Hopp til innhold

Politiet uroa: 41 brannar i hjullastarar sidan 2015

Politiet meiner 41 brannar dei siste åra kan knytast til Avant hjullastarar. Produsenten varslar full gjennomgang og tryggleikssjekk for kundane.

Utbrent kompaktlastar i Gloppen

Politiets eigne bilete av den utbrente hjullastaren, etter brannen på Byrkjelo i Gloppen i oktober i fjor.

Foto: Politiet

Oktober 2022.

På Byrkjelo i Gloppen kommune i Vestland oppstår ein storbrann i eit fjøs med 200 dyr – 100 av dei misser livet.

Ein brann der politiet raskt kunne fastslå brannårsaka: Det vart observert at brannen starta i ein kompaktlastar frå den finske produsenten Avant, før den spreidde seg til resten av bygningsmassen.

brann Gloppen

Det var 200 dyr i fjøset då brannen på Byrkjelo starta, 100 av dei døde.

Foto: Wilhelmine Ravnestad Sanne-Gundersen

Ein kompaktlastar er ein liten hjullastar som mellom anna blir brukt av bonden til å frakte for.

Avant 640 - modellen som ble brukt i Gloppen

Avant har seld rundt 5000 kompaktlastarar i Noreg. Det er Felleskjøpet som importerer og sel maskinene.

Foto: Felleskjøpet/Avant

Dette skulle bli starten på ei meir omfattande kartlegging av andre brannhendingar som på ein eller annan måte kan knytast til Avant.

  • Sidan 2015 er det registrert 41 større og mindre brannhendingar i ulike modellar av Avant.
  • I fire av sakene meiner politiet brannen i kompaktlastaren har ført til gardsbrannar, det vil seie at brannen spreidde seg til fjøs eller i driftsbygning.
  • Dei større brannane har teke livet av til saman 290 dyr.
  • Gjennomgåande har opphavet til brannane vore i det elektriske anlegget i køyretøyet, ifølge politiet.

Politiet legg ikkje skjul på at dei meiner talet er urovekkande høgt.

– Den eldste saka er tilbake til 2015. Det er snakk om mange saker på få år, seier politioverbetjent i Vest politidistrikt, Jan Bjarte Skrøppa.

Jan Bjarte Skrøppa, Vest politidistrikt

Politioverbetjent Jan Bjarte Skrøppa har kartlagt hendingar knytt til kompaktlastarar frå Avant.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei siste månadene har også forsikringsbransjen blitt kopla på.

– Dette bekymrar oss. Det er viktig å lære av hendingar og ta naudsynte grep for å førebygge brannar, seier avdelingsdirektør Hildegunn Bjerke i Finans Norge.

I tilfelle der brannen har spreidd seg, har hjullastaren vore parkert etter å ha vore i bruk få timar før. Dei mindre brannane har oppstått i situasjonar både når maskinene har vore i bruk og stått i ro.

Politiet presiserer at talet på brannar kan vere fleire enn dei 41 tilfella som ligg i materialet.

Bakgrunnen er at fleire brannar i driftsbygningar dei siste åra ikkje har blitt undersøkte. I tillegg har det vore vanskeleg å få oversikt over dei mindre brannane fordi ein del saker ikkje har blitt meldt inn til politiet.

Tok fyr i fjøset

Ei av hendingane som politiet har ført opp i statistikken er ein større fjøsbrann i Guddal i Fjaler kommune i 2020.

I løpet av kort tid var bygningsmassen overtent. Brannvesenet meiner stor innsats frå naboar med gyllevogner hindra at hus i nærleiken tok fyr.

I tillegg klarte gardseigaren, Håkon Langeland, så vidt å få ut dei 34 dyra som stod i fjøset.

Bonde i Guddal

Håkon Langeland klarte så vidt å berge dyra frå brannen som oppstod i 2020. Politiet trur brannen starta i kompaktlastaren.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Brannen starta like etter at han fekk ein kompis på besøk. Kompaktlastaren stod i eit rom rett ved hovudrommet i fjøset.

– Vi stod ute og prata, så plutseleg høyrde vi ein rar lyd. Eg snudde meg dit lyden kom frå, som var bak fjøset. Då sprang eg opp, fordi eg såg at det flimra. Når eg kom opp så høyrde eg ein freselyd. Eg har ein Avant som gjekk på gass. Då tenkte eg at dit skal eg ikkje inn. Eg skjønte at det var full fyr der.

Det vart aldri observert at brannen starta i kompaktlastaren, men politiet meiner likevel det er ein samanheng.

Han var i bruk rett før, og stod i eit område av driftsbygninga der brannen starta.

Sjølve kompaktlastaren var så utbrent at det ikkje var råd å gjennomføre ei full teknisk undersøking.

Utbrent kompaktlastar i Guddal

Politiets eigne bilete viser at kompaktlastaren i Guddal var heilt utbrent. Det var ikkje mogleg å utføre tekniske undersøkingar på den.

Foto: Politiet

Bonden seier han alltid har vore nøye med å skru av hovudstraumsbrytaren når kompaktlastaren ikkje er i bruk. Likevel trur han brannen kan ha starta i det elektriske anlegget eller fordi støv, gras og skitt har lagt seg på motoren.

Avant: – Urovekkande

Felleskjøpet importerer og sel Avant kompaktlastarar i Noreg, nærare bestemt 5.000 sidan maskina kom på marknaden i Noreg.

Avant skriv i ein e-post at talet på hendingar er «særs urovekkande», men seier det er vanskeleg å seie nøyaktig kva som har skjedd i kvar enkelt sak fordi dei ofte manglar sentrale opplysningar som serienummer og produksjonsår.

Avant har sjølv gjort undersøkingar på andre kompaktlastarar som har vore involverte i ulike hendingar, som har «gitt oss mykje innsikt i kva vi bør forbetre og sjå etter», skriv administrerande direktør i Avant, Jani Käkelä.

– Vi er samd i at dei fleste tilfella er knytt til det elektriske systemet til lastaren. Elektriske systemrelaterte delar aleine, eller kombinert med skitt og rusk, kan skape ein situasjon der brann kan starte.

Jani Käkelä, adm.dir, Avant

Jani Käkelä er administrerande direktør i Avant, som har hovudkontor i Finland.

Foto: Avant

Han seier det har vore langt fleire hendingar i Noreg enn i andre land dei siste åra.

Jani Käkelä meiner det skuldast at kompaktlastarane her i langt større grad har blitt brukt i i eit lukka gardsmiljø med tung luft, skitt og lort.

Selskapet vil tilby ein tryggleikssjekk, gjennom Felleskjøpet, kor det elektriske leidningsnettet til Avant-lastarar i ein bestemt alder skal undersøkast.

Tryggleikssjekken kjem til å bli gratis for kundane, og flest mogleg blir oppfordra til å delta.

– Mange av forbetringane vi har funne kan vi overføre til eksisterande lastarar gjennom tryggleikskontrollen.

I tillegg blir så mange som mogleg oppfordra til å halde dei indre delane av maskina reine, og alltid hugse å slå av hovudstraumsbrytaren.

Tidlegare hendingar

Allereie i 2017 hadde Felleskjøpet ein tilsvarande kampanje, etter at kompaktlastarar var involvert i to brannar. Men responsen var heller laber, seier Felleskjøpet i dag.

– Vi ser i våre system at mange ikkje har utført den tryggleikssjekken, seier kommunikasjonsrådgivar Sigbjørn Vedeld.

Mange av hendingane som politiet no har registrert, har skjedd etter 2017.

Fjøsbrann

Brannen i Guddal er ein av fleire hendingar som skjedde etter den førre tryggleikskampanjen frå Felleskjøpet.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Med den nye kampanjen håper Felleskjøpet at fleire vil utføre ein tryggleikssjekk.

– Dette er spesielt viktig på eldre modellar frå før 2018. Tryggleikssjekken går blant anna ut på ein kontroll av leidningsnettet i maskina, noko som inneber å sjekke innfestning og plassering av leidningar, gjennomføring og isolasjon på kablar, skriv teknisk sjef Helge Malum i Felleskjøpet Agri på selskapet si heimeside.