Hopp til innhold

Leverte tidenes sesong i fjor, men denne sesongen har ho ikkje gått eit einaste renn

FØRDE/RUHPOLDING (NRK): Førre sesong vart eit eventyr for skiskyttartalentet Karoline Erdal (20), men overtrening i sommar har sett ho på sidelinja sidan september.

Karoline Erdal

TUNGT: Å berre kunne trena 30 til 45 minutt annankvar dag er ein ny kvardag for Karoline Erdal. – Eg har klart å snu dei negative tankane til noko positivt, men det er tøft å sjå lagvenninnene som får prøve seg i verdscupen, seier ho.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– I starten var det tøft og vanskeleg mentalt. Jævlig kjipt rett og slett, seier Karoline Erdal.

Ho sit heime i stova til foreldra i Førde og fortel om korleis kroppen plutseleg sa stopp. Sesongen har blitt heilt annleis enn ho hadde tenkt seg.

For Karoline Erdal vert sett på som eit av dei største skiskyttartalenta i verda. Førre sesong vart ho beste norske i den nasjonale opninga på Sjusjøen, var med på stafettlaget som tok VM-gull for juniorar og EM-sølv på stafett for seniorar.

Denne sesongen skulle det toppast, men slik har det ikkje gått.

Overivrig

Etter eit opphald i treninga i juni grunna sjukdom, gjekk det meste etter planen i sesongoppkøyringa. I august var Erdal saman med rekruttlandslaget på høgdeopphald i Italia, for å legga grunnlaget for ein ny suksessesong. Men kort tid etter at ho kom heim att sa kroppen stopp.

Karoline Erdal

ROLEG: Harde økter på ski har blitt bytta ut med toppturar, korte skiøkter annankvar dag og turar med hunden. – Det har blitt mykje tid på sofaen og framfor TV-en. Men dei turane eg får på ski no nyt eg ekstra mykje, seier Karoline Erdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi fekk god oppfølging i Italia, men eg vart litt for ivrig då eg kom heim. Eg kjende i starten av september at det gjekk litt for tungt på trening og det toppa seg under NM på rulleski i Sirdal i slutten av september. Eg gjekk eitt renn og det var ei grufull kjensle, seier ho.

Då bestemte ho seg for å ta ein pause for å kvila, i håp om at godkjensla skulle kome tilbake. Men så langt har ikkje det skjedd.

– I oktober og november trena eg knapt i det heile tatt. No trenar eg 30 til 45 minutt, annankvar dag. Men eg har fått trena meir på skytinga, så det er jo positivt.

Kvile, kvile og kvile

Erdal skulle i år ha gått junior-VM for siste gong, og no ville ho ha vore blant dei eldste deltakarane i juniorklassen. Alt for to år sidan tok ho individuelt gull i junior VM for ungdom, men med berre seks veker til årets VM er tida i ferd med å renna ut.

Ola Lunde

KAN SKJE: NRK sin skiskyttar-ekspert, Ola Lunde, har fått med seg at Karoline Erdal er sett på sidelinja denne sesongen. – Å gå på litt for hardt om sommaren kan skje alle, men ho er eit kjempe talent, seier Lunde.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Eg tar ting dag for dag, men det ser ikkje lyst ut med tanke på VM i år. Fokuset no er å kome seg tilbake i trening og få med nokre renn denne sesongen, seier Erdal.

NRK sin skiskyttarekspert Ola Lunde meiner Erdal bør sette strek for denne sesongen.

– Når kroppen ikkje fungerer er det ein ting som gjeld. Kvile, kvile og kvile. Ho bør sette strek over denne sesongen og så håpar vi at ho er klar for neste sesong. Ho kan bli ei av verdas aller beste skiskyttarar, seier han.

Karoline Erdal

MOTIVERT: Årets sesong ser ut til å gå i vasken for Karoline Erdal, etter overtrening. – Totalbelastninga vart for stor, men eg har lært av feila eg gjorde. Eg er ekstremt motivert for å kome sterkare tilbake, seier ho.

Foto: Arne Stubhaug / NRK