Hopp til innhold

KOMMENTAR: Blir det ny val-scoring for «Bengten»

Bengt Solheim-Olsen laga i si tid over 200 mål for Florø på fotballbana. No jaktar han sin andre siger som ordførar.

Bengt Solheim-Olsen (H)

SER FRAM TIL VALET: Bengt Solheim-Olsen (H) vil veldig gjerne halde fram som ordførar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vallogo

Valet i Flora bli eit spennande ordførarval. Ap hadde svinga ordførarklubba i 20 år i kystbyen, men ved sist val var det Høgre som hadde best valvind, og «skoseljar» Bengt Solheim-Olsen kunne juble etter at Høgre fekk 35,6 prosent av stemmene og blei største parti i byen. Den populære fotballspelaren med 429 obligatoriske fotballkampar for Florø og over 200 scoringar, inntok ordførarkontoret etter å ha blitt samd med Venstre om maktfordelinga i rådhuset.

Men politikken i Flora er noko for seg sjølv med mykje turbulens – ikkje minst i Høgre. I siste perioden var det Jacob Nødseth som skapte medieoverskriftene. Nødseth som var Høgre sin vara til Stortinget, var høgt profilert, sat i formannskapet i heimbyen, men kom på kant med sitt eige parti og vart ekskludert. No stiller Nødseth i spissen for Samlingslista. Spenningsmomentet er sjølvsagt kor stor oppslutning han får, og kven han eventuelt tek stemmer frå. Tidlegare ordførar for Ap, Bente Frøyen Steindal, stiller ikkje på igjen, og Ola Teigen er ny Ap-utfordrar til ordførarvervet. Ordførarkampen står mellom desse to. Noko Frank Willy Djuvik (Frp) kanskje ikkje er heilt samd i.

Spenningsmomentet er sjølvsagt kor stor oppslutning han får, og kven han eventuelt tar stemmer frå

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Flora-veljarane har heile 10 lister å velje mellom, som er mest i fylket. KrF stiller igjen med Gustav Nydal, Venstre med sitjande varaordførar Jan Henrik Nygård, og Bente Nilsen stiller på igjen for SV. Senterpartiet har Målfrid Elin Steindal som ny førstekandidat. Og i tillegg til Samlingslista, stiller to andre parti lister for første gong. Det er Miljøpartiet Dei Grøne som har Martin Malkenes som førstekandidat, og det er Partiet Dei Kristne med pastor Mindor Tonheim på topp.

Noko overraskande for mange er Flora blitt med på å greie ut ein storkommune av dei fleste kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn. Det betyr i så fall at erkerivalane Flora og Førde kan bli del av same kommune. Dette er eit av dei mange spennane tema politikarane – ikkje minst i Flora – skal ta stilling til etter kvart. Få trur på dette, og mange trudde denne tanken ville bli skrinlagt for lengst. Når så ikkje har skjedd, er det alltid «von i hengande snøre». Men Flora er nok meir motivert for ein kystkommune saman med naboane både nordover og sørover. Men når Bremanger er lunkne i nord og Askvoll orienterer seg sør og aust – og i tillegg synest kystvegen enno å ligge noko fram i tid – så blir saka ikkje heilt enkel for Flora, og storkommunen kan bli løysinga. Ap, KrF og Venstre er så langt dei som hallar mest i den retninga.

Flora har lenge hatt ein anstrengt økonomi, og var på den såkalla Robek-lista til Fylkesmannen fram til sommaren 2013. For å få orden på økonomien må det strenge prioriteringar til, og innsparingane bør skje utan for store følgjer for tilbodet. Diskusjonen i Flora har i lang tid gått kring sektoren Helse og omsorg. Kommunen vedtok kutt i sektoren på over 8 millionar i år, noko som mellom anna betyr færre tilsette. Leiinga for sektoren omtala så seint som i mars i år kuttforslaga som vanskeleg gjennomførbare i praksis. Dette noko av dei utfordringar som den nye bystyret får i fanget etter valet. Eitt av svara frå partia på høgresida er å la private ta over drift av omsorgstilbod, noko venstresida er sterkt imot.

I økonomisk tronge tider får likevel Eikefjord sin sårt tiltrengde nye skule, og det blir også ein fleirbrukshall etter sterkt lokalt engasjement. Men fleire investeringar står for tur. Barneskulen i Florø sentrum er ganske sprengd, og når det no skal byggast ny barnehage i bydelen Havreneset, tenker enkelte at då bygger vi barneskule der samtidig. Skal det gamle sjukehusbygget bli nytt rådhus? Kan stor investeringar som ventar bety at nokon vil foreslå å legge ned Steinhovden skule og busse elevane til nyskulen i Eikefjord? Der er mange utfordringar som ventar politikarane i Flora.