Hopp til innhold

KOMMENTAR: Er det Bjørlo som ler sist denne gongen også?

Alfred Bjørlo og Venstre fekk 44 prosent av røystene sist. Sosiale Alfred vil gjerne gå på ein ny periode.

Alfred Bjørlo med mobiltelefon

SOSIAL TYPE: Alfred Bjørlo elskar å vere kontakt med veljarane.

Foto: NRK

Vallogo

Det store spenningsmomentet ved valet i Eid i år er om Alfred Bjørlo og Venstre greier å følgje opp braksuksessen frå førre val. Med 44 prosent oppslutning vart Eid landets største Venstre-kommune i 2011. Eid har tradisjonelt vore ein sterk Venstre-kommune, men valet for fire år sidan hadde sjukehusstriden som bakteppe og det forklarar ein god del av valresultatet.

Ap med ordførar Sonja Edvardsen i spissen, vart nærmast utradert frå lokalpolitikken. Edvardsen hadde til liks med alle lokalpolitikarar i Eid kjempa for å behalde det eksisterande tilbodet ved Nordfjord sjukehus. Helse Førde ville gjennomføre store endringar og fekk regjering og stortinget med på det. "Ulukka" for Sonja Edvardsen var at ho møtte som vara på Stortinget då sjukehussaka var opp der, og vart "tvinga" av partigruppa til å stemme mot si eiga overtyding. Veljarane straffa henne og partiet hardt. Bjørlo derimot var ny toppkandidat for Venstre. Han kom frå jobben som leiar i Måløy vekst og stod fram som ein sterk talsmann for lokalsjukehuset. Partiet hans hefta heller ikkje ved avgjerder som var gjort i regjering og storting. No står han framfor den vanskelege oppfølgjaren.

Ap med ordførar Sonja Edvardsen i spissen, vart nærmast utradert frå lokalpolitikken

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Med den posisjon Alfred Bjørlo har skaffa seg som Eid-ordførar ved å vere svært aktiv og synleg i media, både i aviser, TV, radio og ikkje minst sosiale medium som Facebook, blir det spennande å sjå korleis veljarane dømmer. For Bjørlo har fleire sterke utfordrarar. Det tidlegare ordførarpartiet Sp har som sist Sigurd Reksnes som ordførarkandidat. Han var fersk for fire år sidan, men har vakse med oppgåver. Han er første nestleiar i Sogn og Fjordane Sp, 2.-kandidat til fylkestingsvalet og 2. vara til Stortinget – og har klåre ambisjonar om ordførarklubba i heimkommunen.

Og kvar står Ap i dagens Eid, fire år etter katastrofevalet i 2011? Krafta i sjukehusstriden i Nordfjord verkar å vere borte, og spenninga er difor om Ap er tilbake på "gamle" høgder. Ap satsar på Siri Sandvik som utfordrar til ordførarjobben. Ho er lege ved Nordfjord BUP, er lokallagsleiar, sit i fylkesstyret for partiet og medlem av utvalet sentralt som skal forme partiet sin framtidige helsepolitikk.

Det fjerde partiet med ordførarerfaring i Eid er Høgre. Dei stiller også med ein profilert toppkandidat frå lokalmiljøet. Eli Førde Aarskog er direktør ved Nordfjord Hotell, er lokallagsleiar og har tidlegare vore med i kommunestyret. Men Eid tapte kampen om E39 med bru Lote-Anda. Det avgjorde Høgre-Frp-regjeringa. Også Ap her i fylket gjekk for den indre lina. Kan denne saka vere med på å avgjere veljarane i Eid sine prioriteringar denne gongen?

Veljarane i Eid har ytterlegare tre lister å velje mellom. Frp stille med fylkesleiar Lars Svein Drabløs, KrF med Sissel Helen Ommedal – begge var listetoppar også ved førre val – og SV stiller med Vigdis Heimdal Reksnes.

Alfred Bjørlo var tidleg ute og ivra for ein stor Nordfjord-kommune som kunne ta over fleire oppgåver frå staten. No er kommunereforma i gang, og Eid ser ut til å sitje att med færre alternativ enn dei først tenkte. Stryn er lunkne til "ekteskap" vestover. Gloppen-politikarane orienterer seg også sørover i tillegg til nordover. Men alternativet med å halde fram som eigen kommune, ser blitt meir aktuelt etter at brua Anda-Lote ikkje vart prioritert. Vågsøy i vest ser gjerne mot naboen i aust, men ser også nord-sør på kysten. Ei fersk innbyggjarundersøking i Nordfjordkommunane viser at fleirtalet i Eid tenkjer seg Gloppen som "ektefelle". Folke-fleirtalet i Gloppen derimot vil halde fram åleine, men om dei fyrst skal slå seg saman med nokon, er det Eid som er favoritten. Folket i Vågsøy foretrekk Selje framfor Bremanger og Eid, men kan ikkje tenke seg hopehav med Gloppen.

Kva Eid endar opp med, blir spennande, men det verkar som dei ha meir ivrige politiske friarar frå vest enn dei har frå aust og sør......