ikkje berre ein del av han, seier England, medan ho ser vemodig rundt seg i lokala til Nesse oppvekstsenter.

Medan tvillingdøtrene hennar på to og eit halvt år kvitrar nøgde i barnehagedelen av bygget, er det stilt som i grava i den delen av bygget som i fjor husa skulen. Der skulle storebroren deira framleis ha gått på skulen. Men han sit no på skulebenken i Balestrand, på Sagatun skule, med nær tre mil å pendle kvar veg.

– Det er vemodig å tenkje på. Og det er klart eg uroar meg. Han er i andre klasse, og har frykteleg lang skuleveg og mykje han skal passe på, seier England.

Fleire har flytta til Høyanger

Kommunestyret i Balestrand vedtok i april å leggje ned Nessane oppvekstsenter og Fjordtun oppvekstsenter i Sværefjorden for å spare pengar. Avgjerda splitta kommunestyret. Ap, Høgre og KrF var for nedlegging, medan Senterpartiet og Venstre røysta i mot. SV gjekk inn for å berre flytte 4. til 7. klasse.

Men skulenedlegginga har splitta langt meir enn dei politiske partia.

– Dei har splitta barnegruppa, og det var nettopp det vi åtvara mot, seier England.

Nokre foreldre har valt å endre bustadadresse for at borna deira skal få gå på skule i Høyanger, noko som gir ein langt kortare pendlarveg. Og given i lokalsamfunnet er ikkje som den var for kort tid sidan, seier tidlegare lærar ved oppvekstsenteret, Gunn Linde:

– Det er større pessimisme i bygda her enn det var då vi hadde skulen, seier Linde, som ikkje heilt torer å håpe på at skulen deira kan verte opna att.

Meiner valet er lett

DIREKTE INNVERKNAD:–Nedlegginga av skulen vår får heilt klart innverknad på korleis vi stemmer 14. september, seier f.v. Renate England og Gunn Linde.

Foto: Tone-Merete Lillesvangstu / NRK

Meiner saka er eit skrekkeksempel

Men Senterpartiet er klare på at kampen om grendeskulane langt frå er over.

Arnstein Menes

GIR SEG IKKJE: – Kjem vi til makta, kjem vi til å gjere det vi kan for å få opna opp att skulane, seier Arnstein Menes, ordførarkandidat for Senterpartiet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Saka er eit skrekkeksempel. Vi vil vurdere å opne opp att skulane dersom vi kjem til makta, seier ordførarkandidat for Sp og varaordførar, Arnstein Menes.

Han er sterkt kritisk til om kommunen sparar noko i det heile på nedlegginga av dei to skulane.

– Det er i beste fall eit null sum-spel, meiner Menes.

Også Venstre er klare på at dei er villige til å gå i krigen for å få opna att grenseskulane.

– Venstre er eitt av dei partia som aktivt vil sjå på om det finst moglegheiter for å

Vidar Roseth

VIKTIG: – Grendeskulane er viktige for Venstre, og ei sak som har høg prioritet, seier 2.-kandidat på Venstre si liste, Vidar Roseth.

Foto: Tone-Merete Lillesvangstu / NRK

få opp att skuletilbodet i grendene, seier Roseth.

Har berre grendeskule på agendaen

I tillegg til dei etablerte listene, kan veljarane i Balestrand i år også krysse av for Bygdelista, eit initiativ frå Ingvar Åberge då skuledebatten rasa som verst. Partiet har berre éi sak på lista, nemleg grendeskulane. I andre saker står kandidatane fritt.

– Det skulle ikkje vere noko problem å gjenopne skulane. Kommunen står jo fritt til det. Like fritt som den står til å leggje dei ned, seier Åberge.

Ordførarkandidat Lars Trygve Sæle, som var med på nedleggingsvedtaket, peikar på at han ikkje såg nokre andre moglegheiter all den tid driftsinntektene til kommunen gjekk ned med fem prosent. Men heller ikkje Høgre meiner skulane treng å vere stengde for all framtid.

Lars Trygve Sæle

TÆRING ETTER NÆRING: Høgres Lars Trygve Sæle såg ikkje anna val enn å kutte i skule då budsjettet skulle i hop.

Foto: Tone-Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi går til val på at dersom dei økonomiske rammene skulle endre seg, eller det er mogleg, så ønskjer vi skular i alle tre krinsane, seier Sæle.

Frykta fråflytting, men vil ha tilflytting

Han held også fram at tilflytting er viktig for Høgre.

– Men vert ikkje det sjølvmotseiande når ein har lagt ned skular, noko som har ført til at familiar har flytta frå kommunen?

Harald Offerdal

MÅ STRAMME INN: Sitjande ordførar, Harald Offerdal (Ap), tvilar på at kommuneøkonomien på sikt gir rom til gjenopning av nedlagde skular.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det var noko som vi frykta kunne skje, men når vi sat med budsjettet, så hadde vi ikkje noko val. Vi kan ikkje leggje dei som flyttar til eller frå etter eit vedtak inn i budsjettet, seier Sæle.

Dei siste to vala har Høgre vore det største partiet i Balestrand, men for fire år sidan var det likevel Ap som stakk av med ordførarklubba. Og den kan sitjande ordførar Harald Offerdal godt tenkje seg å sitje med ei stund til.

– Eg satsar sjølvsagt på fire nye år. Men det er klart at ved dette valet er det vanskeleg å føresjå noko som helst i Balestrand, seier Offerdal.