Hopp til innhold

Karoline med på stafettgull i VM

Karoline Erdal frå Førde gjekk på det norske laget som i dag tok gull på stafett i junior-VM i skiskyting i Brezno-Osrblie.

Karoline Erdal under jaktstarten i junior-VM 2017

GULLJENTA: Karoline Erdal var med på å sikre Norge gull på stafetten i junior-VM.

Foto: Rene Miko / Norges Skiskytterforbund

– Eg er svært nøgd. Det har vore ein bra dag og ein bra etappe, så det var morosamt, seier den nybakte gullvinnaren.

Førde-jenta gjekk andre etappe. Då ho overtok etter Hilde Eide låg Norge på fjerdeplassen. Karoline gjekk Norge i leiinga, 18,3 sekund føre Austerrike. Ho brukte to ekstraskot.

– Ting fungerte og eg var i ein offensiv posisjon i dag, og det unytta eg. Eg klarte meg med to ekstraskot, og då klarte eg å halde ei lite luke ut på sisterunden. Så det var morosamt, seier Erdal

På ankeretappen sikra Ingrid Landmark Tandrevold gullet og kom i mål 16,5 sekund før lag nummer to, som vart Tyskland. Russland tok bronsemedaljen. Dei norske jentene brukte til saman åtte ekstraskot, men unngjekk strafferundar.

Bra for motivasjonen

I den individuelle delen av meisterskapen vart det litt stong ut for Kaoline Erdal, som før stafetten tysdag berre kunne vise til 5.-, 7.- og 21.-plass i junior-VM i skiskyting.

– Dette gir motivasjon, og etter litt stong ut i den individuelle delen var det morosamt å få til dette med laget. Det var rett og slett kult, seier Erdal.

– Kva blir no det neste målet for deg?

– Eg veit ikkje kva eg skal seie. Junior- VM var målet, så no vert det vel dei konkurransane eg skal stille i resten av sesongen.

Framover er det både noregscup i Os 9.–12 mars og IBU-cup i Otepää 7- 12 mars.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal delta i enno, seier Erdal.