Hopp til innhold

Karoline Erdal (19) tok EM-sølv

Førde-jenta gjekk første etappe for det norske laget som tok sølvmedalje på mix-stafetten i EM i Polen.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

JUBEL: Karoline Erdal fekk nok ein opptur denne sesongen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er så jævlig bra. Det er så rått, sa Erdal til lagkamerat Fredrik Gjesbakk, etter at han hadde spurtslått Ruslan Tkalenko i kampen om sølvet.

Førdianaren var i rein lukkerus etter stafetten.

– Det kan ikkje beskrivast med ord. Det må opplevast. Dette var nært perfekt av heile laget.

På fredag fekk Erdal beskjeden om at ho skulle gå stafett, men heilt overraska var ho likevel ikkje.

– Eg visste det ville bli tøft å komme på laget, men eg har fått til mange gode løp. Sjølv om eg var skikkeleg nervøs før start, så var dette veldig moro.

– Det meste stemte

Erdal starta med fem blanke treff på den første skytinga på førsteetappen, men på den ståande serien måtte ho bruke to ekstraskot og gjekk ut på den siste runden som nummer åtte. Sisterunden gjekk unna, og ho gjekk seg heilt opp på tredjeplass før veksling, 36 sekund bak Russland som leda stafetten.

– Eg hadde veldig gode ski, og det meste stemte, seier Erdal.

På det norske laget gjekk Marion Rønning Huber, Erlend Bjøntegaard og Fredrik Gjesbakk. Like nervepirrande som å gå sjølve løpet, var det å sjå korleis det gjekk med resten av laget.

– Det var heilt utruleg spennande. Eg sprang rundt løypa og heia, før eg spurta tilbake til mål for å heie enda meir. Berre utruleg kjekt. Ukrainaren var ikkje heilt nøgd då han kom i mål, ler ho.

Stafetten vart vunne av Russland som var i ein klasse for seg, og var over halvminuttet framfor Norge på andre. Ankermann Fredrik Gjesbakk spurtslo Ukraina i kampen om sølvet.

Siktar seg inn mot junior-VM

Det blir nokre rolege dagar for Førde-jenta, før nok eit hardkøyr tek til.

– No skal eg trene fram mot målet i år som er junior-VM. Det blir rolege dagar først, før eg skal jobbe bra fysisk og samle eit overskot til Slovakia.

På måndag blir det heimereise, men først ei god natt med søvn.

– Etter ein sånn dag, så skal eg nok sove godt i natt, seier Erdal.