Hopp til innhold

Karoline (18) var ikkje klar over kor suveren ho var

Karoline Erdal frå Førde var suveren både i løypa og på standplass. Slikt gir VM-gull. – Det er heilt fantastisk. Eg trur ikkje det har gått opp for meg, jublar 18-åringen.

Dobbelt norsk i junior-VM

SUVEREN: Først under medaljeseremonien i morgon får Karoline Erdal (i midten) VM-gullet rundt halsen. – Det å ta eit individuelt junior VM-gull er det største eg har opplevd og noko eg må ta med meg i resten av karrieren, seier ho.

Foto: Norges Skiskytterforbund

(Artikkelen er oppdatert med bilete frå medaljeseremonien)

Førde-jenta skaut ein bom på dagens sprint i ungdomsklassen i junior-VM i skiskyting.

Det var likevel nok til å vinne med 28,5 sekunds margin til landslagskollega Emilie Ågheim Kalkenberg på sølvplass.

– Det er ganske vilt. Det har vore eit mål lenge, og det å faktisk klare det er ei heilt fantastisk kjensle, fortel Karoline Erdal.

Nervepirrande

Karoline Erdal

ØVST: – Eg og støtteapparatet har lagt ned mange timar og tatt mange tøffe avgjerder. Det er godt å sjå at det lønner seg, seier Karoline Erdal.

Foto: Eivin Rundberg / NTG Geilo

NRK snakkar med 18-åringen etter både jubelscener, blomeseremoni – og den rutinemessige dopingkontrollen. Det har gått nokre timar, men 18-åringen er likevel usikker på om bragda har gått heilt opp for henne.

Sunnfjordjenta gjekk ut som nummer to, men kom først i mål. Og i morgon står ho øvst på pallen under medaljeseremonien.

– Det var veldig nervepirrande å stå i målområdet og følgje med på korleis det ville gå. Det gjekk sikkert 40 minuttar, men tida gjekk eigentleg ganske fort, seier ho.

Trenaren var sikker

– Andre fortalde meg at eg hadde gått eit sterkt løp, og at det ville halde til pallplass. Det gjorde meg overlukkeleg. Så stod eg der, øvst på blomeseremonien. Det var ei god kjensle, seier ho.

Gullet overraskar ikkje trenar Eivin Rundberg.

Emilie Ågheim Kalkenberg og Karoline Erdal

DOBBELT: Norge tok både gull og sølv i ungdomsklassa på sprinten. Biletet av Emilie Ågheim Kalkenberg (f.v.) og Karoline Erdal vart tatt etter medaljeseremonien laurdag.

Foto: Norges Skiskytterforbund

– Det var magekjensla mi i dag tidleg. Med sjetteplassen på normalprogrammet, sjølv med nokre bom, så viste ho at ho har det som skal til for å vinne. Eg trur også ho var lysten på noko meir, seier han.

Mista magasinet

Rundberg er imponert over løpet. Etter liggande skyting mista Erdal magasinet og måtte få eit nytt frå arrangøren til den ståande serien.

Der kom den eine bommen.

– Løpet er veldig sterkt. Ho er i kjempeform. I tillegg taklar ho skytinga i den situasjonen, med magasinet og settingen å vere i eit junior-VM. Det viser at Karoline er blitt endå nokre hakk råare. Ho har opparbeidd mental styrke og tryggleik, seier han.

– Kor langt kan ho nå?

Karoline Erdal

ENDELEG: Stolt Karoline Erdal med gullmedaljen kring halsen.

Foto: Norges Skiskytterforbund.

– Så langt ho ynskjer. Karoline er ein leiarfigur og skikkeleg god lagspelar i treningsmiljøet. Det nyttar både ho og andre godt av. Det handlar om å halde fram med den kvalitet og mengde som no.

Går for medalje

Etter kviledagen laurdag, er det jaktstart søndag.

– Eg gler meg veldig til å gå først ut. Det er ei fin moglegheit til å få teste seg litt psykisk, seier Erdal.

– Trur du det held heilt inn?

– Eg veit eg er god nok, men det er mange gode og sterke konkurrentar bak. Gjer eg alt rett og er nøgd med løpet, så tek eg det eg får,

Trenar Rundberg trur på medalje.

– No blir det evaluering i dag og kvile i morgon. Så kan ein byrje å nullstille seg og planlegge jaktstarten. Alt er mogleg, seier han.