Hopp til innhold

Bondelagsleiar trekker frukostinvitasjon i protest

Regjeringa har fått fleirtal for ein ny landbrukspolitikk som får bøndene til å rase. Dei er ikkje nøgd med regjeringa sin nye måte å rekne ut løn til bøndene.

– Dette er eit mageplask. Vi hadde invitert stortingsrepresentantar på frukost den 17. april, men no har vi sagt at det ikkje blir frukost. Utan auka inntekt blir det ikkje mat, seier bondelagsleiar i Vestland Gry Ingvild Agjeld.

Bøndene hadde planlagt å sørge for frukost utanfor Stortinget på 17. mai då forhandlingane om jordbruksoppgjeret skal vere ferdig til nasjonaldagen.