Riksrevisjonen: Jordbruket langt frå å nå klimamåla sine
Riksrevisjonen har evaluert intensjonsavtalen mellom staten og jordbruket, og konkluderer med at målet ikkje er innanfor rekkevidd.
– Ingenting tyder på at det er mogleg for jordbruket å få til store utsleppskutt innan 2030, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Han karakteriserer avtalen som «urealistisk» og prega av «uklare ansvarsforhold». I klimameldinga varslar regjeringa ei mogleg reforhandling av klimaavtalen med jordbruksorganisasjonane.
– Då må partane sette meir realistiske mål og ta reelle vegval, slik at Landbruks- og matdepartementet faktisk kan styre etter dei, seier Schjøtt-Pedersen.