Hopp til innhold

Sinte og triste foreldre etter nedleggingar

Tårer og kvalme er nokre av reaksjonane blant foreldra etter det blei kjent at to grendeskular i Balestrand kommune blir nedlagde, fortel forelder og Senterparti-politikar Renate Rendedal.

Nesse skule

STENGD: På Nesse oppvekstsenter på Nessane mellom Balestrand og Høyanger skal det ikkje lenger gå skuleelevar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dette er ein katastrofe for grendene, men eg meiner og det er ein økonomisk katastrofe for kommunen. Dei sparar seg til fant. Har ein ikkje grendeskular vil ein etter kvart ikkje ha grender. Det er men negativt for heile kommunen, seier ho.

Renate Rendedal

BLÅMÅNDAG: For Renate Rendedal og andre foreldre.

Foto: NRK

I går kveld avgjorde kommunestyret med 12 mot 5 røyster å legge ned Fjordtun og Nessane skular. 13 elevar må bussast til Balestrand for å gå på Sagatun skule.

– Når eg vakna i dag var eg trøytt og sliten, og merka at det er blåmåndag. Det trur eg gjeld for foreldre i alle delar av kommunen, seier Rendedal, som har ein liten gut som i framtida vil få lang reiseveg til skulen etter nedlegginga.

– Heilt utenkeleg for ein 6-åring

Rendedal er både forelder og sit i kommunestyret for Senterpartiet. Ho seier at dei råka familiane har det svært vanskeleg.

– Det er ei vanskeleg tid, med mykje tankar og reaksjonar. Dei fysiske reaksjonane for foreldra var kvalme og tårer. Det var mykje reaksjonar rundt omkring i går. Så kjem tankane om kva ein skal gjere vidare.

– Mange må pendle rundt omkring: Kvifor kan ikkje elevane i Balestrand pendle?

– For oss er det ein time kvar veg, altså to timar kvar dag. Eg gjorde det sjølv då eg gjekk på ungdomsskulen. Det var hardt, og då var eg nesten vaksen. Så for ein 5–6 åring er det heilt utenkeleg, seier Rendedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sagatun skule

BUSSAST HIT: 13 elevar må bussast hit, til Sagatun skule i Balestrand sentrum. For Renate Rendedal sin unge kjem det til å bety 2 timar på bussen kvar dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ho har teke over garden i heimbygda. Men likevel vurderer dei framtida.

– Min første tanke er at det er betre at eg pendlar ein time kvar veg enn at sonen min gjer det. Men eg har no seks år på meg til å finne ei løysing. Eg tenkjer meir på dei som har born som må flytta allereie til hausten, seier Rendedal.

Foreldra skal samlast og diskutere

Midt i alle tankane skal foreldra snart samlast for å diskutere vegen vidare.

– Me må samlast før me tek ei endeleg avgjerd for framtida for, for borna våre, for familiane våre. Vi treng eit par dagar til å la dette søkke inn. Me prøver å få til ei samling på søndag, for dette er katastrofe og krise for grendene, seier Rendedal.

– Er vilje det kan dei prioritere annleis

Kommunen må spare 7,5 millionar på dette budsjettet i år. Nedlegging av skulane sparar 1,58 millionar. Vedtaket er ifølgje ordførar Harald Offerdal mellombels. Det vil seie at det kan gjerast om seinare. Men ordføraren var ikkje optimistisk etter møtet.

– Utfordringane kjem til å bli store i åra framover. Vi har ikkje pengar på fond, og store utfordringar med pensjonsutgiftene. Dei statlege overføringane går ned, slik at vi ikkje ein gong får kompensert for lønnsveksten, sa Offerdal.

Senterpartiet kravde lovlegkontroll. Det vil seie at kommunen 29. januar må avgjere om dei står ved vedtaket sitt, og at det så går vidare til fylkesmannen. Det var Venstre og Senterpartiet som stemte mot nedlegging. Senterpartiet føreslo å kutte stillingar i kommuneadministrasjonen for å redde skulane.

Rendedal har ikkje gjeve opp håpet.

– Nedlegging har lege i korta. Vi har hatt håp heile tida. Og alt håp er jo ikkje ute. Er viljen der, kan dei prioritere annleis.