– Dette er ingen trussel. Vi er fleire som vil melde flytting på grunn av dette, seier Renate England.
Sinte foreldre i Balestrand bur seg på det som kan verte ein skjebnedag for skulane deira. For i dag skal politikarane avgjere om Fjordtun og Nesse skule skal bli nedlagt.
England bur på Nessane i Balestrand og seier at skulen betyr alt for den vesle bygda.
– Dei tek frå oss heile grunnlaget for å bli her, seier ho.
Lang reisetid for borna
VIL FLYTTE ELEVANE HIT: Elevtalet ved Sagatun skule i Balestrand sentrum har gått ned. Rådmannen vil busse også dei minste elevane frå utkantane hit, slik ungdomsskuleelevane blir i dag.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKDersom forslaget vert ein realitet må ungane ta bussen til skulen som ligg i sentrum av kommunen. Turen vil for enkelte vil ta opp mot femti minutt.
– Det er altfor langt. Det går ikkje an, seier ei anna mor, Anne Jo Bjordal.
Nedleggingsforslaget er allereie vedteke i formannskapet. No håpar Bjordal politikarane vil snu, når saka i dag skal få ei endeleg avgjerd i kommunestyret.
– Senterpartiet og Venstre har jo eit forslag som vil redde skulane. Vi håpar i det lengste at dei skal gå for det forslaget, seier ho.
Vil kutte i administrasjonen for å berge skulane
ARNSTEIN MENES: Sp-politikar i Balestrand og på fylkestinget.
Balestrand er nær 6,5 million kroner i manko på neste års budsjett. På Fjordtun og Nesse skule går det til saman berre tretten elevar. Kommunen reknar med å spare 1,7 millionar kroner på å flytte desse elevane på til skulen i sentrum.
Arnstein Menes i Senterpartiet meiner det er mogleg å dekka inn summen på andre måtar.
– Vi vel å ta ein til to stillingar i sentraladministrasjonen. Vi vurderar og å kutte opplæringstiltak for ein del tilsette i 2015. Vi tenker at opplæring for unge er vel så viktig som opplæring for dei vaksne tilsette i kommunen, seier Menes.
– Å legge ned skulane vil vere øydeleggande for utkantane i bygdene her. Det vil fort føre til fråflytting og ei utarming av desse delane av kommunen, seier Menes.
– Opp til kommunestyret no
Rådmann i Balestrand, Kjellaug Brekkhus, som tidlegare har sagt at ho veit det er tøft, men ikkje har noko anna val enn å peike på skulenedlegging, vil ikkje kommentere kritikken av nedlegginga ho har føreslege for kommunestyret.
– Eg har levert det eg har gjort. Det har vore på høyring, og eg registrerer dei innkomne merknadane. No skal budsjettet handsamast i kommunestyret, så eg har ikkje nokre fleire kommentarar til det eigentleg, seier Brekkhus.
I dei to bygdene ventar foreldra no i spaning på dagens avgjerd. Skulle skulane bli nedlagde vil vere eit hardt slag.
– Det ville vere heilt forferdeleg om det blir noko av dette her, seier Renate England.