Hopp til innhold

Her fell avgjerda - to skular blir nedlagde

BALESTRAND (NRK): Balestrand kommunestyre vedtok i kveld med 11 mot seks røyster å legge ned to grendeskular.

Avrøysting i Balestrand kommunestyre

SKRIFTLEG AVRØYSTING: Fleirtalet i Balestrand kommunestyre røysta for å leggje ned Fjordtun og Nesse oppvekstsenter.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Det var stappfullt i kommunestyresalen i Balestrand då dei folkevalde tok til på saka som har sett sinna i kok i bygdene som soknar til Nesse oppvekstsenter og Fjordtun oppvekstsenter. Rundt 30 engasjerte tilhøyrarar hadde møtt opp.

Og engasjementet var ikkje mindre frå dei i kommunestyret som er imot nedlegging av skulane. Senterpartiet og Venstre kom med eit motframlegg om at det ikkje skal gjerast endringar i skulestrukturen.

Stappfullt i Balestrand kommunestyresal

TETT PÅ DEI FOLKEVALDE: Tilhøyrarane fylte opp kommunestyresalen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

To framlegg, ingen fekk fleirtal

Gruppeleiaren til Senterpartiet, Arnstein Menes, brukte godt over ein halv time på å argumentere for framlegget.

I tillegg kom SV med eit eige framlegg. Dei vil at elevane i første til tredje klassesteget skal få bli verande på Nesse og Fjordtun, medan dei eldste elevane skal overførast til Sagatun skule i Balestrand.

Ingen av desse framlegga fekk fleirtal. Begge vart forkasta med 11 mot seks røyster.

Då kommunestyret vedtok budsjettet for 2015 i desember vart det med 12 mot fem røyster vedteke at eitt av innsparingstiltaka skulle vere å legge ned Fjordtun oppvekstsenter i Sværefjorden og Nesse oppvekstsenter på Nessane.

Fjordtun skule i Sværefjorden

Ein av dei to skulane, Fjordtun oppvekstsenter i Sværefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vanskeleg sak

No var tida inne for å ta den endelege avgjerda: Skal dei to skulane med til saman 13 elevar få leve vidare, eller skal elevane skyssast til Sagatun skule i kommunesenteret?

Tre av politikarane sa at det var den vanskelegaste saka dei nokon gog hadde vore vorti.

Det store stridstemaet var om saka var godt nok utgreidd, både når det gjeld økonomiske konsekvensar og konsekvensar for elevane.

Nokre foreldre har varsla at dei flyttar borna til Høyanger om det blir nedlegging. I så fall må Balestrand betale Høyanger for det, og det kan gjere at kommunene ikkje sparer så mykje som dei har rekna med.

Før møtet sa ordførar Harald Offerdal (Ap) at han står fast på at han meiner det er naudsynt å legge ned dei to grendeskulane.

– Vi har ein økonomi som vi ikkje heilt greier å handtere for tida. Men denne saka har vore vanskeleg også for oss i kommuneleiinga.

Balestrand kommunestyre

STORT ENGASJEMENT: Også pausen vart brukt til å prøve å påverke ordførar Harald Offerdal (Ap).

Foto: Eirik Hildal / NRK