Hopp til innhold

KOMMENTAR: Han vil stå aleine mot naboane

Noralv Distad (H) kom inn som ein vind i ordførarstolen i Aurland for fire år sidan. Han har ingen planar om å forlate den.

Noralv Distad
Foto: Jørgen Eide / NRK

Vallogo

Det sterke Høgre-valet i mange kommunar for fire år sidan, førte Noralv Distad inn i ordførarstolen i Aurland. Senterpartiet hadde hatt ordføraren sidan 1992, men måtte gje frå seg klubba. Distad stiller på igjen, men Senterpartiet vil nok gjerne ha tilbake ordførarposisjonen. Dei stiller i år med Ivar Bjarne Underdal som utfordrar til Distad. Underdal var ordførar i Aurland frå 1992–2003. Arbeidarpartiet stiller med Leif Jarle Bergheim som ny listetopp, medan Venstre har Terje Horvei og MDG har Monica Gjesdal Larsen som sist.

Aurland er den kommunen i fylket som saman med Luster har signalisert tydelegast at dei ønskjer å halde fram som eigen kommune, sjølv om kommunalministeren ønskjer noko anna. Aurland er ein såkalla kraftkommune, men inntekter frå dei store kraftutbyggingane som har vore, og er lite villige til å slå seg saman med naboar for å bli meir "robuste". Lærdalstunnelen og Fodnestunnelen gjer at Aurland-Lærdal-Årdal kan fungere som ei eining, men det lite entusiasme rundt dette. Aurland har også diskutert ein kommune av Aurland, Voss og Vik, men heller ikkje det skapar stor begeistring i Aurland. Det er relativt stor politisk semje innanfor Aurland om sjølvstendelina.

Cruise-trafikken er i stor næring i Aurland, og dei store cruiseskipa kjem i hopetal kvar sommar med turistar som vil reise med verdas mest spektakulære togreise opp til Myrdal. Men har cruisetrafikken i Flåm nådd ei tolegrense? Tema har vore aktuelt dei siste par åra, og enkelte har markert motstand i lokalmiljøet. I det politiske miljøet er det delte meiningar om saka.

Det er relativt stor politisk semje innanfor Aurland om sjølvstendelina

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Aurland vart råka av katastrofeflaum hausten 2014, og gjenreising og utbetring går føre seg framleis. Hendinga har igjen aktualisert regulering av Flåmsvassdraget. Vassdraget er verna, men dei fleste partia lokalt meiner ei kraftutbygging med regulering må til for å hindre nye flaumar. Ikkje uventa er MDG dei mest skeptiske til det.

Dei to sentra Aurland og Flåm ligg berre 10 km frå kvarandre. Det gjer at det frå tid til anna blir tenkt tankar om samanslåing av dei to skulane. Også korleis ein skal prioritere eldreomsorga framover er eit tema i Aurland som i mange andre kommunar. Skal ein prioritere institusjonsplassar eller auke omsorga for dei pleietrengande der dei bur. I Aurland er ikkje kommuneøkonomien av ein slik art at politikarane kjenner seg pressa til løysingar dei ikkje ønskjer, og difor er sentraliseringstema ikkje høgt på dagsorden.