Hopp til innhold

«Valnederlaget kom som eit sjokk»

ÅRDAL (NRK): Ap må endra politisk stil og bli meir inkluderande, vedgår ordførar Arild Ingar Lægreid, fem veker etter det historisk dårlege valresultatet.

Ordførar Arild Ingar Lægreid

EITTPARTISTATEN: Årdal Ap fekk over 70 prosent av røystene i val etter val. - Det blei til slutt eit problem for oss, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det var overraskande og kom som eit sjokk, seier ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal.

Fem veker har gått sidan den dramatiske valkvelden 14. september, og det er tid for sjølvransaking på ordførarkontoret på Årdalstangen.

– Eg hadde forventa ein tilbakegang, men ikkje eit valresultat under 50 prosent, seier ordføraren i kommunen som inntil i haust har vore det nasjonale utstillingsvindauget til Arbeidarpartiet.

Betente saker råka Ap

Men fleire betente saker dei siste fire åra har skapt oppreist mot Arbeidarparti-styret, og «berre» 44,8 prosent av årdølene røysta på Ap. Det er ein tilbakegang på svimlande 29,9 prosentpoeng.

Video Stoltenberg på Årdal besøk

MILLIONHJELP: Dåverande Ap-leiar Jens Stoltenberg vitja Årdal og ordførar Arild Ingar Lægreid ofte.

Foto: Nyhetsspiller

Tubulensen botnar i mellom anna desse omstridde sakene:

  • I 2011 og 2012 fekk Årdal kommune eit underskot på 26 millionar kroner. Det førte den historisk rike industrikommunen inn på Robek, svartelista over kommunar med skakkøyrd økonomi.
  • Dagens to helsehus i Årdal skal snart samlast i eit nytt helsehus i Øvre Årdal til over 10 millionar kroner. Det skapt sterke reaksjonar på Årdalstangen.
  • Sentraliseringa av butikkar frå Årdalstangen til Øvre Årdal, og stenginga av friluftsbassenget på Årdalstangen har òg vekt harme og kveikt eld i ulmande spenningar mellom Tangen og Øvre.

Sp-mann tukta Ap

I tillegg blir òg den unge senterpartisten Aleksander Øren Heen ofte nemnt som éin grunn til Ap-nedturen. Sp gjekk fram 24,7 prosentpoeng, til 38,8 prosent.

Aleksander Øren Heen slepper jubelen laus

SENSASJONELL VALVINNAR: Aleksander Øren Heen og Senterpartiet rysta Årdal Ap i grunnvollande med 39 prosents oppslutnad.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Forklaringa er samansett. Det handlar om personkandidatar, ROBEK og einskildsaker. Og i tillegg er det eit ønskje om eit maktskifte i politisk leiing i Årdal, seier Øren Heen.

Men maktskifte er det ikkje blitt: Arild Ingar Lægreid held fram som ordførar sjølv etter eit halvdramatisk kuppforsøk frå opposisjonen under det konstituerande kommunestyremøtet torsdag.

– Storleiken - eit problem

Årdal Ap har i val etter val fått over 70 prosent av røystene. «Eittpartistaten» blei til slutt eit problem, meiner Lægreid:

– Det blir oppfatta at me sit med all makt og utøver makt på ein måte som ikkje alle er samde i. Men Årdal Ap har alltid hatt opne medlemsmøte med pressa til stades.

Arild Ingar Lægreid

13 ÅR MED MAKT: Arild Ingar Lægreid fekk halda fram som ordførar i Årdal etter eit smått dramatisk konstituerande kommunestyremøte torsdag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Du seier at det blir oppfatta slik, men er det ikkje slik, at de har hatt all makt?

– Jau då.

– Så det at ei handfull Ap-folk har styrt kommunen, kan ha bidrege til frustrasjonen?

– Ja, men slik er demokratiet. Det partiet som er størst, har makta.

– Tek det innover oss

– Kritikarar har meint at Ap burde ha lytta til veljardommen og gi frå seg makta?

– Me mista mange veljarar, og det tek me innover oss. Likevel er me det største partiet, og har fleirtal i lag med Miljøpartiet Dei Grøne.

– Du har vore ordførar i 13 år. Var ikkje valresultatet eit varsko til deg om å sleppa andre til?

– Det tek eg klart innover meg og har det med vidare.

– På kva måte?

– Eg føler eg har vore open og teke i mot alle førespurnader frå innbyggjarane på ein skapleg måte, men dette må eg vera endå meir obs på, seier Arild Ingar Lægreid.