Snøen glitrar på fjelltoppane i haustsola. For dei mest ivrige betyr det at skisesongen er i gang.
– Det var veldig, flott! Heilt utruleg flotte fargar, mjuk fin ny snø, og tinderekka stakk opp bak. Det var heilt fantastisk.
Gunnar Hæreid tok årets første skitur på nysnø sist laurdag.
Gunnar Hæreid har gått på ski kvar månad i 95 månadar.
Foto: Gunnar HæreidI fjellområdet Hurrungane i Jotunheimen var det mellom 10 og 30 centimeter med nysnø på turen som gjekk frå 1200 til 1400 meter over havet.
– Du må passe på å gå der det er litt mjukt underlag. Unngå der det er steinete, seier den erfarne skientusiasten.
Sol og opphald
Vi er på veg inn i ein periode med meir høgtrykksvêr i heile Sør-Noreg, fortel statsmeteorolog Julie Vågane.
– Det blir gode periodar med sol og opphaldsvêr, meir enn vi har hatt i det siste.
Med høgtrykket følger også litt lågare temperaturar, noko som er viktig for at snøen skal halde seg i høgfjellet.
Det er venta snø i deler av Møre og Romsdal og Trøndelag.
Foto: Skjemdump, Varsom.noFor delar av Møre og Romsdal og Trøndelag er det derimot sendt ut gult varsel for snø i fjella frå 600 høgdemeter og oppover.
Også i nord er det venta snø frå 200–400 meter i løpet av dagen, skriv yr.no på Twitter.
95 månadar med ski
For Hæreid har skisesongen allereie pågått lenge.
Oktober er den 95. månaden på rad han har gått på ski.
Det starta med at han skulle finne ut om det let seg gjere å gå på ski i august og september, når det er minst snø.
Etter det har han ikkje slutta.
– September blir det ofte at eg brukar loppisskia mine som eg kjøpte for 50 kroner, så det er ikkje så farleg, seier han.
For Gunnar Hæreid gjekk årets første skitur på nysnø mot Austabotntind i Hurrungane.
Foto: Gunnar Hæreid