Hopp til innhold

KOMMENTAR: Blir det ei ny flo-bølgje for Sven?

Sven Flo har ambisjonane klare for ein ny periode som ordførar i Stryn. Men fleire står klar til å utfordre han.

Visepresident i Norges Røde Kors Hanne Heggdal og stryneordførar Sven Flo

VIL MED VIDARE: Sven Flo (H) vil veldig gjerne halde fram som ordførar i Stryn.

Foto: NRK

Vallogo

I 2011 gav Nils P. Støyva seg som ordførar i Stryn etter 12 år, og Ap gjorde eit dårleg val. Sven Flo kom som ny ordførarkandidat for Høgre og i den høgrevinden som bles ved valet for fire år sidan, gjorde Høgre eit brakval i Stryn og fekk over 30 prosent av stemmene. Og dersom ein markant, synleg og profilert ordføraren har betydning for eit valutfall, ligg Høgre an til å gjere eit godt val i Stryn også denne gongen. Men det er jo meir enn person som avgjer, og i Stryn er der utfordrarar.

Sp hadde ordføraren på 90-talet, men sjølv om partiet har stått sterkt ved dei siste vala også, har ikkje Per Kjøllesdal greidd å ta hand om klubba. Han prøver igjen i år. Men det litt spesielle med Sp-lista i Stryn i år er at Kjøllesdal er på topp, men ikkje kumulert. På andreplass står Michelle Lindvik, og deretter er resten av lista rangert etter alder, der dei yngste står først.

Dagens varaordførar Kolbjørn Roset har sagt nei til å vere Ap sin ordførarkandidat denne gongen, og dermed har Pål Vonheim fått den plassen. Vidare er Klemet Bø ny listetopp for KrF, Torstein Tvinnereim for Venstre, Anders Magne Vik for Frp og Hans-Petter Galtung stiller for SV som ikkje hadde liste i 2011. Ny liste i Stryn i år er Miljøpartiet Dei Grøne med Tor Åge Berglid som ordførarkandidat. At Flo held fram som ordførar i Stryn også etter valet, er nok det som gjev lågast odds hos bookmakerane.

(...) det litt spesielle med Sp-lista i Stryn i år er at Kjøllesdal er på topp, men ikkje kumulert

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Tidleg i debatten om ny kommunestruktur sat Eid-ordførar Alfred Bjørlo med ein visjon om Nordfjord som ein kommune og med ei rekke nye oppgåve tildelt frå staten. Etter som kommunedebatten har gått framover, er visjonen til Bjørlo blitt svakare, og ein av grunnane er at Stryn ikkje er særleg lystne på eit hopehav med kommunane utover langs fjorden. Klima mellom Nordfjordkommunane og særleg mellom Eid og Stryn har blitt kjølig gjennom m.a. den interne striden om trase for E39 og debatten som skulestruktur for vidaregåande skule.

Utgreiingar om ulike kommunemodellar pågår, og Stryn orienterer seg like mykje mot Hornindal og vidare mot Stranda og Volda/Ørsta som mot Eid og Gloppen. Hornindal er for mange ein svær naturleg "ektefelle", sidan dei har vore ein kommune tidlegare, og ein del meiner at ein kan slå saman Stryn og Hornindal og la det vere med det. Vedtaket om at E39 skal gå under Utvikfjellet og med bru mellom Svarstad og Frøholm, har så langt ikkje ført til fusjonsplanar mellom Stryn og Gloppen.

Stryn har hatt to store vegsaker på dagsorden i lang tid: E39-traseen og utbetring av fv60 Olden-Innvik. No er begge desse langt på veg i boks. Vedtaket om både E39 og utbetring er fatta i regjeringa og i fylkestinget. Då står vegen i Oldedalen som den neste. Også debatten om cruisekaier i Olden er ferdig i denne omgang, med innspel frå fylkesmannen og vedtak i kommunestyret. Men meiningane om cruisetrafikken bør auke vesentleg meir, og om korleis ein skal legge til rette, vil det vere debatt og meiningar om også framover.

Stryn har hatt sin store debatt om vern eller kraftutbygging knytt til breheimen, og vernevedtak er fatta av regjering og storting. No signaliserer dagens regjering at ein kanskje må sjå på tidlegare vernevedtak, og kanskje lempe litt på vernet. Ordførar Flo i Stryn har tidlegare stilt seg svært positiv til ein slik tanken for Stryn sitt vedkommande. Dei fleste kommunar har vore igjennom diskusjon om skulestruktur. Det har også Stryn. No ventar ein debatt om barnehage. Det er barnehage både i Innvik og Utvik, og det er 8 km imellom. Er samanslåing vegen å gå?