Hopp til innhold

Regjeringa lovar ikkje pengar til Bybanen: – Det må nesten Bergen ta eit ansvar for sjølv

Samferdselsministeren forsterkar uvissa rundt om det blir midlar til ny bybaneutbygging i Bergen dei neste tolv åra.

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra reguleringsplanen 2022

STRIDENS KJERNE: Lokal usemje om å bygga bybanetrasé langs Bryggen i Bergen er årsaka til at regjeringa ikkje lovar å legga prosjektet inn i sitt forslag til Nasjonal transportplan for dei neste tolv åra.

Om éi veke veit Noreg kva samferdselssatsingar regjeringa prioriterer, og bybanetilhengarane i Bergen veit om «landets beste kollektivprosjekt» er på lista.

Fredag ettermiddag stod ein samstemt jubel i taket på Vestlandet:

Regjeringa vil prioritera 39 milliardar kroner til ny E16 og ny jernbane aust for Bergen i Nasjonal transportplan (NTP) for 12-årsperioden 2025-2036, med byggestart innan 2026.

Men samstundes skapte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) endå meir uvisse enn før om ei anna utbygging som Bergen og Vestland prioriterer like høgt: Bybanen til Åsane bydel – mest kjend som den omstridde «Bybanen langs Bryggen».

Les også Transport-topp åtvarar: Byrådets bilpolitikk kan hindra bygging av Bybanen for alltid

Full stans på bybanen onsdag 07072021

Ja til alt?

Fire store samferdselsutbyggingar står øvst på ønskelistene i Vestland, sjølv om det er usemje om prioriteringsrekkefølga viss det ikkje blir «ja til alt»:

  • Ny E16 og ny jernbane på ei delstrekning mellom Bergen og Voss
  • Bybane mellom Bergen sentrum og Åsane bydel
  • Motorvegen Hordfast på E39 mellom tre kommunar sør for Bergen
  • Nordhordlandstunnelen på E39 i Åsane bydel

Dei tre første er kostnadsrekna til mange titals milliardar kroner kvar, det fjerde «berre» 7 milliardar. Fredag om ei veke legg regjeringa fram heile forslaget sitt til Nasjonal transportplan.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Kommunal- og distriktsminister Erling Sande på vegtrafikksent

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) meiner Bergen kommune må ta ansvar og klargjera kvar dei vil bygga bybanen, før staten kan løyva pengar.

Foto: Truls Alnes Antonsen / Truls Alnes Antonsen / NRK

Ministeren: – Usikkerheit om Bybanen

Nygård svarar førebels ikkje på om det ligg pengar til bybanen til Åsane i NTP-forslaget.

Han meiner Bergen kommune må bli «einig med seg sjølv» før staten kan komma med nokre svar.

– Me føreset at Bybanen skal realiserast, men det som har skjedd i Bergen i seinare tid, er at det er skapt usikkerheit om kva slags bybaneprosjekt ein skal realisere, sa Nygård på pressekonferansen.

Det han viser til, er at sjølv om bystyret i fjor vår vedtok bybanetrasé framfor Bryggen, har Høgre-byrådet som overtok makta i byen i haust, varsla ei ny utgreiing av eit tunnelalternativ bak Bryggen.

– Det gjer det litt vanskelegare for staten med tanke på korleis ein skal løysa det, seier Nygård.

Han har uttrykt den same uvissa også i media i fjor haust. At ministeren gjentar dette like før regjeringa presenterer heile NTP-forslaget sitt førstkommande fredag, forsterkar kritikken:

– Det må nesten Bergen ta eit ansvar for sjølv og komma tilbake med, og klargjera, før me kan ha vidare diskusjon om Bybanen.

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) i Bergen

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) seier byrådet er klart for å bygga Bybanen til Åsane, men også vil laga ei ny utgreiing av eit tunnelalternativ.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Byråden: – Me er klare til å bygga

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) meiner ho allereie har klargjort dette. Kahrs skriv til NRK fredag ettermiddag:

– Me har vore tydelege og kommunisert til samferdselsministeren at det ikkje skal stå på Bergen dersom det kjem midlar til bybane til Åsane. Me forventar at regjeringa stiller med 70 prosent finansiering. Noko anna opplever me som eit løftebrot.

Gruppeleiar for Bergen MDG, Thor-Haakon Bakke, som også var byutviklingsbyråd fram til 2022, er blant dei mest kritiske til at det nye byrådet «har sett bybaneutbygginga i spel» ved å gå for ei ny tunnelutgreiing.

– Sitata frå Nygård er nok ei stadfesting av at byrådsleiar Christine Meyer (H) har få dagar på seg til å redda Bybanen til Åsane. Viss ho legg vekk tunnelutgreiinga, blir det bybane.

– Viss ho står på sitt, er risikoen skyhøg for at me aldri får meir bybaneskjener, som er Noregs beste kollektivprosjekt, i byen vår, skriv han til NRK.

Dette reagerer Kahrs på:

– Den påstanden fell på sin eigen absurditet, all den tid sjølv ikkje Rune Bakervik (Arbeidarpartiets byrådsleiar før maktskiftet i fjor, red. mrk.) klarte å få ein avtale med samferdselsministeren i fjor sommar.

Ho legg til:

– Me er klare for å bygga. Tilleggsvurderinga for tunnel har vore etterspurd i dei tre tidlegare kommunevala i Bergen, så me kjem til lytta til dei.

Tertneskrysset etter byggingen av Bybanen til Åsane.

Bybanens linje 3 er planlagd å gå til den folkerike bydelen Åsane nord i Bergen kommune. For å komma dit, må linja gå framfor eller bak Bryggen.

Foto: Bergen kommune

– Byrådet driv dobbeltspel

Ingrid Nergaard Fjeldstad i Bergen Venstre er usikker på kva Kahrs meiner med dette.

– Betyr det at viss ein får pengar frå staten, så kan ein bestemma seg for at ein ikkje vil ha tunnelutgreiing? No må byrådet bestemma seg. Skal byen få ein bybane, så må ein kanskje legge tunnelutgreiinga tilbake i skuffa.

Også Fjeldstad har vore byutviklingsbyråd, fram til maktskiftet der Kahrs overtok i oktober.

– Samferdselsministeren seier at dobbeltspelet byrådet i Bergen har halde på med, ikkje går. Og at det ikkje kjem pengar til Bybanen på grunn av usikkerheita byrådet i Bergen har skapt ved å skulle setta i gang ein ny tunnelutgreiing.

– Altså at det er for seint for Meyer å snu no?

– Eg tolkar det som positivt at Nygård er tydeleg på at bybanen er viktig og skal realiserast, så det må me ta med oss. Og så kastar han ballen tilbake til byrådet som har skapt dette rotet, meiner Fjeldstad.

Stortinget avgjer

Ho viser til – og set si lit til – at det er Stortinget som skal vedta Nasjonal transportplan før sommaren.

– Byrådet har ei tid no til å bestemma seg for å vera tydeleg på Bergens vegner, slik at me i stortingsbehandlinga også kan få pengar til Bybanen.

Ho meiner Vestland både bør få nesten 40 milliardar kroner til Arna–Stanghelle, og sikra bybaneprosjektet, «i éin jafs».

– Ja. Ser ein tilbake i tid på alt Austlandet har fått i NTP, så meiner eg det er eit klart og tydeleg ja.

Ingrid Nergaard Fjeldstad i Bergen Venstre.

– Byrådet må no bestemma seg for bybanetrasé, slik at Stortinget før sommaren kan vedta nasjonal transportplan med pengar til Bybanen, meiner Ingrid Nergaard Fjeldstad i Bergen Venstre.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

E39 sør og nord for Bergen

– Og Hordfast i same slengen?

– Der må me klara å prioritera. No har me fått Arna–Stanghelle, som er viktigare enn Hordfast. Så kan me ta ein framtidig diskusjon om me treng Hordfast, og korleis det er mogleg å realisera det med lågare naturinngrep og klimagassutslepp, meiner Fjeldstad.

Nordhordlandstunnelen blei ikkje nemnt av samferdselsministeren fredag.

– Men me kan framleis ha håp fram til NTP blir lagd fram om ei veke. Tunnelen er viktig, men Bybanen til Åsane ein premiss for den, for å unngå at tunnelen fører til ein massiv vekst i biltrafikken inn til sentrum, seier Fjeldstad.

Også Tom-Christer Nilsen, næringspolitisk leiar i Bergen Næringsråd, er uroleg for dei andre store samferdselsprosjekta i Vestland fylke etter dagens pressekonferanse.

– Det er alltid slik, må eg innrømma, at ein lyttar til det politikarane seier, og kva dei ikkje seier. Det gjer at me blir urolege for prosjekt som Hordfast og Bybanen til Åsane, seier han.

– Dette får me komma tilbake til. I dag er me her for å snakka om Arna-Stanghelle som er eit veldig viktig prosjekt for regionen, seier samferdselsminister Nygård.

Les også Livleg demonstrasjon for Bybanen: – Vi er fleirtalet. Bygg den banen!

Marianne Aanerud i "Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen