Anders (26) såg livet sitt gå opp i røyk
– Vi har fått eit sterkare samhald

Valet

Anders Gåsemyr (26) og lærarstudent Julia Riise (23) hadde nyleg flytta saman, og byrja å drøyme om nytt hus, familie og dyr på garden.

Så opplevde dei marerittet.

Ein mørk oktober

Fredag 7. oktober 2022 gjekk alarmen i den vesle bygda Byrkjelo i Vestland.

Kvelden verka normal heilt til mobilen byrja å ule.

– Vi hadde hatt service den dagen, så eg trudde først det var falsk alarm, men når eg tok i døra til fjøsen, var ho glovarm.

Anders Gåsemyr

Panikken spreidde seg i takt med flammane.

Den mørke oktoberkvelden vart lyst opp av eit inferno, der over hundre dyr kjempa for livet.

– Eg kom ut og det første som trefte meg var lukta. Det var panikk og folk ropte for å finne ut kvar vi var.

Julia Riise

Fjøsen som vart rusta opp i 2017 og husar 180 storfe, stod etter kort tid i full fyr.

Heile bygda samla seg og klarte å berge 35 dyr.

Men ikkje alle var like heldige.

– Det første eg tenkte var at vi skulle sløkke brannen, men når du innser at det ikkje går, så kjem det tusen tankar i hovudet.

Den natta blir Anders, Julia og familien innlosjert på hotell.

Blant dei mange tankane er det særleg éin som tar mykje plass når Anders legg hovudet på puta.

Jord eller luft

Etter å ha sett livsverket sitt gå opp i røyk, står Anders i ein situasjon han aldri hadde førespegla seg.

Skal han halde fram som bonde med alle pliktene det inneber, eller skal han bli ein heilt vanleg «fri» 26-åring.

– Eg hugsar folk sa til deg at no har du sjansen, og at du må tenke deg nøye om.

Julia Riise

For det er ikkje mange unge bønder i Noreg i dag. Snittalderen på bønder har auka til 53 år.

Anders visste innerst inne kva han hadde lyst til, men eit normalt liv freista for det unge paret i 20-åra.

– Ein må ofre ein del som bonde. Det er ikkje den same fridommen som ein vanleg arbeidar.

Etter å ha trakka i brannruinane i fleire dagar tok Anders valet.

Opp av oska

Anders bretta opp ermene.

Berre drygt eit år etter storbrannen stod den nye fjøsen klar.

I sin nye heim har Anders og kyrne som overlevde fått smilet tilbake.

Anders rettar ein stor takk til eitt menneske for det.

Ein person som har vore tolmodig og støtta han heile vegen.

– Det hadde ikkje gått utan Julia.

Anders Gåsemyr

Ny start

Over 500 personar møtte opp då Anders viste fram den nye fjøsen.

– Kan eg vere med å inspirere unge til å bli bonde, så hadde det vore supert.

Anders Gåsemyr

I ein splitter ny fjøs på Vestlandet har Anders tatt eit livsval, han vil vise at ein kan få det til som ung bonde i Noreg.

– Det har vore mykje negativt rundt landbruket, det må vi prøve å snu.

Anders Gåsemyr
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal